Folkemusikk logo
Logo

Samisk jul med KORK og Kajsa Balto

Historisk julealbum og turné med samisk språk i sentrum.

Kajsa Balto er ute med ei juleplate på samisk. Foto: Julia Naglestad, NRK.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen.

Kajsa Balto er ute med det historiske julealbumet Sámi Juovllat Operas – Samisk jul i Operaen med Kajsa Balto & KORK. Plata markerer eit viktig steg for samisk representasjon i norsk julemusikk, og blirfeira med juleturné frå nord til sør – inkludert eit nytt besøk til Operaen første søndag i advent.

Albumet samlar både klassiske julesalmar i samisk språkdrakt, tradisjonelle samiske julesongar og heilt nye låtar. Med seg har Balto eit stjernelag av gjester: Moddi, Georg Buljo, Sara Marielle Gaup Beaska og Jakop Janssønn, i tillegg til Kringkastingsorkesteret under leiing av Erik Arvinder.

– Drivkrafta mi i dette prosjektet har vore ønsket om å fylle på med fleire juletradisjonar og meir julemusikk på samisk, fortel Balto. Ho peikar på at behovet for samisk julemusikk vart ekstra tydeleg då ho sjølv fekk barn. – Julemusikk blir ein del av oss frå vi er små. Eg håpar denne plata kan vere med på å opne dører og inkludere fleire, også språkeleg.

Det nye albumet er resultatet av eit samarbeid mellom NRK, KORK og Den Norske Opera & Ballett, og byggjer vidare på fjorårets historiske konsert – den første samiske julekonserten i Operaen nokon gong. Den utselde konserten vart filma av NRK og sendt i beste sendetid, og opptaka frå både Operaen og NRKs Store Studio dannar grunnlaget for albumutgjevinga.

– Å få synge julemusikk på mitt eige språk saman med KORK i Operaen var eit sterkt og rørande augeblikk eg aldri kjem til å gløyme, seier Balto. No blir desse låtane både til varig arv og lett tilgjengelege for alle, via strøymetenester og fysisk utgåve.

Albumet Sámi Juovllat Operas består av tretten julesongar på nordsamisk – fylt med kraft, varme og tilhøyrsle. Både musikalsk og tematiske søkjer plata å formidle fellesskap og julefred midt i ei travel førjulstid.

– Det er viktig at majoritetsbefolkninga får høyre samisk julemusikk på norsk radio og TV. Det skapar språkforståing og viser fram mangfaldet i juletradisjonane, seier Balto.

Balto avsluttar med ei personleg refleksjon om kva prosjektet betyr for henne som mor og språkberar:

– Å synge julesongar på samisk med barna mine har blitt ei lågterskel og fin måte å vidareføre språket på. Eg håpar plata kan treffe menneske på tvers av generasjonar, språk og bakgrunn.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024