Folkemusikk logo
Logo

Skøyteløparen som kom som eit mildvêr inn i folkemusikken

Det var stappfullt i Flesberg samfunnshus 11. oktober då Numedal Spel- og Dansarlag arrangerte minne- og heiderskonsert for den dobbelte spellemannprisvinnaren Per Midtstigen.

Rørt: Ei rørt Målfrid Blindheim tok imot ei eigenprodusert sjøfløyte frå Sverre Heimdal.

Tekst og foto: Bjørn Karsrud.

Tradisjonsberaren og folkemusikkvennen Per Midtstigen voks opp på Hamar, men hadde slekta si i Numedal. Han var den komplette folkemusikkutøvaren som trakterte dei fleste instrument, og som i tillegg var ein framifrå dansar. I 1985 vann han og kona Målfrid Blindheim dans hardingfele klasse A. Men det var durspel og sjøfløyte som var hovudinstrumenta. Midstigen er særleg kjend for å ha revitalisert tradisjonsmusikken på sjøfløyte og for å ha bidrege til å gjera Numedal til eit kjerneområde for fløytespel.

– Dette skal vera ein konsert i Per si ånd, sa leiar i laget, Kristin Baalerud. Og det vart det. Felles for utøvarane var at dei alle hadde hatt med Per å gjera i folkemusikksamanheng.

Jon Tharaldsen opna det heile med å spela låtten «Fangen» på munnspel, eit val han gjorde fordi hovudpersonen til slutt vart ein fange av sin eigen sjukdom.

Hans Fredrik Jacobsen på fløyte og Tone Hulbækmo med harpe, lyre og vokal var neste innslag. Jacobsen fortalde korleis han vart introdusert for sjøfløyta av Per Midtstigen.

– Pers sjøfløyte hadde ein annan klang enn tussefløyta, ein mystisk og luftig tone. Det var ei stor oppleving, sa Jacobsen. Dei bidrog med salmetone, mellomalderballade og ei tøyseregle av Prøysen.

Svingom: Numedalsspringar vart det også, utført av Asgeir Blaavarp Heimdal og Hege Weseth t. h. og Kjersti og Svein Aasen t. v.

Hege Weseth og Asgeir Blaavarp Heimdal svinga seg forfriskande gjennom ein numedalsspringar før barndomskameraten Arne Møller slapp til. Han fortalde at Per opphaveleg spelte piano og trekkspel, men at det var landskappleiken i 1974 som gjorde at han for alvor vart biten av folkemusikkbasillen. Møller, som spelte toradar i eit innslag supplert med svenske Michael Müller på fele, fortalde at Per til deira felles 60-årsfeiring hadde komponert schottisen med det grensesprengande namnet «For unionen».

For arrangøren var det ekstra hyggeleg at heile Pers familie hadde teke vegen til Flesberg. Både kona Målfrid, to døtrer, to søner og fleire barnebarn følgde med frå fyrste rad. Spesielt hyggeleg var det at eine dottera, Ingri Midtstigen, var ein av kveldens aktørar. Ho song «Bygdevise frå Flesberg» og var også ein del av eit trekløver saman med Åshild Wetterhus og Birgit Kollandsrud Friis med song, kraviklyre og sjøfløyte.

Even Tråen karakteriserte Per Midtstigen som ein kar som kunne sjå det store i det små, og som var logn, blid og velmeint.

– Ein gong i februar såg eg det draup frå taket. Då fekk eg inspirasjon til å laga springaren «Tøyr», som tyder mildvêr. Det passar på Per. Han kom inn i folkemusikken som eit mildvêr, sa Tråen, som også trødde til med den sjølvkomponerte hardingfelespringaren «40,1 på Savalen» og dermed minte oss om Midtstigens skøyteløparkarriere.

Hardingfele og skøyter: Programleiar Sverre Heimdal stod for eit muntert innslag då han kom inn på scena med karakteristisk skøytelue og Ballangrud-skøyter, akkompagnert av Skøyteløpervalsen. Even Tråen sit klar med hardingfela.

Pål Bratås og Bård-Vegard Bjørhusdal stod for eit forfriskande innslag med reinlender og hamborgar på toradar og hardingfele.

Eit anna høgdepunkt var historiene og framføringane til trekløveret Ånon Egeland, Tellef Kvifte og Leiv Solberg, assistert av Steinar Ofsdal med fløytespel og helsing på video.

Fantastisk musikk: Trekløveret Leiv Solberg, Ånon Egeland og Tellef Kvifte varta opp med fantastisk musikk og gode historier.

I 1977 fekk tospannet Per Midtstigen og Ånon Egeland Spellemannprisen for plata I heitaste slåtten.

– Det var eit møte mellom to spelesugne karar, sa Ånon Egeland.

Dei fekk prisen i beste sendetid på NRK. Klippet med framføringa og eit forvitneleg Rolf Wesenlund-intervju ligg ute på NRK.

– Dette var ein heilt ny måte å arrangere folkemusikk på, sa Tellef Kvifte. Trekløveret forklarte korleis dei eksperimenterte med å kombinere bass, gitar, fløyte og hardingfele, og om minnerike turar til Vilnius, Sverige og Ungarn.

Det var mange som ville heidre Per denne kvelden. 87-årige Einar Eimhjellen var ein av dei. Han hadde køyrt heile 40 mil frå Naustdal for å framføre slåtten «Einar», ein slått Per Midstigen hadde komponert til Einar ved markeringa av eit rundt år.

Milevis med munnspel: Veteranen Einar Eimhjellen (87) hadde reist 40 mil for å heidre Per Midtstigen med munnspeltonar.

Håvard Kjøntvedt avslutta med «Reinlender etter Per Midtstigen», før programleiar Sverre Heimdal overraska heile forsamlinga med å overrekke ei eigenprodusert sjøfløyte til Målfrid Blindheim, laga av ein apal Per hadde hogge ned på Midtstigen.

– Dette er heilt fantastisk, eg er mållaus, sa ei rørt Målfrid Blindheim då ho vart kalla opp på scenen.

Det lokale spelemannslaget batt konsertkvelden saman med både opningsnummer og avslutningsnummer – ein kveld som vart ei verdig minnemarkering av ein stor spelemann som nok har betydd meir for folkemusikken enn mange er klar over.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024