Folkemusikk logo
Logo

Draumkvedet med Linda Røyseth Sandhåland og Bjørn Schille

På trettandedagen 2026 kom ei ny innspeling av Draumkvedet, med folkesongaren Linda Røyseth Sandhåland og gitaristen Bjørn Schille. Utgjevinga vart markert med konsert og plateslepp i ei fullsett Alversund kyrkje.

Bjørn Schille og Linda Røyseth Sandhåland (Foto, Yvonne R. Borlaug)

Tekst: Pressemelding/redaksjonen.

Draumkvedet er ei av dei mest sentrale mellomalderballadane i norsk tradisjon. Kvadet fortel om Olav Åsteson, som legg seg til å sova julaftan og ikkje vaknar før trettandedag jul. I draumen har han vore på ei ferd gjennom dødsriket, over Gjallarbrui og vidare gjennom både himmel og helvete. Etter oppvakninga rir han til kyrkja og fortel om det han har sett: løn for gode gjerningar, straff for det vonde og synet av domedag, skildra over 52 vers.

På denne innspelinga vert Draumkvedet framført i eit arrangement for kveding og 8-strengs hybridgitar, eit instrument som kombinerer elektrisk gitar og bassgitar i eitt og same instrument. Dei dramatiske orda og tonane som har gripe menneske i over 700 år, vert her underbygde og forsterka av klangar, tonar og effektar frå gitaren.

Bjørn Schille og Linda Røyseth Sandhåland (Foto, Yvonne R. Borlaug)

Sandhåland og Schille framførte Draumkvedet saman for første gong på trettandedagen i 2025, i samband med at Galleri Rustica arrangerte ei kunstutstilling med verk av den lokale kunstnaren Håvard Giezendanner, inspirerte av balladen. I tillegg vart det halde konsert med duoen. Framføringa vart svært godt motteken, og eitt år etter urframføringa er prosjektet no gjeve ut på plate. Prosjektet har fått økonomisk støtte frå Alver kommune.

Faktaboks: Draumkvedet

Tittel: Draumkvedet
Utøvarar:
– Linda Røyseth Sandhåland – kveding
– Bjørn Schille – 8-strengs hybridgitar

Utgjeving: 6. januar 2026
Format: Strøyming og CD

Platecover: Ferdi nordante og Ferdi sunnante
Kunstnar: Håvard Giezendanner

Støtte: Alver kommune

Strøyming:
Spotify Lenke til et annet nettsted.

CD-bestilling:
E-post: linda.royseth@online.no

Utøvarar på nett:
Linda Røyseth Sandhåland (Facebook): Lenke til et annet nettsted.

Om utøvarane

Linda Røyseth Sandhåland (f. 1981) er utdanna folkesongar frå Høgskolen i Telemark og Ole Bull Akademiet på Voss, og har mastergrad i etnomusikologi frå Griegakademiet ved Universitetet i Bergen. Ho er song- og musikkpedagog og logoped, og har arbeidd som frilans folkesongar sidan 1995. Sandhåland er kvalifisert for A-klassa på Landskappleiken, og framførte Draumkvedet i Fantoft stavkyrkje på trettandedagen i 2007. Saman med Kjersti Møllerup Wiik er ho redaktør for den digitale nettressursen Barnesongbokawww.strilakultur.no Lenke til et annet nettsted., og dei to leia òg eit toårig formidlingsprosjekt med lokale barnesongar i skular kring Bergen. Sandhåland har motteke fleire stipend og prisar for arbeidet sitt med formidling av folkesong frå kysten av Hordaland.

Bjørn Schille (f. 1985) er utdanna klassisk gitarist og musikkpedagog, med mastergrad i musikkvitskap. Han har arbeidd som gitarpedagog sidan 2009 og er frilans utøvar på akustisk gitar og 7- og 8-strengs hybridgitar, både åleine og i ulike konstellasjonar. Schille deltok med transkripsjon, gitarspel og lydinnspeling i prosjektet Barnesongboka saman med Sandhåland og Wiik, og var òg ein av instruktørane som underviste i lokale barnesongar i skulane i regionen.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024