Folkemusikk logo
Logo

Ljøsblått 2025: NMH-studentane tek over Riksscenen i kveld

Den studentdrivne folkemusikkfestivalen Ljøsblått er tilbake – i år med to fulle kveldar på Riksscenen torsdag og fredag.

Det blir høve til å høyre mange stjerneskott på Riksscenen dei to neste kveldane.

Tekst: Redaksjonen

Festivalen starta med ein lunsjkonsert på Noregs musikkhøgskole i går. Festivalen, som blir leia av folkemusikkstudentar ved NMH, har etablert seg som ein fast møteplass der nye stemmer, unge musikarar og nysgjerrige publikummarar finn kvarandre. Folkemusikk fekk ein liten prat med festivalsjef Sunniva Langås-Røiland før det heile braka laus torsdag.

- Korleis ligg de an med førebuingane?

- Eg håpar me ligg godt an, så kan det vel alltid dukke opp noko i løpet av festivalen som me ikkje har tenkt på. Det er berre ei av oss som har arrangert Ljøsblått før, så me veit ikkje heilt kva me går til. Eg er veldig fornøgd med årets festivalstyre. Alle har stått på med sine arbeidsoppgåver, så får me krysse fingrane for at det blir vellukka. Veldig kjekt å ha med Asgaut og Riksscenen på laget. Det er første gong Ljøsblått arrangerast på Riksscenen.

Sunniva Langås-Røiland er festivalsjef for årets Ljøsblått-festival. Foto: Runhild Heggem.

- Kor mange delegatar er påmelde?

- Det var mange søknader og mykje bra som me ikkje fekk med i programmet – og det er jo kjempestas at så mange vil spele. Me har tenkt at det i dag blir jamme-fokus med slåttekurs før konsertane og jam etter. Og dansekurs i morgo, og dansespel etter konsertane. På programmet får me høyre mykje ny musikk og unge musikarar. Både tradisjonelt solospel og band som blandar folkemusikken med andre sjangerne. Det vert ikkje berre norsk musikk. Taraf er eit band som spelar rumensk musikk og Tolvmanstärk kjem frå Sverige for å spele. Det er stas å kunne introdusere ny musikk på Riksscenen.

- Kva kan dei som kjem vente seg?

- Me ønskjer at festivalen både er for dei som er kjende med folkemusikken, men òg for andre nysgjerrige. Sidan me som arrangerer er studentar på NMH, er det fint for oss å få med dei som studerer andre sjangarar med inn i vår verd på Riksscenen. Eg gler meg til festival og håpar å sjå mange kjende og ukjende.

Ljøsblått har fri inngang og strekkjer seg over om lag to dagar, med konsertar, kurs, dans og jam på kveldstid på Riksscena. Den låge snittalderen på scena og den store mengda studentar gjer festivalen til ein unik arena for å oppdage ny musikk – samtidig som enkelte erfarne folkemusikkartistar også står på programmet.

Dans, jam, konsertar og fest står på menyen, så her er det berre å finne fram danseskoa og instrumenta.

Program

Torsdag på Riksscena

  • 18:00: Slåttekurs
  • 19:00: Konsert med Martin og Tiril
  • 19:45: Konsert med Rigla
  • 20:30: Konsert med Attme
  • 21:15: Konsert med Taraf
  • 22:00: Konsert med Mikkel Rev
  • 22:30: Jam utover kvelden

Fredag på Riksscena

  • 19:00: Dansekurs med Thea Myrjord Norheim
  • 20:00: Oppvarming med TUP
  • 20:30: Dansespel med Andrea Søgnen
  • 21:00: Konsert med Kjeltring
  • 21:30: Dansespel med Magnhild Garnås Haugen
  • 22:00: Pause
  • 22:30: Konsert med Snodig
  • 23:00: Dansespel med Hanna-Moira og Ivar
  • 23:30: Konsert med Tolv man stark
  • 00:00: Dansespel utover kvelden
  • 02:00: Baren stenger

Meir informasjon om dei enkelte konsertane finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Praktisk informasjon

  • Når: Onsdag 26. november – laurdag 29. november, kl. 12:00–02:00
  • Stad: Riksscena og ulike arenaer i Oslo
  • Pris: Gratis

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024