
Silje Onstad Hålien frå Valdres er tildelt prisen Årets folkedansar 2025 under opninga av folkedansfestivalen Dans, dans, dans i Oslo. Ho vert heidra for eit kunstnarskap som kombinerer djup tradisjonskunnskap med ein open og utforskande scenisk praksis – og for å ha utvida forståinga av kva norsk folkedans kan vere i samtida.

Silje Onstad Hålien vart kåra til årets folkedansar på opninga av festivalen "Dans, dans, dans" i går. Foto: Knut Utler.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Juryen bestod av representantar frå Riksscenen, FolkOrg, Samspill, Danseinformasjonen, BLS og kultursektoren i Ål kommune
– Silje har ein heilt eigen evne til å ta vare på tradisjonen samstundes som ho utfordrar henne, seier juryen i grunngjevinga. – Ho opnar rom for nye måtar å sjå folkedansen på, utan at røtene forsvinn.
Hålien er folkedansar og dansekunstnar frå Valdres, med bakgrunn frå tradisjonell dans i Vang. Vidare har ho utdanning frå danseline på Stange, Den Norske Balletthøgskole i Oslo og Dance New Amsterdam i New York.
I over 15 år har ho arbeidd i skjeringspunktet mellom folkedans, moderne dans og teater. Gjennom eigne produksjonar har Hålien utvikla eit uttrykk der samspelet mellom musikk og dans står sentralt, med levande musikk og improvisasjon som kunstnarleg metode.

Silje Onstad Hålien under Førdefestivalen i fjor. Foto: Lieve Boussauw.
Arbeidet hennar har nådd både norske og internasjonale scener, frå Fagernes kulturhus til Royal Albert Hall i London.
– Det er sjeldan vi ser ein utøvar som så tydeleg knyter saman tradisjonell dans, samtidsuttrykk og scenisk presisjon, skriv juryen. – Silje viser at folkedansen både kan vere historisk forankra og kunstnarleg nyskapande.
Eit gjennomgåande tema i Hålien sitt kunstnarskap er kvinnekroppen sin plass i ein sjanger som historisk har vore dominert av menn, særleg innan hallingdansen.
Gjennom kompaniet Mamelukk har ho bidrege til å opne tradisjonsdansen for nye perspektiv og erfaringar. I 2025 var Silje Onstad Hålien ambassadør for Dansens Dager, og same året vann kompaniet Mamelukk prisen for Årets produksjon på Folkelarm med framsyninga The Dancers’ Brew.
Ho turnerer i dag internasjonalt som koreograf og utøvar.
– Ho løftar fram både kjønn, kropp og scenisk identitet i folkedansen på ein måte som betyr mykje for utviklinga av feltet, grunngjev juryen. – Difor var ho eit naturleg val som Årets folkedansar.
Sist oppdatert
