Folkemusikk logo
Logo

Juleplate frå Sigrid Moldestad og HazeliusHedin

Etter fleire år på turné med julekonserten Vintersong kjem Sigrid Moldestad og den svenske duoen HazeliusHedin no med sitt første felles julealbum, Vinternatt.

Sigrid Moldestad slepper i dag plate saman med den svenske duoen HazeliusHedin, og dei skal på ein omfattande juleturné. Foto: DavidBrohede

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Plata samlar norske og svenske folkemusikktradisjonar i eit nytt, nordisk lydbilete – der hardingfele, nyckelharpe, gitar og song fører lyttaren gjennom både høgtid og kvardag i den mørke årstida.

Materialet spenner frå tradisjonelle julesongar til nyskrevne viser. Alle arrangement er gjort av Moldestad, Esbjörn Hazelius og Johan Hedin, som òg har produsert og spelt inn albumet i Höör i Sverige. Bassist Staffan Lindfors medverkar på nokre spor.

HazeliusHedin – med Esbjörn Hazelius og Johan Hedin – er blant Sveriges fremste folkemusikarar. Sigrid Moldestad har på si side markert seg som ein av dei mest særprega folkemusikarane og formidlarane i Noreg, med hardingfela som musikalsk utgangspunkt og med fleire prisnominerte soloutgjevingar bak seg.

Trioen legg ut på ein felles juleturné frå 6. til 22. desember, med konsertar i både Noreg og Sverige:

Turnéplan – «Vintersong» 2025:
6. desember – Kampen, Oslo
7. desember – Rudi gard, Vinstra
9. desember – Dokkhuset, Trondheim
11. desember – Haakonshallen, Bergen
12. desember – Mandelhuset, Tysnes
13. desember – Ljosheim, Eksingedalen
14. desember – Trudvang kino, Aurland
18. desember – Jarl Kulle-scenen, Ängelholm
19. desember – Lunds stadsteater, Lund
20. desember – Nygatan 6, Växjö
21. desember – Maxim, Stockholm
22. desember – Kulturhuset Korpen, Skinnskatteberg

Meir informasjon:
www.talik.no Lenke til et annet nettsted.www.sigridmoldestad.com Lenke til et annet nettsted.www.hazeliushedin.com Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024