Folkemusikk logo
Logo

Folkemusikkentusiastar lagar kvegjazz

Kvartetten Himmelskip debuterer med Den siste kvegdriver, eit instrumentalalbum der element frå norsk folkemusikk, americana, jazz og rock er fletta saman.

Himmelskip er ein gjeng med altetande musikarar som møttest på NMH. No er dei ute med ny plate. Foto: Ola Ur Sæbø.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Himmelskip består av Simen Jakobsen Harstad (gitar), Elias Wallumrød Orning (pedal steel), Torjus Gravir Klykken (bass) og Tobias Rønnevig (trommer). Dei fire møttest på Norges musikkhøgskole og har bakgrunn frå ulike delar av norsk musikkliv, frå metal og pop til folkemusikk og jazz.

Bandet har fått med seg David Wallumrød på tangentar og den kjende folkemusikaren Erlend Viken som gjestemusikarar. Musikken er spelt inn analogt i Amper Tone-studio, med Johnny Skalleberg og Tomas Pettersen som teknikarar.

Den siste kvegdriver blir gjeve ut på Die With Your Boots On Records i morgon.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024