Folkeprat – ein podkast frå magasinet Folkemusikk. Folkelarmprogram, styrearbeid i FolkOrg og kappleiksdebatt står på programmet når to FolkOrg-toppar møtest til ein uformell prat under årets Folkelarm.

Anders Lunden Herfoss og Aslak Brimi frå årets Folkelarm. Foto: Sanne Løkke / FolkOrg.
Tekst: Redaksjonen
I denne praten frå Folkelarm tek redaktør i magasinet Folkemusikk, Kjellbjørn Karsrud, ein prat med høvesvis styremedlem og dagleg leiar i FolkOrg, Anders Lunden Herfoss og Aslak Brimi.
Der kjem dei innom korleis seminar- og showcaseprogrammet på Folkelarm blir plukka ut, kva dei jobbar med i styret i FolkOrg for tida, endringar i kappleiksreglementet, kappleiksøkonomi og ikkje minst debatten Sivert Holmen drog opp om slåtteval på kappleik.
Podkasten Folkeprat er eit framhald av Folkemusikk sin podkast som over dei to fyrste sesongane heitte "Får du fot". Der er det 17 episodar som ein framleis finn i valfri strøymeteneste. Sjå meir nedanfor.
Sist oppdatert