Folkemusikk logo
Logo

- Desto artigare å få prisen

Trøndersk folkemusikkpris vart tildelt Gjermund Larsen i samband med urpremieren på tingingsverket LØFT.

Gjermund Larsen fekk ein gjæv folkemusikkpris på Hilmar-festivalen i går.

Tekst og foto: Jostein Aardal

- Takk. Dette var frykteleg uventa, men desto artigare. Det er utruleg stor ære og stor stas å få prisen. Veggen på kontoret mitt har stått tom i fem år inntil vi for nokre dagar sidan begynte å henge opp nokre plakatar og diplomar. Dette får kremplassen der, sa Larsen blant anna då han takka for folkemusikkprisen.

Prisen vart utdelt av Linda Loktu som erstyreleiar i Trøndelag folkemusikklag.

Ifølge kriteriane kan prisen skal gå til ein utøver som har gjort ein ekstraordinær innsats for trøndersk folkemusikk, i sitt tradisjonsområde eller på tvers av tradisjonsområda i Trøndelag.

Prisen kan også gå ein utøvar som legg særleg vekt på innsamling og formidling av trøndersk folkemusikk, og/eller ein komponist som skaper ny musikk i tradisjonell stil.

Eller til ein utøvar som går nye vegar for tradisjonsmusikken i eit samarbeid med nye stilartar.

- Nokre gonger, som i kveld, går prisen til ein som oppfyller alle kriteria. Merittlista er lenger enn eit uår, produksjonslista likeså, konstaterte Loktu - utan å gå nærmare inn på alt Gjermund Larsen har gjort. For det velkjent for dei fleste.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024