Folkemusikk logo
Logo

Fredagspraten med Leif Inge Schjølberg

Leif Inge Schjølberg er med i komiteen som i regi av Vågå spel- og dansarlag arrangerer den årlege Folkemusikktreffen i Vågå. På laurdag slepper han også plate i lag med fire familiemedlemmar!

Leif Inge Schjølberg slepper plate i lag med fire familiemedlemmar under Folkemusikktreffen i morgon. Foto: Thomas Westling/FolkOrg.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Folkemusikktreffen i år startar med ein konsert fredagskvelden der brørne Kjorstad let låttar etter Ola, Petter og Borgny Eide.

– Dei hadde ein særmerkt spelestil som Kjorstad-karane har interessert seg for, fortel Schjølberg.

Det blir konsert med låttar i Eidetradisjon i Vågå i kveld. Foto: Vågå spel- og dansarlag.

 Deretter er det dans på Vågå hotell, mest gamaldans, men også springleik og pols. Laurdagen er det dansekurs, både halling, springleik, pols, masurka og gamaldans.

– Vi har prøvd å legge til rette for dans. Dette er ein av dei beste arenaene for springleik. For dei som er interessert i litt forskjellig dansetypar, så er dette eit fint arrangement, ikkje minst med tanke på dei varierte dansekursa.

Sjølv om ein har dansa ein del, kan desse vera interessante i og med at ulike kurshaldarar gjer det på litt ulike måtar, legg han til.

 Etter kursøktene blir det ein mønstringskonsert der kven som helst kan stille. Det er det mellom anna to plateslepp, både med Schjølbergs og gruppa Skrot. På ettermiddagen er det kappleik for barn og unge.

– Vi har i år gjort eit nummer ut av at det er buskspel på bokhandelen. Folk har fått kome med forslag til leikje som kan låtast. Det blir låttar i G- og C-dur, slik at dei fleste instrumenttypane kan vera med.

Nedslagsfeltet til Folkemusikktreffen er primært Gudbrandsdalen, men det er også tilreisande både frå vestlandet og Trøndelag.

 I år slepper Leif Inge Schjølberg plate i lag med heile fem familiemedlemmar. Det er med far Ivar (f. 1940), bror Jostein (f. 1964), og sønene Anders (f. 1992) og Eirik (f. 1994). Far Ivar flytte til Vågå i 1963. Han vart med i spelemannslaget, og sidan har familien Schjølberg vore sentrale drivkrefter i folkemusikkmiljøet både i Vågå, men også på landsbasis. I 2016 kom han ut med si fyrste plate på Ta:lik, med tittelen «Tjorhæl’n» Åpnes i nytt vindu.. No meinte Niels Jørgen Røine i Ta:lik at det var på tide at han skulle spela plate att.

 – Eg har lært mange posisjonsleikar, og eg tenkte eg ville gjera noko med desse.

Det er først og fremst Petter Eide (1911–1994), Ola Flaten (1911–1998) og Jakob Skogum (1923–2013) han har desse etter. Det er særleg i Lalm og Sjårdalen ein har spelt i posisjon i tradisjon etter Ola (1844–1923) og Iva Bråtå (1827–1916). Per Brenden (1886–1963) lærte mykje av Iva Bråtå, som han lærte vidare til Skogum og Petter Eide, læremeistrane til Schjølberg. Ein del av materialet kan rekkjast attende til Fel-Jakup (1821–1876).

– Petter sa det at ein var ikkje rekna som spelemann på Lalm før ein kunne spela posisjonsleikje.

Den legendariske Iva Bråtå frå Lalm hadde mange posisjonsleikje på repertoaret. Foto: Pål Kluften/Maihaugen.

 Med desse låttane får ein eit litt anna klangbilde. Det er låttar på både GDAE og ADAE, og låttar både i andre- og tredjeposisjon. Det er ein annan type låttar, kanskje ikkje så avanserte, men gode å danse etter, meiner Schjølberg. På plata er det 16 springleikar og to valsar.

– Petter Eide sa at dei gjerne spelte ei springleikkule og ein kvilarvals innimellom.

Leif Inge meiner dei eignar seg best i samspel, difor fann han ut at han ville involvere familiemedlemmane. Sønene er med på alle låttane, medan broren og faren er med på to spor.

Ein del av stoffet er ikkje innspelt før. Somme av låttane stort sett berre vore brukt i Lalm og Sjårdalen, men ein del er også kjente andre stader.

– Eg vil tru at ein del av dei er vandrarleikje, føyer han til.

Anders Schjølberg har lagt på ein del stemmer, men det viste seg at når ein skal spela fleire saman med posisjon, stemmer og grovt og grant, så skal det ein del til før det klaffar.

– Vi har drive på ei stund, og vi øvde ein del både i forkant og mens vi dreiv på. Både takt og rytme skal stemme, og ikkje minst at det skal låte reint i posisjon.

 Dei har spelt inn plata i to omgangar i 2024 og 2025. Kjell Erik Killi-Olsen lånte ut kapellet sitt på Sandbu, og der hadde dei også ein konsert for å få midlar til å produsere plata.

– Det er ikkje så lett å finansiere plater i dag. Det er vanskeleg å nå gjennom på dei nasjonale søknadsordningane.

Dei fekk inn bra med midlar på konserten, og i tillegg har Vågå kommune og spel- og dansarlaget bidratt med støtte. No er plata kome att frå trykken, og alt er klart for plateslepp på laurdag.

Fredagspraten er ei fast spalte på folkemusikk.no med aktuelle personar i folkemusikk- og folkedansmiljøet. Tidlegare gjester finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Fakta:

Namn: Leif Inge Schjølberg

Fødd: 1966

Kjem frå: Vågå

Bur på: Vågå

Yrke: Elkraft-ingeniør

– Kvifor spelar du?

– Eg er vel arveleg belasta. Eg hadde to bestefedrar som spelte, den eine spelte salmar, den andre pols. I tillegg spelar far, så ein blir nok påverka som liten. Eg begynte med fele som 8-åring, spelte eit par år, og heldt på å slutte. Men så vart eg eldre og ivrigare, og begynte å lære leikje sjølv. Då var det gjort.

– Kven har vore dei fremste læremeistrane dine?

– Eg starta hjå Hans Holen, han og starta felekurs på privat intiativ i Vågå på 60- og 70-talet. I ten- og tjugeåra fekk eg for meg at eg skulle lære av spelemennene som var fødde mellom 1910- og 1930-talet, som kunne mykje leikje. Dei hadde levd både før og etter krigen, då dette med felespel var på ein annan måte.

– Først var eg hjå Ola Flaten, Petter Eide, og Mathias Bergsvendsstuen, seinare Ola Opheim, Jakob Skogum og Kristian Gården. Desse sat med eit stort repertoar innanfor springleik og gamaldans. Eg har lært av fleire, men i hovudsakleg desse attåt spelmannslaget.

 Sjå Schjølberg spela ein springleik etter læremeisteren Jakob Skogum nedanfor:

– Viss du berre kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?

– Det må vera plata med Skogumsbrørne Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Det er noko særleg med spelemåten. Når ein har drive mykje med det, så høyrer ein på det ein annan måte, det er det ekte og autentiske som interesserer. For ein som driv mykje med det sjølv, så høyrer ein etter ting andre ikkje legg vekt på. Det er særleg takt, rymte tonalitet og føredrag det går på.

– Kva var den siste folkemusikklitteraturen du las?

– Eg har drive og sett litt i verket hans Knut Kjøk. Det er veldig med leikje som er noterte der. Det er også mykje ukjent stoff der. Eg prøver å finne att litt historie, kjelder og kven andre som har spelt dei ulike leikjene, og kva dei har kalla dei.

– Eg har forska på ein vals som Opheim spelte, det har vore sagt at han kanskje var svensk. Eg la han ut på eit svensk forum på Facebook, men fekk ikkje noko respons. Eg fann valsen att i Kjøk-verket, og der stod det berre Ola Opheim, så eg lurer på om han kan ha laga han. Han minna litt om stilen hans.

– Kva var den største folkemusikkopplevinga du hadde i fjor?

– Det er klart det er mykje ein kunne trekt fram, men det må vera på Landskappleiken i Eidfjord då eg fekk sjå Wilmer Sandum danse halling.

Wilmer Sandum Svanborg er eitt av mange talent som har kome fram etter godt rekrutteringsarbeid i regi av Vågå spel- og dansarlag. Foto: Runhild Heggem/FolkOrg.

 – Kva skal til for å få fleire til å bli interessert i folkemusikk og folkedans?

– Eg har tru på å høyre ting live. Det er noko heilt anna enn å høyre gjennom radio og mobiltelefon. Ein bør spela der folk er, for eksempel ved at spelemannslaget spelar på 17. mai. Ungane må få høyre det ein stad for at dei skal vera klar over at det finst. Det er fort lett for at det blir for meinigheita. Ein bør ut blant folk, slik at ein blir ein del av folkelivet.

– Spelemannslaget har hatt noko rekruttering både til spel, song og dans. Det er mange som starta på fele i haust, faktisk 15, så eg har raida Finn.no for småfeler! Vi har i haust laga eit opplegg der vi har ein kveld i veka der elevane er med på enten halling, song og/eller fele, der lagar vi kveldsmat. Vi har engasjert foreldre til å styre med maten, og det har vore vellukka, ca 45 ungar har delteke. Det er sosialt, og ungane ser ut til å trivast!

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024