Folkemusikk logo
Logo

Digitalisering av fotoarkivet til Spelemannsbladet

Fotoarkivet til Spelemannsbladet, forløparen til magasinet Folkemusikk, omfattar fleire tusen bilete, i hovudsak fotografi frå 1970-talet og fram til 2000-talet. No skal samlinga digitaliserast.

Kjell Bitustøyl, Svein Aasen og Kristian Hanto i full sving på FolkOrg-kontoret i Møllergata i sist veke. Jobben består i å føre på viktig informasjon på fotografia i arkivet til Spelemannsbladet. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

Leiarkommentar av redaktør Kjellbjørn Karsrud

Arkivet speglar breidda i folkemusikk- og folkedansfeltet gjennom fleire tiår og rommar alt frå portrett og historiske motiv til kappleiksbilete, dansegolv- og stemningsbilete, samt studiobaserte fotografi. Her finn vi aktørar frå ulike miljø og landsdelar, dokumenterte over lang tid.

Spørsmålet om korleis desse bileta best kan takast vare på for ettertida, har vore diskutert i mange år. No er Folkemusikk i dialog med Nasjonalbiblioteket om å få digitalisert heile samlinga. For at eit slikt arkiv skal vere funksjonelt og søkbart, krevst det eit omfattande arbeid med metadata – informasjon om kven og kva som er avbilda. Mykje er registrert frå før, men opplysningane er ofte mangelfulle og i somme tilfelle feilaktige. Det finst difor ingen snarveg: bileta må gåast gjennom eitt for eitt.

Bileta er i dag sortert i eit alfabetisk system og lagra i konvoluttar med enkelte opplysningar. No blir dei gått gjennom eitt og eitt før dei blir pakka i solide plastøskjer som toler ein støyt i transport.

I førre veke fekk redaksjonen verdifull hjelp av tre personar med til saman godt over hundre og femti års røynsle frå folkemusikkmiljøet. Kjell Bitustøyl har vore aktiv i feltet i ei årrekkje og var redaktør i perioden 1997–2007. Svein Aasen, med bakgrunn frå Numedal, har vore ein sentral aktør i folkedansmiljøet i Oslo og har reist land og strand rundt på kappleikar og stemne sidan slutten av 1960-talet. FolkOrg-leiar Kristian Hanto har om lag like lang fartstid.

Arbeidsøkta vart både triveleg og lærerik. Medan namna vart førte på bileta, vart det samstundes utveksla anekdotar og gjort refleksjonar om det som har vore, om feltet i dag og om folkemusikken og folkedansen framover. Dei fleste bileta av mindre grupper fekk på plass rette namn, stundom med hjelp frå vener og kjende via SMS og Messenger. Då fredagen gjekk mot slutten og arbeidet måtte rundast av, hadde vi kome fram til bokstaven G i samlinga som er nokolunde alfabetisk registrert.

Det ligg difor an til fleire samlingar utover nyåret før arbeidet er ferdigstilt og materialet kan sendast til Nasjonalbiblioteket. På sikt er håpet at fotosamlinga kan takast i bruk og gjerast tilgjengeleg for Folkemusikk-abonnentar, FolkOrg-medlemmar og andre interesserte. I første omgang handlar dette likevel om noko meir grunnleggjande: å sikre ei av Folkemusikk-Noreg si mest samansette og varierte fotosamlingar for ettertida.

I somme tilfelle herskar det ikkje tvil om kven som er avfotografert. Kven som har vore fotograf, er det ofte verre å finne ut. Kanskje nokon av lesarane av denne teksten hugsar om dei knipsa nettopp dette biletet av Andris Dahle frå Valdres ein gong?

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024