Folkemusikk logo
Logo

Fredagspraten med Vilde Westeng

Vilde Westeng blei på laurdag kåra til Årets unge folkedansar under Dans Dans Dans-festivalen. Festivalen held fram denne helga, og i dag skal Vilde vise fram delar av ei ny framsyning ho jobbar med.

Vilde Westeng på Landskappleiken i 2024. Foto: Knut Utler

Vilde Westeng på Landskappleiken i 2024. Foto: Knut Utler

Tekst: Johanne Flottorp

Saman med Anne Heidi Kvam Hillestad og musikar Sindre Tronrud skal Vilde i dag vise fram eit kvarter av ei forestilling dei tre held på å lage. Dette er ein av åtte produksjonar som blir vist for spelestader, arrangørar og publikum under Dans Dans Dans-festivalen.

– Me lager ei forestilling som har mykje tekst i seg og så kombinerer me dette med dans og musikk. Eg trur me har skrive ferdig alle tekstene, så no set me bevegelese desse. I det siste har me prioritert å jobbe fram eit fint utdrag av heile forestillinga som me skal vise på Riksscenen, seier Vilde.

Forestillinga handlar om mødrer.

– Me vil heidre våre eigne mødrer og mødrer generelt gjennom ei ærleg forestilling om kjærleik, frustrasjon og sinne, eigentleg alle kjenslene ein har i ein relasjon med mor. Kanskje er dette ei slags orsaking for den oppførselen ein har i tenåra. Når ein blir eldre skjønner ein at ein kanskje har vore litt urettferdig, seier Vilde.

Tidlegare har Vilde jobba litt med tekst, men då meir i ein teaterretning. I haust var ho med i ei framsyning Vetle Springgard regisserte på Det norske teatret, og der måtte ho lære seg mange replikkar. I denne framsyninga er det annleis.

– Her jobbar me med tekst meir i eit slags diktformat, og det er ei ny erfaring. Me har skrive teksten som om me er kvarandres tankar, på eit vis, seier ho.

På laurdag blei to danseprisar delt ut under festivalopninga av Dans Dans Dans. Vilde fekk prisen for Årets unge folkedansar, medan Silje Onstad Hålien fekk prisen Årets folkedansar.

– Det var utruleg stas. Eg visste ingenting på førehand og blei tatt litt på senga. Festivalsjef Rannveig sende meg melding og spurde om eg kom på opninga, og då tenkte eg at det kunne eg vel, eg var i Oslo og hadde fri, seier Vilde.

– Å få ein slik pris var veldig koselig og fint, og særleg å få den samtidig med Silje var spesielt, seier ho vidare.

Festivalen går vidare inn i helga, og Vilde skal i tillegg til å presentere det ho jobbar med, vere mykje på dansegolvet, samt jobbe i baren på Riksscenen.

– Det eg gler meg mest til, er å møte andre kjente på dansegolvet. Det er alltid hyggeleg når ein dansast, som eg kaller det, med folk ein ikkje har sett på ei stund.

 

Foto: Runhild Heggem

Vilde Ellegaard Westeng med dansepartnar Neri Sørnæs Bakkjen på Landskappleiken 2023. Foto: Runhild Heggem

Namn: Vilde Ellegaard Westeng

Fødd: 2001

Kjem frå: Gransherad

Bur i: Oslo

Yrke: Frilansar, i tillegg til deltidstilsett som publikumsvert og bartendar på Riksscenen.

Kvifor dansar du?

Eg bare byrja ein gong, og så har eg etterpå falle totalt for dansen i seg sjølv og det dansen gjer med kropp og sinn. Men det er også det at ein kjenner på å vere del av eit så stort og fint miljø. Å få jobbe kreativt med dansen, det har også opna endå ei ny dør for meg. Andreas Ljones, Silje Onstad Hålien og Vetle Springgard har tatt meg med på ulike prosjekt og introdusert meg for det sceniske arbeidet. Nå er det fint å ha sett av tid til å prøve ut eigne i dear.

Kva var den siste konserten du var på som publikummar?

Det var på sesongopninga på Riksscenen førre helg, med Diket, Gabba og Reôlo. Det var sjukt, heldt eg på å seie. Ein stappa hovudsal med eit ståande publikum. Når Reôlo spelte, blei det ein slags moshpit av bygdedans, og det var ganske kult.

Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?

Eg har blitt veldig glad i det eine albumet til Sivert Holmen og Bjørn Kåre Odde, Føreferd. Det er eit album eg alltid kjem tilbake til når eg berre skal finne musikk å kose meg med. Det er veldig behageleg musikk å høyre på, så eg finn ei slags ro når eg set det på.

Nemn ei av dei største folkemusikkopplevingane du har hatt.

Det må ha vore på Osafestivalen eit år, då eg såg «Dei gamle er eldst» (av og med Silje Onstad Hålien, der ho dansar med fleire av sine førebilete, journ.mrk). Det var utrulig rørande å sjå.

Kva ønsker du deg for folkemusikken og folkedansen i 2026?

Det er jo ei folkedansbølgje om dagen, noko som er veldig positivt for alle oss som driv med det og for miljøet generelt. Eg håper at me som miljø klarer å ta imot alle nye og behalde dei. Då tenkjer eg i hovudsak at me må halde fram med å vere opne og imøtekommande, noko eg opplever at miljøet er, samt ha tilbod som appellerer til fleire.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024