
I tolv dagar har folkedans vore i fokus i hovudstaden. Det har vore så populært at Riksscenen har fått besøksrekord.

Madam Jam hadde smekkfullt golv på laurdagskvelden under Dans Dans Dans.
Tekst og foto: Sunniva Langås-Røiland
For fjerde gong blei dansefestivalen Dans dans dans arrangert på fleire scener i Oslo. Danseglade i alle aldrar har vore på kurs, debattar og dansefestar i tolv dagar.
Årets program har vore stappa med over 40 arrangement. Blant dei har det vore opne øvingar i danselag i Bygdelagshuset og leikaringen i BUL. Folkemusikk tok turen innom Nummedalslaget som har øving annankvar måndag og hallinglaget som har øving annankvar onsdag i Nordahl Bruns gata.
Instruktør i Numedalslaget, Nils Øyvind Bergset, synest det er moro å vere ein del av Dans Dans Dans.
– Det hjelper for marknadsføringa. Festivalen dreg nye fjes, så det er ein fin måte å vise oss fram på, seier instruktøren.
Han er nøgd med oppmøte denne måndagen. Både faste, nokre som har vore innom iblant og nokre heilt nye har teke turen. Bergset fortel at dei i fjor hadde kræsjkurs på Riksscenen, og at det då var veldig mange folk.
– Det var veldig artig, men det er veldig bra oppmøte i kveld òg. Det har i kveld vore omtrent som når oppmøte er på sitt beste, men med nokre nye, avsluttar han.
Terje Grangård er leiar i Hallinglaget i Oslo, og har vore det i over 20 år. Han fortel at fleire nye hadde møtt opp for å danse denne onsdagen, til og med nokre som aldri hadde dansa før.

God stemning på øving i Hallinglaget under Dans Dans Dans.
– Det kom ti ekstra i dag på grunn av festivalen, så eg trur me passerte 50 deltakarar. Elles så ligg me mellom 35 og 40 på øvingar, og det er i grunn passe. Då får me eit kjempestort langbord, fortel han.
Etter pandemien har laget vakse.
– Før pandemien var det cirka 15-20 deltakarar, så ulempa no er at ein ikkje får dansa og prata med alle. Det er gøy at det er mange og at det blir betre økonomi, sjølv om me no har to spelemenn.
Grangård trekk fram gode spelemenn som viktig grunn til at det gror godt.
– Det er veldig koseleg stemning i hallinglaget, synest eg. Å vere leiar må vere den beste aktiviteten ein kan ha som pensjonist. Eg får treffe unge og vaksne positive folk, frå 16-80 år, seier leiaren i Hallinglaget i Oslo.
Fleire minoritetar var synlege under Dans dans dans. Norsk senter for folkemusikk og folkedans arrangerte fagdag med nasjonale minoritetar, og det var kurs i sørsamisk sydisdans. I løpet av festivalen var det òg samling med kvenske og skogfinske ungdommar.
Framsyninga Karhutannsi hadde nypremiere på festivalen, og er offisielt den første kvenske danseframsyninga. Astrid Serine Hoel er koreograf og dansar, og i denne produksjonen også kostymedesignar og scenograf.

Framsyninga Karhutannsi hadde nypremiere på festivalen
– Eg har gjort eit arbeid sidan 2017 med å leite fram kvenske dansar, for eg har kvensk bakgrunn. Det er pionerarbeid sidan kvensk dans ikkje har blitt sett opp i scenisk samanheng tidlegare, seier ho.
Danseframsyninga har vore ein stor suksess, så dei har reist mykje med ho allereie. No skal dei ut att på vegen.
– Det er ikkje vanleg at danseproduksjonar får så langt liv, så eg er superglad for at me no i 2026 skal på ny turné, fortel koreografen.
Hoel hadde eit innlegg om revitalisering av kvensk dans på festivalen, og ho har tidlegare heldt mange dansekurs.
– No har me ei talentsatsing saman med Riksscenen og Kventeatret som heiter Folk Session med ti nye talent innan teater, dans og musikk. Det er stadig fleire som oppdagar at dei er kvenske og vil ta tak i tradisjonen, seier ho.
Hoel jobbar for å få fleire kvenske stemmer.
– Me treng fleire som spreiar danse- og musikktradisjonane, så det er veldig morosamt at det skjer, avsluttar ho.
Festivalsjef Rannveig Øygardslia er nøgd med årets festival.
– Det har gått veldig bra, og det har vore ekstremt mykje folk, seier ho.
På laurdag blei det publikumsrekord på Riksscenen med over tusen billettar fordelt på 12 timar med arrangement. Det var 120 på Dansefest for barn og unge, 80 deltakarar på kræsjkurs i rørospols, rundt 300 på Vinterens store dansefest og over 450 på Tuvas blodklubb.

Plateaktuelle Skrot var på årets program.
– Det er ganske rått at det kjem over 400 for å høyre solo og duo langeleik, seier festivalsjefen.
Det var ikkje berre mange folk på laurdagen. Oppmøtet har vore godt på heile festivalen.
– Kursa har slått godt an, og det er mange på veg inn i dansemiljøet. Dei ulike laga dreg veksel på kvarandres publikumsgrupper, som gjer at alle får oppsving av aktivitet, fortel Øygardslia.
Festivalsjefen trekk fram samarbeidet med andre dansemiljø.
– Me har hatt panelsamtalar der ein har diskutert kven som får plass på norske dansescener. Andre dansesjangrar peiker på dei same utfordingane som folkedansen. Ein får ikkje tid på scena eller pengar frå støtteordningar, forklarar ho.
Festivalens offisielle opning var på Melahuset som er ein scene for fleirkulturelle kunst- og kulturutrykk.
– Det var fint å vere der og ha eit samarbeid med Nordic Black Theatre. Me sit med sama utfordringar og bør gå til samla front for å jobbe mot hegemoniet, seier Øygardslia.
Festivalen har fått ros for breidda med ulike arrangørar, opplegg og tilbod.
– Det har vore utruleg god stemning alle dagar. Me har fått hyggelege tilbakemeldingar om at folk har kosa seg — både dei på Lilleriksen som ikkje kan gå og godt vaksne som har vore på dansefest og framsyningar, seier ho.
Det første året var det berre éin dag for utøvarar. Årets festival var tredje utgåve over fleire dagar, men dei har framleis utøvardagen med visningar.
– Det er eit skikkeleg fint utstillingsvindauga for kva som rører seg med unge talent og drivne utøvarar. Denne dagen er ein fin arena for utøvarar og bransjefolk, meiner festivalsjefen.
.jpg)
Martin Myhr og Gunnlaug Lien Myhr fekk saman med Vilde E. Westeng og Silje O. Hålien dei tre prisane under årets Dans Dans Dans. Foto: Runhild Heggem.
Øygardslia trekk fram prisane som blir utdelt på festivalen. Dei kjem frå eit samla dansefelt med ein jury med representantar frå BLS, Riksscenen, Folkorg, Danseinformasjonen, Samspill og kulturavdelinga i Ål kommune. Vilde Ellegaard Westeng blei kåra til «Årets unge folkedansar», Silje Onstad Hålien «Årets folkedansar», og Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr fekk den gjeve «Årets eldsjeler».
– Det er supergøy å få delt ut prisar og gjere stas på folk. Det er fint å heidre dei i miljøet vårt, men det er ekstra stas når dei blir lagt merke til og får meir fortent anerkjenning i lokalmiljøet, seier Øygardslia.
Blir det festival neste år igjen?
– Datoen er allereie sett og Facebook arrangement er laga, så då må det bli noko av, seier festivalsjefen til slutt med eit godt humør.
Sist oppdatert
