
Dette året har Kongsberg spel- og dansarlag gjort ein vri på Markenskonserten. For å nå ut til fleire folk, arrangerer dei konserten nå på fredag 30. januar, på konsertstaden Energimølla. Skurken på dansegolvet er hovudattraksjonen, men det blir også kurs i gammaldans.
%20Pressebilde%20Skurken%20(1).jpg)
Skurken på dansegolvet spelar den tradisjonsrike Markenskonserten på fredag.
Tekst: Johanne Flottorp
I år har Markenskappleiken på Kongsberg blitt arrangert i det formatet me kjenner den i 70 år. Kongsberg spel- og dansarlag var nemleg vertskap for denne kappleiken for første gong i 1956. Kappleik har det likevel vore på Kongsberg i mange år før den tid, og historiene om kappspeling på Kongsbergmarken, er mange og gamle.
Markenskonserten har vore ein fast programpost når laget arrangerer kappleik så lenge ein kan hugse. Men i år blir denne konserten arrangert ein månad før kappleiken.
Av praktiske årsaker var det greiast slik i år. Laget ville flytte konserten ut frå Lågdalsmuseet og ned på Energimølla, og då blei det denne fredagen.
Kongsberg spel- og dansarlag er ein av stiftarane bak Energimølla, og no jobbar dei for å få til ein og gjerne to folkemusikkonsertar der i halvåret. Tidlegare har mellom anna Bukkene Bruse, Reitir og Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen spelt konsert der, og det har vore kræsjkurs i teledans.
– Me jobbar stadig for å nå ut til fleire folk. Under Markenskonserten nå på fredag skal det blir arrangert kræsjkurs i gammaldans, med mellom anna reinlender og vals, fortel Elin Hansson som sit i styret i Kongsberg spel- og dansarlag.
At det er desse dansane dei konsentrerer seg om denne gongen, er ikkje tilfeldig.
– Kongsberg er eit brytningspunkt for folkemusikken, her møtast fleire tradisjonar, og me har i tillegg til bygdedansen lang tradisjon for toradar, trekkspel og flatfele nedover i Sandsvær, fortel Hansson.
28. februar blir det tradisjonell kappleik på museet, med sjokoladekappleik før den vanlege tevlinga. Etterpå er det dansefest med kanskje det viktigaste; konkurranse om å gjere det høgste bjellesparket.
For å markere 70-årsjubileet til kappleiken, skal dommarane i år plukke ut to deltakarar frå C- og junior-klassene dei synest har utmerkt seg ekstra og som skal få eit stipend frå Hellik Dokkas minnefond på 5000 kroner kvar, ein frå Kongsberg Spel- og Dansarlag og ein som ikkje er medlem av laget.
Folkemusikk kjem attende med ei sak om historikken til kappleiken i høve jubileet.
Sist oppdatert
