Folkemusikk logo
Logo

Fredagspraten med Gro Marie Svidal

Tysdag denne veka disputerte Gro Marie Svidal ved Noregs musikkhøgskule. Ho er den første utøvaren på hardingfele som har tatt doktorgrad i kunstnarisk utviklingsarbeid. I arbeidet jobba ho med korleis ein med utgangspunkt i førespel kan jobbe fram improvisasjonsmetodar som byggjer på materiale, arbeidsmåtar og tankesett derfrå.

Gro Marie Svidal disputerte tidlegare denne veka. Foto: Roger Andre Vie Hansen

Gro Marie Svidal disputerte tidlegare denne veka. Foto: Roger Andre Vie Hansen

Tekst: Johanne Flottorp

Oktober månad har vore ganske intens, fortel Gro Marie Svidal. I tillegg til å førebu og gjennomføre disputasen, har ho også skrive manus og laga musikk til ei ny forestilling som hadde premiere på Osafestivalen førre helg. Berre to dagar etter premiera hadde ho altså disputas.

– Korleis var det å disputere?

– Presentasjonen styrer ein jo sjølv, men i samtalen etterpå veit ein jo ikkje kva spørsmål ein får. Eg var kjempespent og sov så dårleg natta før. Erfaringa mi er at hjernen jobbar saktare då, så eg var litt spent på det. Men først og fremst førte det til at eg plutseleg blei emosjonell og at tårene trilla, fortel Gro Marie og utdjuper at dette var mot slutten, då ho snakka om kva folkemusikken betyr for henne.

– Eit heilt liv samla seg då. Og eg er så glad i denne musikken! Veldig mange sa i forkant at eg måtte nyte denne dagen, og det prøvde eg å gjere. Det kan ikkje samanliknast heilt med bryllaup og slikt, men det er eit stort fokus på berre deg og alle vil gje deg så mykje varme. Så det var ein fin sermoni, og ein fin måte å markere at eit stort og langvarig arbeid er avrunda.

Som utøvar finn Gro Marie det handverksmessige veldig interessant. I arbeidet med improvisasjonane sine, har ho strekt seg frå dei korte, tradisjonelle førespela og langt utover i lengde.

– Viss eg vil strekke improvisasjonane mine lengre ut i tid, i 10, 20, kanskje 30 minutt, då må eg ha fleire reiskap for å skape dramaturgi og formutvikling. Eg har fått mange gode impulsar og idear av folk som spelar, både folkemusikk, men også andre sjangar. Og eg har hatt stor glede av å snakke med komponistar om korleis dei tenker forløp. Så har eg prøvd å jobbe det fram medan eg improviserer, fortel ho.

Ho har også jobba med utvida teknikkar og preparering av hardingfela, då ho ser på det som ei naturleg forlenging av det å stemme og å varme opp instrumentet.

Gro Marie bur i Sverige, og der er det haustferie denne veka. Men på måndag er ho tilbake på kontoret og ser framover mot nye prosjekt og planar.

– I første omgang skal eg tilbake til å jobbe frilans. Men ein doktorgrad gjev nye moglegheiter som eg ikkje har hatt før. Så det vil vere mogleg for meg å jobbe vidare innan forsking, og i Sverige finst det mange ordningar ein kan søkje på. I tillegg skal eg ut og spele med prosjektet eg hadde premiere på under Osafestivalen, og så har eg også litt idear til ting eg vil bidra med lokalt her. Så det er mange ting som ligg og ulmar, seier ho.

Gro Marie Svidal på Landskappleiken 2024. Foto: Ole Johs Brye

Gro Marie Svidal på Landskappleiken 2024. Foto: Ole Johs Brye

Namn: Gro Marie Svidal

Fødd: 1980

Kjem frå: Jølster

Bur i: Värmland

Yrke: Musikar på hardingfele

 

Kvifor spelar du?

Det er samansett kva som gjer at eg spelar. Det er musikken i seg sjølv som eg er veldig, veldig glad i. Så er det vennskapet med fela, kontakten med instrumentet. Og så er det store augeblikk ein har hatt i samband med at ein spelar, gode opplevingar på kappleikar, festivalar, vennskap og miljø. Det er ein stor pakke og mange ting som gjer at ein trivst med fela.

Eg har spelt sidan eg var fem år og vore i dette miljøet sidan eg var nyfødd, og då blir det ein del av identiteten.

Kva var den siste konserten du var på som publikummar?

Det var nok i samband med at eg sjølv var på ein spelejobb under Oslo kulturnatt på Sentralen i Oslo. Då hadde Dextra liggekonsertar i heile huset, og der spelte eg med Anne Hytta, som også er stipendiat ved Musikkhøgskulen, i eit prosjekt med ho, Håkon Høgemo, Sivert Holmen og Sindre Tronrud. Vi skulle også spele nokre sett solo. Då fekk eg med meg Siverts solosett, før eg etterpå berre jobba og jobba fram mot alt som skjedde i oktober.

Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?

Oi, hjelp. Det ville kanskje blitt ei solo hardingfele-plate. Eg høyrde veldig mykje på Lars Skjervheim i slutten av tenåra, så kanskje eg ville gått tilbake til Heimlengt.

Nemn ei av dei største folkemusikkopplevingane du har hatt.

Eit veldig sterkt minne, er frå C-klassa under Landskappleiken på Ål, eg trur det var i 1997. Å få spele, og å oppleve at ein når ut til eit publikum på ein eller anna måte.

På Landskappleiken der hadde eg førebudd meg så grundig. Eg var blitt henta på øvingsrommet og sat klar, men plutseleg blei det ein pause i tevlinga. Då skjedde det noko i meg, noko eg ikkje var førebudd på. Då eg endeleg kom på scena, hadde eg ei kjensle av at spelet bare gjekk av seg sjølv. Det har eg opplevd seinare også, at det kjem ei slags forstyrring som snur tilnærminga på det ein skal spele, som gjer at spelet blir annleis.

Kva skal til for å få fleire til å bli interessert i folkemusikk og folkedans?

Vi er vel dei beste ambassadørane for musikken vår. Vi må viser kor glade i vi er i musikken og dansen, og at vi inkluderer og tek imot nye som finn vegen inn og møter dei med opne armar. Eg tenkjer vi må vere rause mot dei som kjem inn og dreg ting i ei anna retning. Vi må la dei få lov til det.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024