Folkemusikk logo
Logo

Unike voksrullopptak med Knut og Johannes Dahle blir gjevne ut

Ta:lik lanserer no eit omfattande og historisk viktig utgjevingsprosjekt i samarbeid med Telemark museum: Rikard Berge – Phonograph Cylinder 1–171, basert på voksrullopptak Rikard Berge gjorde med spelemennene Knut J. Dahle og Johannes Dahle i 1912 og 1916.

Johannes og Knut Dahle. Foto Ole Bakke Norsk Industriarbeidermuseum.

Johannes og Knut Dahle spelte inn 171 slåttar for Rikard Berge på voksrull i 1912. Foto: Ole Bakke/Norsk Industriarbeidermuseum.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Opptaka er mellom dei eldste lydfestingane me har av hardingfelespel i Telemark, og dokumenterer både den aldrande tradisjonsberaren Knut Dahle (1834–1921) og ein ung Johannes Dahle (1890–1980) – åleine og i samspel. Totalt omfattar materialet 171 fonografrullar med slåttar som har vore heilt sentrale i Telemark-tradisjonen.

Rikard Berge stod for denne historiske lyddokumentasjonen. (1881-1969). Foto: Folkemusikkarkivet Telemark

Originalrullane vart nydigitaliserte av Nasjonalbiblioteket, før materialet har vore gjennom ein grundig restaurerings- og redigeringsprosess. Anders Erik Røine, medeigar i ta:lik og professor ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved USN Rauland, har stått for lydredigering og klipp. Arbeidet byggjer på inngåande kunnskap om hardingfeletradisjonen og forsking på takt og form i slåttespelet. Spelemannen Per Anders Buen Garnås har vore lydkonsulent og har skrive det omfattande tekstmaterialet til utgjevinga.

Les meir på heimesidene til Ta:lik her. Lenke til et annet nettsted.

Målet med arbeidet har vore å kome nærare korleis Knut og Johannes Dahle faktisk spelte. Det er gjort varsame inngrep for å fjerne hakk, justere nivå og i enkelte tilfelle supplere manglande tak frå same opptak. I tillegg er avspelingshastigheita justert svakt, basert på både tekniske vurderingar og samanlikning med Knut Dahle sine grammofoninnspelingar frå 1910. Resultatet er opptak som framstår både meir lyttarvenlege og – etter produsentane si vurdering – meir autentiske enn tidlegare utgåver.

Utgjevinga vert delt opp i fleire album. Frå torsdag 15. januar slepp ta:lik eitt album kvar fredag ut februar. Informasjon om låtar og detaljar vert publisert fortløpande.

Prosjektet er eigd av Ta:lik og Telemark museum, med økonomisk støtte frå Kulturdirektoratet. Utgjevinga gjev nytt liv til eit heilt sentralt kjeldemateriale i norsk folkemusikkhistorie og gjev høve til å møte med Dahle-tradisjonen slik ho kling i nokon av dei eldste lydspora me har.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024