Folkemusikk logo
Logo

Danseløftet: nytt tiårsløft for dans – også for folkedansen

Folkedansfeltet på Austlandet får no ein stor moglegheit til å få finansiert prosjekt som fremjar dansen. Søknadsfristen er 1. desember.

Sit du med idear til prosjekt innan folkedans? Då kan Danseløftet gje nye moglegheiter. Illustrasjonsfoto, vinnar av lagdans jr under LK 2025, Hardanger spelemannslag. Foto: Anders Medhus.

Tekst: Redaksjonen

Sparebankstiftelsen DNB lanserer no Danseløftet, ei tiårig satsing (2026–2036) som skal styrke og vidareutvikle dansefeltet i heile landet. Satsinga legg vekt på sjangermangfald, breidde og større tilgang til dans – både som kunstart og deltakaraktivitet. Det betyr også nye moglegheiter for miljø innan folkedans og tradisjonell dans.

Tilskot går til prosjekt i dei gamle fylka Oslo, Akershus, Østfold, Vestfold, Telemark, Buskerud eller Oppland. Prosjekt som foregår i andre deler av landet kan berre søkje tilskot til prosjekt av nasjonal karakter. Danseløftet følgjer Sparebankstiftelsen sine frister, altså det er følgjande søknadsfrister for søknadar over 50 000 kr i 2026: 1.april, 1. sept, 1. des. For beløp under 50 000 kr, er det løpande frist.

Søknadsskjema finn ein her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Eit sentralt mål er at fleire barn og unge skal møte dans i sitt nærmiljø, i skule, barnehage, fritidsklubb og på nye arenaer utanfor scenen. Her kan tradisjonelle uttrykk få ein naturleg plass, gjennom alt frå undervisningsopplegg til lokale prosjekt som koplar profesjonelle utøvarar med unge dansarar.

Satsinga støttar prosjekt innan fire område: breidde, talent, produksjon og arena. Innanfor desse kan ein søkje støtte til tiltak som gjer dans tilgjengeleg for fleire, viser fram mangfaldet av sjangrar – og legg til rette for kunnskapsoverføring mellom generasjonar. Dette kan vere særleg relevant for miljø som arbeider med formidling av bygdedans og tradisjonell bevegingskultur.

Les meir her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

I 2025 fekk Gudbrandsdal Folkemusikklag tildelt 200 000 kroner til prosjektet «Song, dans og rytmer i barnehagar», der folkesongar Camilla Granlien skal formidle lokal tradisjon til dei yngste. Prosjektet strekkjer seg over fleire år og skal styrke både barna og dei tilsette si tilknyting til lokal kulturarv. På same vis kan Danseløftet også bli ein ressurs for tradisjonsfeltet.

Programmet startar formelt i 2026, men allereie 21.–22. januar inviterer arrangørane til den to dagar lange Dansekonferansen 2026 på Sentralen i Oslo, med temaet «Dansen som brobygger». Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024