Den siste tida har Nynorsk kultursentrum og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal løfta fram eit rikt, men lite kjend skattkammer: dei mange folketonane knytte til Ivar Aasen sine tekstar. Resultatet har vore ei rekkje vellukka kurs og arrangement – og ein ny kveik for Aasen-visene i folkesongmiljøet.
Kursleiarane Gro Kjellberg Solli og Øystein Hovland. Foto: Ingvild Runde / avisa Møre.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Lenge før Ivar Aasen vart kjend som språkforskaren heile nasjonen kjenner, vart visene hans sungne i heimane – ikkje minst på Nordvestlandet. Dei fleste kjenner «Nordmannen», men langt færre kjenner dei mange folketonane som har vore knytte til Aasen-dikta gjennom to hundre år.
– Mange av tonane har levd på folkemunne, men finst i dag berre i arkiva og blir lite brukte. Dette er ein skatt vi vil lyfte fram i lyset, seier Fredrik Hope i Nynorsk kultursentrum.
Aasen har ei rekkje koplingar til folkemusikken og den munnlege kulturen han sjølv vaks opp i. Han var ei viktig kjelde for innsamlarar som Ludvig Mathias Lindeman, og fleire av visene hans har i uvanleg stor grad gli inn i folkemusikktradisjonen. Aasen-kjennaren Reidar Djupedal skreiv alt i 1965: «Av diktarar er Aasen den siste av dei store som vert spreidd gjennom folketonane.»
– Saman med Anna Gjendem ved Folkemusikkarkivet har eg det siste året byrja å grave i det enorme materialet av folketonar til Aasen-tekstane, både i Møre og Romsdal og elles i landet. Vi er langt frå ferdige, men vi ønskte å dele noko av det vi har funne, fortel Hope.
Fredrik Hope og Anna Gjendem har leita i arkiva etter gløymde melodiar. Foto: Ingvild Runde / avisa Møre.
Høgdepunktet denne veka vart markeringa av 150-årsjubileet for den endelege utgåva av Symra. Søndag 9. november samla Aasentunet fullt hus, der folkesongarane Gro Kjelleberg Solli og Øystein Hovland løfta fram gamle Aasen-viser frå arkivet og frå eigen familietradisjon.
I tillegg til kurs for rundt 15 vaksne deltakarar vart det halde ein stor konsert saman med barnegruppene Glød, Volda og Ørsta korskule og Øyrafolk – over 40 born på scena, med arrangement av Jorun Marie Kvernberg.
– På alle kursa vart engasjerte samtalar om både tonar, språk og tradisjon – og vi håpar fleire får lyst til å synge visare på Aasen-visene, seier Hope.
Solli har halde tilsvarande kurs ved Romsdalsmuseet i Molde og Nordmørsmusea si avdeling på Tingvoll, begge med kring 12 deltakarar.
– Dette er eit døme på korleis arkivmateriale, tradisjon og formidling kan møtast – og korleis samarbeid kan bidra til å gje ny kveik for folkesongen i området, seier Hope.
Sist oppdatert