Folkemusikk logo
Logo

Nortopia debuterer med energisk og lyrisk vestlandsspel

Den nye folkemusikktrioen Nortopia slepper debutalbumet sitt 9. januar 2026 på plateselskapet Melovitten. Plata rommar 13 tradisjonelle slåttar frå Vestlandet, med tyngdepunkt i Hardanger- og Vossetradisjonen, og markerer eit nytt og friskt tilskot til det norske folkemusikklandskapet.

Nortopia slepper si fyrste plate i morgon. Foto Henrik Johansson Kull.

Nortopia slepper si fyrste plate i morgon. Foto Henrik Johansson Kull.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Trioen består av Ingrid Standal Sørheim på durspel, Johanne Løkensgard Mjøs på fele og hardingfele og Kristian Wolski på cittern. Saman har dei utvikla eit varmt og særmerkt ensembleuttrykk der klang, rytme og nærleik står sentralt, og der tradisjonsstoffet blir løfta fram i eit moderne, lyrisk og leikent samspel.

– Me har valt tradisjonsmateriale frå Vestlandet fordi det ligg oss nært, både musikalsk og personleg. Dette er det musikalske landskapet me kjem frå, og som inspirerer oss mest, seier Johanne Løkensgard Mjøs.

Nortopia eksperimenterer med instrumenta sine roller og byggjer bru mellom hardingfele- og toradartradisjonen. Ambisjonen er å gjera musikken levande for eit samtidspublikum, utan å miste forankringa i tradisjonen.

– Musikken vår handlar om energi, nærleik og samklang. Det er ekstra kjekt om me kan inspirera til meir samspel mellom hardingfele og durspel, seier Ingrid Standal Sørheim.

I løpet av 2025 har trioen gjeve ut tre singlar: «Kari Selland – springar av Halvor Sørsdal», «Fjellmannjenta – rull etter Anders Kjerland» og «Hallingkule etter Eldegard og Nedrelid». Alle har røter i Hardanger-tradisjonen og har fått god mottaking i folkemusikkmiljøet.

Folkemusikar Gabriel Fliflet omtalar Nortopia som «eit nytt stjerneskot i folkemusikkverda – dei speler saman som om dei har gjort det eit halvt liv allereie». Eli Storbekken meiner trioen «balanserer presist mellom det delikate og det kraftfulle, med eit samspel som får dansefoten til å vakne».

Repertoaret på albumet er hovudsakleg bygdedans, med innslag av runddans. Nortopia ønskjer samstundes å løfta fram dei korte slåttane frå Hardanger – små musikalske formar der mykje av sjela i tradisjonen ligg konsentrert.

Albumet blir gjeve ut på CD og LP 9. januar, og det er mellom anna planlagt platesleppkonsert i Bergen 26. januar.

Nortopia består av

Johanne Løkensgard Mjøs (f. 1990), Åsane – hardingfele/fele

Ingrid Standal Sørheim (f. 1996), Norheimsund/Voss – durspel

Kristian Wolski (f. 1987), Danmark/Arvika – cittern

Innspeling og opptak: Tor Magne Hallibakken.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024