Tingingsverket LØFT med Gjermund Larsen som komponist og solist saman med KORK framsto på mange vis eit stort løft då det vart urframført under Hilmarfestivalen torsdag kveld.
God kontakt mellom KORK-dirigent Johannes Gustavsson og komponist/solist Gjermund Larsen.
Tekst og foto: Jostein Aardal
Verket vart svært godt motteke av eit talrikt publikum i storsalen i Steinkjer kulturhus. Utøvarane i konserten med fleire innslag vart under vegs vart stadig honorert med trampeklapp.
Ein topp inspirert dirigent, svenske Johannes Gustavsson, løfta utøvarane i Kringkastingsorsteret som også tydeleg koste seg underkonserten.
Det toppa seg i sluttsekvensen då rundt tjue unge felespelarar frå Verdal, Levanger og Steinkjer slutta seg til KORK og solist Gjermund Larsen.
Det vart litt av eit løft då de kom ein heil skokk frå Verdal juniorspelemannslag og elevar frå Levanger og frå Steinkjer kulturskole som utøvarar i tingingsverket LØFT. Det heile vart avslutta med bånsull etter Hilmar og til slutt ein vals.
Unge og eldre både på scene og i sal var tydeleg stolte og glade over at eit slikt prosjekt var mulig å få til. Dette var verkeleg litt av eit løft.
- Heile prosessen starta for over halvanna år sidan. Eg fekk telefon frå Hilmarfestivalen med spørsmål om vi ikkje skulle prøve å få KORK oppover. Vi søkte om pengar til å å lage ny musikk, og når den søknaden gjekk innbegynte snøballen å rulle og - no er vi her.
- LØFT kan tolkast på ulike måtar. Inspirasjon er det eg har hengt meg mest opp i. Min største inspirator når det gjeld felespel og slåttespel er Hilmar, og kanskje aller mest det eldre repertoaret han hadde. Foreldra song og tralla viser og salmetonar og gamle slåttar med litt gammal tonalitet, kunne Gjermund Larsen fortelje.
- Dette er ein konsert vi har gledd oss frykteleg mykje til, fastslo Gjermund Larsen.
Gjermund Larsen og broder Einar Olav ønska velkommen med lokketonar, lursignal, gjetarkauk sett saman av Hilmar Alexandersen som kalla stykket «Prillar-Guri».
Dei fortsette med fortsette med Hilmar sin versjon av «Myllargutens meisterstykke» med KORK attåt, og alt då i konserten med trampeklapp frå publikum i storsalen i Steinkjer kulturhus.
Begge stykka arrangert av svenske Karl- Johan Ankarblom som var dirigent for Trondheim symfoniorkester då dei vitja Hilmarfestivalen i fjor.
Synnøve Brøndbo Plassen vart aller første Hilmar-talentet og deltok på LØFT-konserten.
Vidare fekk publikum høyre gjesteartistar som Synnøve Brøndbo Plassen og Trygve Liahagen, ho som det aller første Hilmar-talentet med Gjermund Larsen som mentor. Han som årets Hilmar-talent med eigen konsert på festivalen.
Trygve Liahagen er årets Hilmar-talent, velutdanna frå Norges Musikkhøgskule - no også innan orkestrering. Han var blant gjesteartistanbe og har eigen konsert under Hilmarfestivalen.
- Trygve er kveldens modigaste. Han har ikkje berre laga «Bartevals» som han spelar saman med KORK. Trygve har også arrangert dette for orkestrert, kommenterte Larsen.
Trygve Liahagen er årets Hilmar-talent, velutdanna frå Norges Musikkhøgskule - no også innan orkestrering. Han var blant gjesteartistane og med eigen konsert under Hilmarfestivalen.
I det allsidige programmet fekk ein også høyre Gjermund Larsen Trio: Gjermund på fele , Andreas Utnem ( trøorgel) og Gjermund Silseth (kontrabass).
Dei som ikkje fekk med seg konserten med tingingsverket på Hilmarfestivalen får anledning å sjå og høyre LØFT på NRK TV. Det vart nemleg gjort opptak, og produksjonen skal sendast ein gong på nyåret.
Ansvarleg for produksjonen i Hilmar-administrasjonen har vore Terje Tranaas, kjent ikkje minst som utøvar på tangentar i Sambandet med Åge Aleksandersen som frontfigur. Lyden blir produsert av NRK medan det lokale lyd/bilde-firmaet Camera stor for video-opptaka.
- Eg synes det er artig at eit lokalt firma får tillit til å bidra til ein slik produksjon. Eg er ikkje redd for kvaliteten. Eg veit kva dei står for, seier Terje Tranaas som har stått ansvarleg for mange store produksjonar i ulike samanhengar.
Einar Olav Larsen og Gjermund Larsen opna konserten med blant andre «Myllargutens meisterstykke» på hardingfele, i form etter Hilmar Alexandersen.
Sist oppdatert