Spelemannen og den mangeårige kulturskulelæraren Johannes Sundsvalen blei søndag kveld heidra av mange tidelgare elevar på konserten «Johannes og elevane».

Johannes Sundsvalen spelar for elevane og publikum på konserten "Johannes og elevane".
Tekst og foto: Johanne Flottorp
Mange frå Midt-Telemark og omegn hadde funne vegen til Nye Sjodar folkemusikkscene denne kvelden, der Johannes Sundsvalen og Per Anders Buen Garnås stod klare på kvar sin kant av rommet og leidde to rekker med bunadskledde felespelarar fram til scenen. Dei spelte, kanskje ikkje overraskande for mange, Fiskestigen som innmarsj.
– Fiskestigen var sjølve svenneprøva til Johannes. Om du kom deg gjennom den, då var du klar for slåtteverda som låg som eit Soria Moria der framme, fortalde Guri Røsok, som var kveldens programleiar.
Ho var kollega med Johannes Sundsvalen i Bø kulturskule frå 1993 og fram til han slutta i 2017, mange av åra var ho også sjefen hans som kulturskulerektor. Men ikkje minst opplevde ho Johannes som pedagog gjennom sonen Audun Rørmarks feletimar.
– Johannes stod last og brast, også med dei som ikkje øvde så mykje. Dei møtte den samme tolmodet som alle dei andre, fortalde konferansieren.
Johannes Sundsvalen var først gitarist. Så byrja han å danse i Nes nasjonale dansarring, før han som 20-åring gjekk over til å spele fele. Då blei dei viktigaste lærarane hans Gjermund Haugen og Johannes Evensen.
Det tok ikkje mange år før Johannes spelte seg opp i A-klassa, og han deltok mykje på kappleik fram til starten av 1990-talet. Høgdepunktet i kappleikslivet hans, var sigeren i Hardingfele A i Nordfjordeid i 1990.

Bakrommet på Nye Sjodar var fullt av folk og feler før konserten.
Johannes sjølv spelte to slåttar etter innmarsjen på konserten. Først Fjellrosa, og så Myllargutens bruremarsj, med pianoakkompagnement skrive av Henrik Ødegaard, framført av nevøen Øyvind Sundsvalen.
På konserten deltok 11 av Johannes sine gamle elevar. Den yngste av dei var heilt fersk det siste året Johannes arbeidde i kulturskulen, og dei eldste var med han frå han starta i 1993.
Alle hadde godord å seie om Johannes, og noko av det som gjekk mest igjen, var tolmodet.
Audun Rørmark og Sunniva Langås-Røiland spelte ein slått dei komponerte til Gullbring kulturanleggs 30-årsjubileum i fjor, og Audun fortalde at det var fint å ha eit forbilde som også laga slåttar i tradisjonell stil.
– Me har fått med oss fleire av dei, så Johannes er eit levande døme på at det går an, sa Audun.
Fleire av elevane spelte solo, og det blei også fleire innslag med dans og samspel, mellom anna av det utøvarane sjølv kalla Bø juniorspelemannslag anno 2025, og med trioen Driv.
Torgeir Straand og Per Anders Buen Garnås var nokre av dei første elevane Johannes hadde i kulturskulen. Førstnemnde fortalde at Johannes var ein viktig inngangsport til mange andre spelemenn, både levande og døde. Men der nokre av dei andre eldre spelemennene var vanskelege å lære av for ein fersk felespelar, klarte Johannes å dele slåttane opp på ein slik måte at også slåttar ein bare hadde drømt om, blei mogleg å lære.
Per Anders understreka kor viktig det er å ha ein god slåttelærar i den alderen der ein er mest lærehungrig.
– Johannes var ein slik lærar. Det einaste eg ikkje likte var at timane var litt for korte, fortalde han.
Gudrun Straand gjekk hos Johannes frå ho var åtte år til ho var ferdig på vidaregåande, og som kulturskulelærar på Notodden i dag, er det Johannes sin pedagogikk og læremåte ho lener seg på.

For Sunniva Langås-Røiland og Audun Rørmark har Johannes Sundsvalen vore eit godt døme på at det går an å komponere slåttar i tradisjonell stil.
Etter ein innhaldsrik konsert med mykje spel og dans, kom det fleire helsingar til heidersmannen. Kristian Hanto helsa frå FolkOrg, men kunne også fortelje om at han var med i dansarringen og var vitne til Johannes’ overgang frå dansar til spelemann. Ingebjørg Bø og Margrethe Seljord helsa frå alle involverte i Bø juniorspelemannslag gjennom tidene, og trakk også fram at ikkje berre dei to, men også ungane deira hadde hatt glede av Johannes som lærar. Ordførar i Midt-Telemark, Siri Blichfeldt Dyrland, uttrykte også stor takk for mangeårig, viktig innsats.
– Johannes har gjennom livet fått mange prisar og æresmedlemskap, men den største gevinsten, er å sjå og høyre kva alt arbeidet hans har ført til, sa ordføraren.
Hovudpersonen sjølv takka audmjukt for all merksemda og uttrykte at han hadde gledd seg over denne kvelden, men også alle opplevingane med elevane gjennom heile spelemannslivet så langt.
– De har gitt meg så mykje, alle saman, sa han til slutt, før heile følgjet avslutta med å spele Sølvbrura, også denne ein komposisjon av Johannes sjølv.
Sist oppdatert