Folkemusikk logo
Logo

Drømmestipend til fleire folkemusikarar

Fleire unge musikarar med folkemusikken i botnen blei førre veke 50.000 kroner rikare då dei mottok Drømmestipendet frå Norsk Tipping og Kulturskolerådet.

Ingrid Voldhaug Roland Foto: Knut Utler

Ingrid Voldhaug Roland er ein av Drømmestipend-mottakarane. Her på Landskappleiken i 2024. Foto: Knut Utler

Tekst: Redaksjonen

Ingrid Voldhaug Roland (hardingfele), Ingeborg Onstad (langeleik og vokal) og Frida Helene Haltli (fele og hardingfele) var alle søkjarar med folkemusikkinstrument. Desse tre fekk stipend, og på lista over tildelingar finn me også Jonas Thrana Jensen, som er bassist i folkrockbandet Gangar.

540 utøvarar blei nominerte til prisen, og av desse var det altså 50 som nådde heilt opp. I søknadsprosessen må utøvarane skrive litt om seg sjølv, om kvifor dei driv med det dei gjer og om vegen vidare.

Noko av det dei nemnde vinnarane her vil bruke pengane på er instrumenttimar, nytt utstyr og studiotid.

Drømmestipendet har blitt delt ut sidan 2004, og sidan då har over 2000 barn og unge fått stipend. Stipenda blir delt ut i dei sju katergoriane musikk, dans, åpen klasse, visuell kunst, skapande skriving, teater og sirkus.

I fagjuryen for musikk sit mellom anna Kim Rysstad og Gjermund Larsen.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024