Folkemusikk logo
Logo

Fredagspraten med Kjetil Meberg Myhren

Kjetil Meberg Myhren er for tida student ved instrumentmakarstudiet på Rauland, der han går andre året på bachelor. No er det eksamenstid, men mellom timar i verkstaden og øving på munnlege presentasjonar har Kjetil også slått eit slag for det uformelle slåttespelet og sett igang årets adventskalender for hardingfeleinteresserte.

Kjetil Myhren og Thea Myrjord Norheim på Landskappleiken i sommar. Foto: Runhild Heggem

Kjetil Myhren og Thea Myrjord Norheim på Landskappleiken i sommar. Foto: Runhild Heggem

Fredagspraten er ei spalte på folkemusikk.no som kjem ut regelmessing med intervju med forskjellige folkemusikarar og folkedansarar som er aktuelle med noko. Der fortel dei også litt om motivasjonane sine for å drive med folkemusikk og folkesans. Du kan lese tidlegare fredagspratar her. Lenke til et annet nettsted.

Tekst: Johanne Flottorp

– Det blir ein del speling, men det kunne vore meir eigentleg. Det som er litt sært med Rauland, er at når ein startar her så tenkjer ein at det er speling heile tida. Men det er mykje anna som skjer, så nokre dagar får me ikkje spelt. Men så kan me sette oss ned og ta ei tre-fire-timars-økt, fortel Kjetil Myhren.

No er han i innspurten med eksamensperioden, og til veka skal han ha presentasjon i eit tradisjonskunstemne som tek føre seg formidling og bransjekunnskap. Han har fordjupa seg i ulike lokkeinstrument, og har laga haukpipe og seljefløyte. For ikkje lenge sidan leverte han også ei eksperimentoppgåva der han laga gripebrett og strengehaldar av bøffelhorn og bein frå ein raulandselg.

Til vanleg er dagane på Rauland fylt opp med mykje tid på verkstaden, og sjølv om Kjetil er aleine på instrumentmakarstudiet på andreåret, har han mange fag med dei andre som studerer tradisjonskunst, som gjenstandsanalyse og eksperimentering. I kollektivet han deler med Syver Rolandsgard Hauge blir ein god del slåttespel, og nå har dei begge to bidratt i adventskalenderen på Forum for hardingfele på Facebook, som Kjetil drog igang første desember.

Du finn starten på årets julekalender på Facebook-gruppa Forum for hardingfele her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Forumet er ein god stad for å treffe likesinna, vise fram tradisjonar og personleg stil, meiner Kjetil.

– Ein møter folk der, på eit vis, og ser at andre folk også sit og speler for seg sjølv om kveldane og koser seg med det. Då eg var litt yngre og budde i Oslo, var det veldig artig å få ei utfordring frå Syver i Valdres, eller sjå at Per Anders hadde lagt ut ein slått. Det var høgtid då.

Nå håper han at kalenderen går sin gang heile adventstida. Ofte held den seg igang til nesten halvvegs til jul før det dabbar av, men Kjetil understrekar at ein ikkje må legge for mykje press på seg sjølv før ein legg ut ein slått.

– Eg bare drog fram fela og spelte noko eg følte for, fortel han.

Kjetil Myhren etter premieutdelinga til Hardingfele B på Landskappleiken Foto: Sanne A. Løkke

Kjetil Myhren etter premieutdelinga til Hardingfele B på Landskappleiken, der han blei nummer 2. Foto: Sanne A. Løkke

Namn: Kjetil Meberg Myhren

Fødd: 2005

Kjem frå: Oslo

Bur i Rauland

Yrke: Student

Kvifor spelar du?
Når ein spelar får ein uttrykk for så mykje. Ein får litt sjelerens viss ein sit lenge nok med fela og kjem på godt lag.

Og så er det jo den tradisjonsberinga som også er ein viktig ting. Eg har høyrt felespel sidan eg var veldig liten og har hatt mykje glede av det. Eg vil at andre skal få høyre det samme, at dei skal oppleve noko av den samme gleda som eg sjølv har hatt. Det vil eg vidareformidle. Å bere låttane vidare, og spele dei slik eg meiner det skal bli gjort, det er det jo bare eg som kan gjere. Så då må eg gjere det.

Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Det var nok på Raulandsscena her for to veker sidan, då ein haug med irske og norske musikarar spelte konserten «Northern Nights». Det var artig.

Og så er det jo konsert kvar einaste gong Syver speler i huset her.

Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Åleine av Per Anders Buen Garnås. Den er knall.

Har du noko folkemusikklitteratur du vil anbefale?
Eg synest alle dei felemarkarbøkene er veldig fine, både Venaas, Røstad, Helland og Gjøvland. Det er mange gode bilde, og eg blir motivert av å sjå på felene og konstruksjonane.

Hardingfeleverket er også noko eg synest det er veldig artig å bla gjennom. Eg bruker det mest som eit oppslagsverk, viss eg har eit opptak og vil finne variasjonar ti ein lått, eller finne ut noko om slektstreet til låtten.

Kan du nemne ein av dei største folkemusikkopplevinga du har hatt?
I sommar stilte eg og Thea Myrjord Norheim i Dans hardingfele B på Landskappleiken, med ein springar i ei gammal Evju-form, som me hadde jobba med. Me dansa denne litt mosegrodde springarforma, og fekk Ottar Kåsa til å spele ein lått han hadde laga sjølv som han speler med Resjemheia, «Lars og Ledbelly». Det er meir ein blueslått, og den synes teg er så tøff. Eg synest det var så artig å vere på scena og danse då, kanskje på ein måte som veldig få har sett før. Og så gjekk det jo veldig bra også. Det var stort, det at me dykka ned i noko, fann noko tøft me viste fram, og så likte folk det i tillegg.

Kva skal til for å få fleire til å bli interessert i folkemusikk og folkedans?
Det handlar rett og slett om å vise kor tøff folkemusikken er. Det er som med grunnen til at eg spelar, eg har blitt så inspirert og vil dele det. Når folk plutseleg har blitt smitta og gira, så blir dei verande i miljøet av seg sjølv. Det er sjølvsagt også fint å ha gode venner som kan motivere ein.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024