Folkemusikk logo
Logo

Dans, dans, dans: Folkedansbølgje over Oslo

Folkedansfestivalen Dans, dans, dans er i gang i Oslo. På tolv dagar skal over 40 arrangement og aktivitetar arrangerast på ei rekkje scener i byen. Festivalen spenner frå bygdedans og kurs til samtidsdans, debattar og store dansefestar. Me har snakka med festivalsjef Rannveig Øygardslia om profilen på årets festival, kvifor folkedansen står så sterkt akkurat no, og kva publikum særleg bør få med seg.

Festivalsjef Rannveig Øygardslia saman med helgas prisvinnarar Vilde Ellegaard Westeng og Silje Onstad Hålien. Foto: Runhild Heggem / Dans, dans, dans.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud.

Det går, ifølgje festivalleiinga, ei tydeleg folkedansbølgje over både Noreg og Europa. Øygardslia meiner interessa for tradisjonsdans er i ferd med å finne nye former og nye rom.

– Folkedans har på eit vis vorte meir kult og interessant. Stadig fleire har lyst til å vera med på kurs og dansefestar. Det er mykje meir merksemd rundt folkedansen i Oslo, men også andre stader i landet. Gullet i folkedansen er samværsdansen. Det blir snakka om at folkedansmiljøet er varmt og inkluderande, og fleire oppdagar at det er ein fin plass å vera.

Ho peikar mellom anna på korleis både bygdedans, pols og springar dukkar opp i nye samanhengar.

– Det heng nok saman med dreiinga som går dit at mange frå ulike miljø søker seg attende til røtene. Når ein tør å tøye og strekke litt på rammene, så er det plass til fleire. Folk skjønar då at det er ikkje berre dei på over 80 som driv med dette. Mange kan ha opplevd miljøet som litt tungrodd og elitistisk tidlegare, no ser ein at det er fleire måtar å gjera det på.

Festival med mange rom

Årets utgåve av Dans Dans Dans byr på meir enn 40 arrangement fordelte på ti ulike arenaer – frå Riksscenen og Dansens Hus til Melahuset, Bygdelagshuset og Rom for Dans.

– Korleis har de tenkt når de har bygd programmet? Kva slags festival vil de vere?

– Utgangspunktet for etableringa av festivalen var at folkedansarane skulle få meir synlegheit og at utøvarane skulle få vise seg fram. I starten vara festivalen éin dag, no er han utvida til 12 dagar. Me har også fått med oss fleire partnarar som jobbar med andre ting enn norsk tradisjonsdans.

Øygardslia forklarer at festivalen rommar både framsyningar, kurs, dansefestar, seminar og opne øvingar.

– Kvifor er det viktig for dykk å kombinere scenekunstnarar, fagpersonar og grasrota på dansegolvet?

– Saman er me sterkare. Difor vil me løfte fram heile breidda. Me er i utgangspunktet eit lite miljø, derfor er det fint å samarbeide og løfte fram gullet som er i dansen.

Også i år deler festivalen ut både «Årets folkedansar» Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., samt dei nye prisane «Årets unge folkedansar» Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og «Årets eldsjel».

– Kvifor har de innført nye prisar, og kva ønskjer de å løfte fram med dei?

– Det er så utruleg mange gode krefter som me ynskjer skal få den merksemda dei fortener. Det er artig å sjå at prisvinnarane med desse utdelingane blir verdsette og løfta fram i lokalmiljøa sine. Det er mange av vener, kollegaer og liknande som ikkje er klare over prestasjonane deira som folkedansarar, og at dei spelar ei så viktig rolle som miljøbyggarar.

Øygardslia var med og produserte Dansens Dager-dansen som vart lansert i fjor. Sjå denne her.

Tradisjon møter samtid

Eit sentralt spor i programmet er møtet mellom tradisjonsdans og samtidskunst. Framsyninga Sweet Spot av Harald Beharie, panelsamtalen «Om tradisjon og samtid» og fleire produksjonar peikar i denne retninga.

– Kva meiner du skjer når tradisjonsdans møter samtidsfeltet?

– På den eine sida når me ut til fleire, og me treff andre målgrupper som ikkje driv med folkedans til vanleg. Samtidig er ikkje tradisjonsdansen statiske, arkeologiske funn. Han har nokre særeigne kvalitetar og eksisterer nettopp fordi han lever i lag med samfunnet og folka. Det finst menneskelege verdiar og kvalitetar i folkedansen som engasjerer. Han ber med seg element frå langt attende i tid som også råkar folk i samtida.

Øygardslia meiner slike møte kan styrkje begge sider.

– For meg er det ikkje nødvendigvis noko motsetnader. Eg vaks opp i folkemusikkmiljøet, deretter tok eg utdanning innan klassisk ballett, jazzdans og moderne dans. Eg følte eg ikkje høyrde heime nokon plassar, men no føler eg at eg har landa godt båe stader. Fordi det viktigaste er dansen.

Festival for heile breidda

Dans Dans Dans rettar seg ikkje berre mot profesjonelle utøvarar, men også mot barn, ungdom, seniorar og heilt nye dansarar. I programmet finn ein alt frå barneverkstader og seniortrreff til kræsjkurs i dabke, sydis og rørospols.

– Kven ønskjer de at skal kjenne seg heime på festivalen?

– Alle! I folkedansen kan alle finne plassen sin. Det er ikkje me som har funne opp heile festivalprogrammet, me har berre samla alle dei gode kreftene under den same paraplyen for å synleggjera det som finst der ute.

– Kor viktig er rekruttering og låg terskel for å kome inn i folkedansen?

– For meg er noko av det som kjenneteiknar dette miljøet denne låge terskelen. Me er ikkje eit superstort miljø, og denne bølgja vil ikkje vara evig. Vil ein at det skal leva vidare, så må ein opne opp for at så mange som vil kan delta i det. Ein kan snakke så mykje ein vil om immateriell kulturarv og røter, men det handlar vel så mykje om grunnleggjande mennesklege behov. Det er noko med dansen som tickar av på så mange boksar. Om alle hadde dansa litt meir, hadde verda vorte betre!

Med eit omfattande og kvalitetsfylt program er det mykje å velje i. Dermed ber me festivalsjefen om å gjera den vanskelege oppgåva om å trekke fram nokre personlege høgdepunkt under årets festival.

– Eg gler meg aller mest til fredag 30. januar. Då er det fyrst «Work in progress»-visningar på dagen, og på kvelden kjem m.a. Vetle Springgard med sitt prosjekt Para-Poly før det blir dansespel utover natta. Blant anna ser eg fram til Villdans med Mamelukk og Naaljos Ljom. Så blir det stas å dele ut prisar, og eg gler meg til å danse i dagesvis!

Villdans med Mamelukk og Naaljos ljom er ein av programpostane Øygardslia gler seg spesielt til.

 

Blikk framover

– Kva ønskjer du at festivalen skal setje i gang både i miljøet og hjå publikum?

– Aller mest at fleire skal danse meir. Det er både festivalen sitt og mitt personlege mål. Det langsiktige målet for festivalen er at me skal kunne eksportere meir norsk dans internasjonalt. Me håpar at det også opnar spørsmål om kven som får pengar og kven som får plass.

Ho peikar på at det er ein nokså liten del av det samla dansefeltet i landet som får synlegheit og økonomisk støtte, no vil dei løfte fram både den norske tradisjonsdansen og danseuttrykka til minoritetane her til lands. Det er ein marginal del av midla som går til den norske tradisjonsdansen, og endå mindre som går til minoritetane sine kulturuttrykk og tradisjonsdansar i forhold til det som går til samtidsdans og ballett.

– Kvar er Dans Dans Dans på veg dei neste åra?

– Me skal ekspandere, men passe på at me klarer å henge med. Me skal ha eit rikare og meir omfattande program, utan at me mistar kjerna vår, den norske folkedansen skal vera i fokus. Me må også ha ein modell som gagnar både utøvarar, arrangørar og publikum på best mogleg vis.

Fakta: Dans, dans, dans 2026

Tid: 21. januar – 1. februar
Stad: Fleire scener i Oslo
Arrangørar: Sprang og Riksscenen i samarbeid med ei rekkje aktørar innan folkemusikk og folkedans: blant andre FolkOrg, NU, BLS og SFF.

Les meir her. Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024