
Denne hausten har fleire utøvarar og konstellasjonar gitt ut nye singlar med utgangspunkt i tradisjonsmusikk, tolka i ulike musikalske retningar. Her er ei samla oversikt over nokre av singlane som har kome dei siste månadene.

Tekst: Pressemeldingar/redaksjonen
Gangar er ute med ein bånsull basert på tradisjonsmateriale frå Gudbrandsdalen og Østerdalen. Låten er arrangert med element frå rock og metall, og har vokalbidrag frå Synnøve Brøndbo Plassen og Martin Steinum Brun. Arrangementet vart til i studio, der vokalen kom inn som ein del av ein spontan arbeidsprosess. Singelen peikar fram mot bandet sitt komande album, der dei vidarefører arbeidet med å kombinere folkemusikk med uttrykk frå andre sjangrar.
EKN Trio, med Mats Edén, Tellef Kvifte og Knut Kvifte Nesheim, har lansert to singlar frå det komande albumet Króta. Gangar etter Olav Dale byggjer på ei slått Olav Dale spela inn på grammofon i USA, medan Metbäcken er ei svensk polska med fleire kjende variantar. Trioens tolkingar legg vekt på samspel, klang og rytme, og knyter saman impulsar frå norsk og svensk folkemusikk og jazz.
Marie Klåpbakken slepp julesingelen Det blir jul igjen, ein song skriven frå eit barneperspektiv. Teksten tek utgangspunkt i ei jul prega av endring, og skildrar både forventning og usikkerheit. Klåpbakken har tidlegare gitt ut julesongen Juleminne, og den nye singelen føyer seg inn i rekka av låtar der ho kombinerer folkemusikalske element med eit meir popretta uttrykk.
Trioen Nortopia har gjeve ut singelen Hallingkule etter Eldegard og Nedrelid, basert på tradisjonsmateriale frå Vestlandet. Med durspel, fele/hardingfele og cittern arbeider trioen med eit kammermusikalsk samspel, der melodien står i sentrum. Utgjevinga er del av gruppa sitt arbeid med vestnorsk tradisjonsstoff.
Bjørn Kåre Odde har denne hausten sleppt to instrumentale singlar: Reinlender i Sølondo og Kjærleiksvals. Begge tek utgangspunkt i dansetradisjonar og presenterer nye melodiar i eit tradisjonsnært uttrykk. Singlane er publiserte som enkeltståande utgivingar i haustmånadene.
Mot slutten av året er det varsla fleire nye utgivingar. SKROT slepp singelen Risan som forsmak på debutalbumet, Vegar Vårdal lanserer soloalbumet Uventa, og Hardingfelekvintetten Istem kjem med singelen Blikkfang i romjula.
Sist oppdatert
