
I Oslo veks det fram eit heilt spesielt miljø for unge spelemenn. Med røter i både det klassiske og det tradisjonelle har barnespelmannslaget Slåttestjernene blitt ein stad der felespelande barn får trampe takta, sleppe laus spelegleda og ta vare på norsk folkemusikk.

Slåttestjernene under leiing av Åshild Breie Nyhus. Foto: Knut Utler.
Tekst: Redaksjonen
Bak satsinga står folkemusikar og fiolinist i Oslo-filharmonien, Åshild Breie Nyhus som til dagleg spelar både fele, hardingfele, bratsj og nyckelharpe – og som for tre år sidan tok initiativ til å starte eit barnespelmannslag i hovudstaden.
– Mange av barna i Oslo spelar klassisk til vanleg. I Slåttestjernene får dei høve til å slå ut håret litt, trampe takta og verkeleg hengi seg til folkemusikken, fortel Breie Nyhus.
Ideen til laget voks fram i samtalar med faren, Sven Nyhus, kort tid før han gjekk bort.
– Noko av det siste vi snakka om var ideen min om å starte eit barnespelmannslag her i byen, med utgangspunkt i det klassiske miljøet. Vi hadde begge ein fot i kvar sjanger og levde heile livet med både folkemusikk og klassisk side om side. Eg heldt lovnaden min, og våren 2023 hadde Slåttestjernene sine første øvingar.
Starten var forsiktig, med seks–sju barn, og dei rekrutterte etter kvart elevar frå Barratt Dues Musikkinstitutt, der døtrene hennar gjekk.
– Det vart raskt eit veldig fint lag, og dei storkosa seg frå første stund. Barna held eit ganske høgt nivå sidan dei er tidleg skolerte.

Slåttestjernene har vorte eit populært tilbod for ungane med klassisk bakgrunn. Foto lånt av Åshild Breie Nyhus.
I dag tel Slåttestjernene opp mot 17 barn mellom sju og elleve år. Dei jobbar prosjektbasert med øvingar og avsluttande konsertar, og repertoaret veks heile tida.
– Hovudformålet er å la barna spele og ta vare på den gamle folkemusikken.
Hovudtyngda ligg i tradisjonsstoff, mykje frå familietradisjonen til Breie Nyhus frå Rørosdistriktet, men laget er også innom andre dialektar og uttrykk. Den siste tida har ensemblet vorte utvida med både cellistar og bassistar, og fleire av barna har også byrja å spele hardingfele.
– Barna lærer nye slåtter heile tida, og no har vi fått eit stort repertoar. Det er utruleg inspirerande å sjå kor raskt dei tek stoffet, seier Breie Nyhus.
Trass i ung alder har Slåttestjernene allereie markert seg tydeleg i hovudstaden. Mellom anna har dei spelt:
Sist oppdatert
