Folkemusikk logo
Logo

Vegar Vårdal ute med smakebit frå bestillingsverket Istem

2. juledag slepper Vegar Vårdal singelen «Blikkfang», ein telespringar skrive for hardingkvartett med solist. Stykket er første utgiving frå bestillingsverket Istem, som vart urframført på Telemarkfestivalen i august.

Istem har vorte sett opp fleire gonger i året som har gått, mellom anna på Hjerleid Handverksskole, neste år kjem det ut plate. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

«Blikkfang» er ein telespringar og ei personleg låt, som Vårdal har tileigna menneske som vågar å stå fram og vere synlege. Om bakgrunnen for stykket seier det er ei helsing til dei som tør å stå i eigne ideal og meiningar.

– Gjennom alle mine år har nokre av dei sterkaste møta eg har hatt, vore med menneske som vågar å stå i sin eigen sterke personlegdom, og som også vågar å gje meg plass i den. Takk for at de tør å vere stolte av eiga legning, løfter hovudet og held kjærasten si hand med stoltheit.

Vårdal fortel at han ønskte å lage ein slått som kunne fungere som ei slags signatur. I løpet av eit par veker voks «Blikkfang» fram, komponert utan notar, men gjennom arbeid på øyret, kombinert med lange turar der han lytta til ulike komposisjonar.

– Eg har prøvd å ikkje ha for mange tema, men heller variere tradisjonelt og mykje på dei få temaa eg har teke med. Den går kanskje litt raskt, men det er jo på eit vis signaturen min det òg, seier Vårdal.

Det er han sjølv som spelar soliststemma på hardingfele. Arrangementet er skrive for å understøtte melodien, både rytmisk og gjennom melodifraseringa. Hardingkvartetten består elles av Sivert Holmen på hardingfele, Nora Taksdal på hardingbratsj og Johannes Martens på hardingcello. Instrumentmakar Ottar Kåsa medverkar både som solist og som byggjar av hardingbratsjen og hardingcelloen.

Produsent Anne Hytta skildrar Istem som eit verk som ikkje let seg plassere i éin sjanger, men som rommar element frå fleire musikalske tradisjonar. Ho omtalar uttrykket som «vegarsk», sterkt farga av Vårdals musikalske erfaringar og dei personlege bidraga frå dei andre musikarane og instrumenta.

Bestillingsverket Istem vart urframført på Telemarkfestivalen 7. august 2025. Albumet blir lansert på Riksscenen 6. mars 2026, og hardingkvartetten spelar òg på Festspillene i Bergen 3. juni same år.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024