Folkemusikk logo
Logo

Desse kan vente seg stønadsauke om SP får vilja si

Sju nasjonale organisasjonar på folkemusikkfeltet får til saman 3,5 millionar i auke i Senterpartiet sitt alternative budsjettforslag.

Magni Hjertenes Flyum (generalsekretær i NU), Jo-Asgeir Lie (rektor ved Ole Bull Akademiet), Aslak Brimi (dagleg leiar i FolkOrg) og Tanja Holmen (direktør ved SFF) og Hilmarfestivalen er nokre av dei som kan krysse fingrane for at Sp får gjennomslag i budsjettforhandlingane. Foto: NU, Anders Lillebo, Anders Medhus og Kjellbjørn Karsrud.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

I sitt alternative statsbudsjett for 2026 legg Senterpartiet fram eit breitt kulturarvløft der folkedans, folkemusikk og immateriell kulturarv står sentralt. Til saman får sju nasjonale organisasjonar innan folkemusikk- og folkedansfeltet 3,5 millionar kroner i auka driftsstøtte.

Dette er Senterpartiet sine forslag vedrørande folkemusikkfeltet

Auke støtta til Folkemusikk nord: 55 000,-

Auke støtta til FolkOrg: 300 000,-

Auke støtta til Norsk folkemusikklag: 100 000,-

Auke støtta til Norsk senter for folkemusikk og folkedans: 1 000 000,-

Auke støtta til Ole Bull-akademiet: 400 000,-

Auke støtta til Stiftinga Hilmar Alexandersen: 600 000,-

Auke støtta til Noregs ungdomslag 1 000 000,-

– Folkemusikken og folkedansen er ikkje berre tradisjon – dei er levande uttrykk som samlar folk, byggjer identitet og skapar fellesskap på tvers av generasjonar. Difor styrkjer vi dei miljøa som held dette i hevd, seier Senterpartiets kulturpolitiske talsperson Erling Sande.

Den samla satsinga er del av eit større kulturarvløft på 62,3 millionar kroner, som omfattar både organisasjonar, institusjonar og handverksmiljø over heile landet. I tillegg føreslår Senterpartiet å flytte heile kulturmiljøfeltet frå Klima- og miljødepartementet til Kulturdepartementet, slik at kulturarven blir ein integrert del av kulturpolitikken.

– I dag ligg mykje av ansvaret for kulturarven i miljøforvaltninga. Det gjer at dei levande uttrykka – dansen, musikken, handverket – ofte kjem i skuggen av mur og stein. Vi vil samle kulturarven der han høyrer heime: i Kulturdepartementet, seier Sande.

Sande peikar på at folkemusikk- og folkedansorganisasjonane gjer ein avgjerande innsats for rekruttering, opplæring og formidling:

– Frå kappleikar, kurs og øvingar i leikarringar, ungdomslag og spelemannslag – dette er miljø som byggjer både kultur og lokalsamfunn. Med denne auken i støtta gir vi dei betre rammer til å halde fram med det livsviktige arbeidet sitt.

Også kystkulturen, fartøyvernet og tradisjonshandverket er ein del av kulturarvløftet, som skal løfte fram breidda i norsk kulturarv og sikre betre samarbeid mellom frivilligheita, musea og dei offentlege institusjonane.

– Kulturarvpolitikken handlar om røtene våre – og om dei som held liv i dei. Frå slåttespel og bunadssaum til båtbygging og dans på lokalet – alt dette er delar av same livsnerve. Den må få meir plass i framtidas kulturpolitikk, seier Sande.

Heile budsjettet kan ein finne her. Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024