Folkemusikk logo
Logo

Ytring: Har kommunane i Hallingdal eit særskild ansvar for folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Hallingdal?

Eg meiner ja. Ja, om nokon offentlege aktørar har ansvar, kven elles? Desse tradisjonane har utvikla seg her og høyrer heime her. Ein kan ikkje forvente at andre skal ta dette ansvaret. Det burde vere heilt opplagt.

Hallingdalskommunane har eit særskild ansvar for folkemusikken i Hallingdal, meiner Anders Lunden Herfoss. Foto: Runhild Heggem.

Tekst: Anders Lunden Herfoss, kommunestyrerepresentant, leiar i SUKO i Ål og styremedlem i FolkOrg.

Ja, det gjeld sjølvsagt ikkje berre folkemusikken og folkedansen, men også andre lokale tradisjonar knytt til dialekt, handverk, byggeskikk, mat og samversskikkar mm. Men no er det musikken og dansen som er på agendaen.

Ein skal vere forsiktig med å rangere kultur, og mangfaldet i Hallingdal er stort med kor, korps, klassisk, rock, teater, all slags idrett og mykje anna. Alt dette er bra, og det skal støttast opp om, men dette er me ikkje åleine om.

Tradisjonskulturen i Hallingdal er me åleine om – og den er ekstra sårbar, og difor meiner eg kommunane må ta eit ekstra ansvar. I 2019 kom folkemusikk og folkedans frå Setesdal på UNESCOS liste over immateriell kulturarv – tradisjonane i Hallingdal er like unike og sermerkte. Om nokon hadde tatt eit initiativ og lagt ned litt innsats hadde Hallingdalstradisjonen også vore innlemma i dette selskapet - utan tvil.

Det er sårbart, men det er også storfelt. Me har og har hatt tradisjonsutøvarar frå Hallingdal i verdsklasse som spelar, syng og dansar på store scener både nasjonalt og internasjonalt. Men tradisjonen skal ikkje vere berre for einarane og dei profesjonelle. Mitt største ynskje er at det skal vere levande bygdekultur – noko me alle har eit forhold til, praktiserer på alle nivå og kan vere stolte av.

Ein irsk folkemusikar sa eingong til meg – kva hadde me vore utan språket vårt, musikken vår og kulturen vår? Utan dette kunne me like gjerne vore engelske! Det same kan ein seie om hallingkulturen – dette er ein viktig del av vår identitet som skil oss frå omlandet.

Kan ikkje folk på frivillig basis ta ansvaret åleine? Jo, og det har dei også gjort gjennom fleire hundre år. Folkemusikken og folkedansen har vore svært livskraftig, eller seigliva om du vil. Den vil nok uansett halde ut, marginalisert i randsona av meir kommersielle kulturutrykk.

Men gjennom dei siste femti åra har folkemusikken og folkedansen vorte under meir og meir press, ein får ingenting gratis frå kommersielle krefter og eksponering i media. Mange i Hallingdal går gjennom heile oppveksten utan å høyre ein hallinglått, eit stev eller sjå ein hallingspringar.

Gjennom prosjektet «Tradisjonskultur» leia av Andrea Søgnen ser ein korleis interessa aukar om dei unge berre får sjå og høyre. Dette, saman med distriktsmusikarar, er ordningar sterke tradisjonsdistrikt me bør samanlikne oss med har hatt lenge. I Valdres fekk dei distriktsmusikar, ein hardingfelespelemann, i 1967 – me ligg om lag seksti år bak valdrisane altså. Dette er ikkje noko råflott og nyskapande. Dette er på høg tid!

Distriktsmusikar kan vere så mangt, men i denne ordninga slik det er skissert og presentert for kommunane i Hallingdal er det ikkje nokon motsetnad mellom distriktsmusikar og rekruttering/musikkskulelærar. Distriktsmusikaren, slik det er tenkt etter inspirasjon frå andre distrikt, skal undervise i kulturskulen og drive rekruttering ved formidling i skule og barnehage. Dette har vore suksessen i Valdres, Sunnfjord, Setesdal, Hardanger, Voss og andre områder me kan og bør samanlikne oss med.

Målet er at alle kulturskular i Hallingdal skal tilby opplæring i folkemusikk og folkedans (per i dag er det berre to), og at alle i skule og barnehage skal oppleve folkemusikken og folkedansen i Hallingdal. Dette er ikkje ei svekking av rekruttering og kulturskuletilbod, snarare tvert imot. Ein ser det har vore vanskeleg å oppretthalde folkemusikktilbod over tid med fragmenterte stillingar i folkemusikkopplæring, sjeldan over 20%, på kvar enkelt kulturskule. Det handlar ikkje om å rive opp der det fungerer, men supplere, og etablere tilbod der det ikkje finns. Det vil sikre kontinuitet og vere meir berekraftig. Eit anna vesentleg poeng er at det viktigaste opplæringsmiljøet for folkemusikk og folkedans i Hallingdal i dag – Hugnadheim på Torpo – stiller seg 100% bak dette.

Desse stillingane skal vere i faste med føreseielege rammer. Ein ser for seg at potensielle søkarar kanskje ikkje ønsker full stilling, men ein kombinasjon av ei trygg, fast stilling for kommunane med rekruttering og opplæring fyrst og fremst, og frilansverksemd i heile lande i tillegg. Då kan dei òg ha basen i Hallingdal. Så er det ikkje tvil om at prosjektet tradisjonskultur har generert ein del frilansoppdrag for folkemusikkutøvarar også i Hallingdal, men dette er generert av eksterne midlar. Ein må rekne med at ein koordinator også framover kan generere slik ekstern delfinansiering av folkemusikkfeltet.

Ål kommune er initiativtakar og ser verdien av dette, det same gjer Buskerud fylkeskommune som har signalisert dei er med økonomisk. No bør dei andre kommunane også vere med på spleiselaget. Det er også i tråd regionplanen for Hallingdal vedteke i Regionrådet der alle kommunane stilte seg bak. Punkt 6.3.7 lyder «Arbeide for interkommunalt samarbeid om formidling innan tradisjonskulturen i Hallingdal, særleg innan for kultur og oppvekstsektoren».

Eg registrerer at administrasjonen i dei fleste kommunane ikkje har prioritert dette inn i årets budsjett, men det er likevel, og heldigvis, ingen ting i vegen for at politikarane kan få dette inn i budsjettet no OM DEI VIL. Ein kan få til mykje om mange går saman med ein liten skjerv.

Dette er ei ytring. Ytringa gjev uttrykk for skribentens haldning. Du kan sende inn kronikkar og debattinnlegg til redaksjon@folkemusikk.no

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024