
Torbjørn Bergwitz Lauen starta på nyåret som ny kulturrådgjevar i Noregs ungdomslag. Organisasjonen kjenner han godt frå før, for i NU har han hatt samanhengane verv lokalt, på fylkesnivå og nasjonalt frå han var 14 år og fram til i fjor vår. I fredagspraten denne veka fortel han om den nye jobben og blant anna om olsokdans på Færøyane og det enkle svaret på kvifor han dansar.
Torbjørn Bergwitz Lauen starta rett over nyttår som kulturrådgjevar i NU, ein organisasjon han har vore delaktig i sidan han var 14 år. Foto: Privat
Tekst: Johanne Flottorp
Som kulturrådgjevar i Noregs ungdomslag (NU), skal Torbjørn ha ansvar for folkedansfeltet, saman med fleire kollegaer. Men han er også prosjektleiar for Huset i Bygda Austlandet.
– Dette prosjektet handlar om ungdomshusa og grendehusa rundt om, og om å gjere lokallaga i stand til å vere gode huseigarar. Her får dei hjelp til alt frå å søkje pengar til korleis dei gjer brannvernrundar, seier Torbjørn.
Han fortel at det er 5500 frivillig drivne kulturbygg i Noreg. Innunder denne kategorien fell både grendehus, bedehus og skyttarhus, for å nemne noko. Det er altså mange hus som er knytt til andre organisasjonar enn NU også.
– Men drifta av eit bedehus og eit grendehus er ikkje så forskjellig. Organisasjonane treng hjelp, og NU har tatt ansvar i magne år nå. Husa er viktige for at folk skal ha ein plass å øve, ha dansefestar og så vidare. Dette er ein grunnleggjande infrastruktur i kulturfrivilligheita, seier Torbjørn.
Torbjørn kjem frå jobben som politisk rådgjevar i familie- og kulturfraktsjonen i Senterpartiet på Stortinget, og sjølv om ein del av jobben i NU også handlar om å jobbe politisk inn mot makta, har Torbjørn litt karantene utover våren.
– Eg slutta jo på Stortinget for to veker sidan, så det er ikkje eg som tek dei møta der nå. Men eg kan vere med og planlegge litt korleis me skal gå fram. Eg har lært mykje om politiske prosessar og kva ein må tenkje på i møte med representatar i den tida eg har sete på andre sida.
Han fortel at det mellom anna var travelt i haust, då bachelorutdanninga i dans på Rauland plutseleg stod i fare for å miste løyvinga si, ifølgje Regjeringas statsbudsjett for 2026.
– Det blei nokre hektiske dagar, der me prøvde å få folk til å forstå kva situasjonen eigentelg var. Og det greidde me, seier han.
Torbjørn har vore sterkt engasjert i NU heilt sidan han var tenåring. I april gav han seg som styreleiar i oganisasjonen, etter seks år. Før det har han vore innom mange ulike postar både lokalt og på fylkesnivå, og han har hatt kontinuerlege verv frå han var 14 år.
Han fortel at han gjekk nokre rundar før han søkte på jobben som kulturrådgjevar, sidan det var så kort tid sidan han gav seg i styret. Men alle andre i organsisajonen meinte det skulle gå bra. Uansett blei han dregen tilbake til NU, og pause frå organisasjonen blei ikkje lengre enn åtte månader.
– NU er ein organisasjon eg brenn for, og dette er eit fagfelt eg er interessert i og trivst med å jobbe med, seier Torbjørn.

Torbjørn Bergwitz Lauen og Signe Dorthea Krohn Gjessing etter premieutdelinga for Dans fele B på Landskappleiken 2024, der dei kom på 2. plass. Foto: Ole Johs Brye
Namn: Torbjørn Bergwitz Lauen
Fødd: 1990
Kjem frå: Oslo
Bur i: Oslo
Yrke: Kulturrådgjevar i NU
Kvifor dansar du?
Det er livet! Eg har ikkje noko anna svar. Dans er livet.
Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Eg var på ein nydeleg allehelgenskonsert i Lillestrøm kirke i november, med Ingrid Hjerpseth som spelte orgel og Ida Charlotte Finstad som song.
Og så var eg også ein tur på Blodklubb i november!
Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Eg har høyrt veldig mykje på «Ompa til du dør» av Kaisers Orchestra. Den går eg på ein måte aldri lei.
Nemn ei av dei største folkemusikkopplevingane du har hatt.
Det må ha vore då eg var på Færøyane på olsok i 2018 og fekk danse færøydans med mange tusen færingar. Ved midnatt på olsok dansar dei «Ormen lange» midt i Torshavn. Først er det ein time med allsong, der 10-20 tusen er med og syng, og så tek dei saman og dansar. Det var heilt fantastisk å vere med på.
Kva ønsker du deg for folkemusikken og folkedansen i 2026?
At endå fleire skal få ta del i kulturarven vår, og at endå fleire skal få augo opp for kor moro det er med folkedans og folkemusikk. For å få til det, må me jobbe saman, alle i miljøet.
Sist oppdatert
