Folkemusikk logo
Logo

Song på Nobelpris-utdelinga

Under den høgtidelege utdelinga av Nobels fredspris i Oslo rådhus i går opptredde Vera Sonne og Martin Steinum Brun for prisvinnarens famile, kongelege og ikkje minst millionar av TV-sjåarar verda over. Sonne er glad for at ho fekk vise at folkemusikken høyrer heime også i slike seremoniar.

Vera Sonne under fredsprisutdelinga. Foto: Skjermdump frå NRK

Vera Sonne under fredsprisutdelinga. Foto: Skjermdump frå NRK

Tekst: Johanne Flottorp

Rett etter at Ana Corina Sosa hadde tatt imot medaljen og diplomet som viser at mora, Maria Corina Machado, er årets mottakar av Nobels fredspris, steig Vera Sonne og Martin Steinum Brun opp på podiet i Oslo rådhus.

Sonne song Solbøn av Jorun Marie Kvernberg og salmen Nu rinder solen opp, medan Brun akkompagnerte henne på kraviklyre.

– Det var eit ærefullt oppdrag, og det er noko av det meir offisielle og sermonielle eg har gjort, fortel Vera Sonne dagen derpå.

Ho var glad for at ho fekk moglegheita til å vise fram folkemusikken på ein arena som denne.

– Me fekk gjere det på våre premissar. Arrangørane la ingen føringar som ville hindre oss i å ta tradisjonen på alvor. Det synest eg er viktig og bra i ein slik type sermoniell setting. Folkemusikken høyrer heime også der. Den passar i alle format, seier ho.

Sjølv om ho valte ut repertoaret sjølv, hadde arrangørane eit ønske om å ha noko som var verdig, rolig og ærefullt. Sonne la fram litt ulike alternativ, og så kom dei fram til dei to ho framførte.

– Det var også fint å kunne velje noko som var nyskrive, seier Sonne og viser til Kvernbergs Solbøn.

Vera Sonne og Martin Steinum Brun helsar familien til fredsprisvinnaren før dei syng og speler.

Vera Sonne og Martin Steinum Brun helsar familien til fredsprisvinnaren før dei syng og speler. Foto: Skjermdump frå NRK

Vera Sonne tenkte mykje på tekst og bodskap inn i dette oppdraget.

– Det er mykje kristent materiale i folkesongen, så eg var litt opptatt av at det ikkje skulle bli for førande. Men det er samtidig mykje både i folkesongen og kristendommen som handlar om håp og trua på mennesket. Så det var det eg ville løfte fram frå det store materialet vårt. Då synest eg det solbildet eg brukte som tema var fint å trekkje fram i denne settinga, med lyset som ein metafor, fortel Sonne.

Å ha med seg Martin Steinum Brun på scena, var godt.

– Eg er så komfortabel med han. Han er ein veldig trygg og inspirerande musikalsk partnar.

Det var først etter framføringa at dei fekk vite kor mange millionar som ser sendinga på TV rundt om i verda.

– Eg er glad eg ikkje tenkte på det før. Eg tenkte mest på at kongen og fredsprisvinnarens familie skulle vere der, seier Vera Sonne.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024