Folkemusikk logo
Logo

Tre gratis arbeidsopphald for folkemusikarar i Nordherad

Kulturhuset i Nordherad i Vågå lyser no ut tre gratis arbeidsopphald for folkemusikarar i 2026. Målet er å gi tid og rom til fordjuping i eige materiale – i rolege og inspirerande omgjevnader.

Mette og Vegar Vårdal

Mette og Vegar Vårdal og har bygd sitt eige kulturhus i hagen i Nordherad i Vågå. No kan folkemusikarar søkje om å få eit gratis opphald der. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

– Vi ser at mange har det travelt, det er mykje som skjer og mange tidsfristar. Det er sjølvsagt bra at folkemusikarar er etterspurde, men av og til treng ein tid til å fordjupe seg og utvikle eige materiale. Vi vil gjerne vere med og leggje til rette for det, seier eigarane av Kulturhuset i Nordherad, Mette og Vegar Vårdal.

Arbeidsopphaldet er gratis, men føreset at ein blir minst fem dagar. Huset ligg i det vakre kulturlandskapet i Nordherad, med utsikt mot Jotunheimen og fine turmoglegheiter rett utanfor døra.

Kulturhuset rommar to soverom (eit med dobbeltseng og eit med enkeltseng), kjøkken, bad, kontor og eit stort musikkrom med både piano og trøorgel. Det er mogleg å kome åleine, som par eller som gruppe – og om det er behov for fleire rom, kan det avtalast.

– Arbeidsro er viktig for oss, og dei som kjem får heile huset for seg sjølve. Men huset ligg i hagen vår, så det kan godt hende vi tek ein kaffipause saman og løyser nokre verdsproblem når det passar, foreslår ekteparet.

Søknadsfristen er 1. desember 2025.
Send ein kort søknad til post@kultivator.no med informasjon om kven du er, kva du vil jobbe med, kor mange soverom du treng og når du ønskjer opphaldet.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024