
Langeleiken har ei lang historie, og når langt, langt inn i hugen og langt ut i verda. Det fekk vi oppleva på Figurfestspillene i Tønsberg sist i januar. Der det er langeleik, der er det valdrisar. Og der det er valdrisar er det gjerne dansedokker.

Brasil neste? Dansemann, laga av Mari Ormberg, fotografert i ei velfortent pause i Norderhov på veg heim til Valdres Folkemuseum frå danseferd til Figurspillene i Tønsberg. Foto: Olav Norheim.
Tekst: Olav Norheim
Langeleiken har ei lang historie, og når langt, langt inn i hugen og langt ut i verda. Det fekk vi oppleva på Figurfestspillene i Tønsberg sist i januar. Der det er langeleik, der er det valdrisar. Og der det er valdrisar er det gjerne dansedokker.
Både langeleik og medverkande dansedokker er av det meir smålåtne slaget. Kjem ikkje opp mot meterhøge teaterfigurar eller fele og piano. Ikkje noko leven med ein langeleik. Ikkje så store og veldige fakter med dei små dansefigurane.
Dei er ikkje meir enn 10-15 cm høge, endå om dei gjer mykje ut av seg der dei heng og sprellar og dansar og trakkar og bukkar i tråden frå handa til dokkespelaren.
Og midt oppi alt: Arven etter Berit på Pynte.

Dansedokkepioner: Berit på Pynte med dansedokkene sine.
Danse mi dokke
Langeleikspelaren og performance-artisten Berit på Pynte (1812-1900) frå ein pynt nedved vegen i Høre i Valdres sa ho var «verdensberømt». Ho hadde spelt for både «engelskmenna o tyskera o franskmenna o svenska o danskera o mest alle følkeslag, so bu i vær’n», for å sitere folkeminnesamlaren O.K. Ødegaard frå nabobygda.
Dei to artistane Ingrid Lingaas Fossum og Birgitte Blomlie frå Øystre Slidre samla sirka 120 menneske, vaksne og barn, til framsyninga Danse mi dokke, springe min hest under figurfestspela i Tønsberg. Både spennande og morosamt.
Dei skrudde tida tilbake 150 år – svish svish – og dermed så vart Ingrid til Berit på Pynte og Birgitte vart ei dansedokke. Og både dokkespelaren og dokkedansaren fann på mange spik og gags.
Sjølv bokprata eg om Berit på Pynte og boka mi om henne: Beste harpespillerske, verdensberømt. Fullt så mange drog ikkje eg, for å seia det pent.
Men Berit dreg mange, ho og spelet etter henne. Og dansedokkene. Den dag i dag.
Ho sa ho var «verdensberømt», ho Berit. Ganske ubeskjedent. Men ho var meir berømt i samtida enn mange av sine mannlege kollegaer, felespelarane. Ja kanskje no med.
Kunstnarleg leiar for Figurfestspillene er dokkespelaren og forfattaren Anne Helgesen. Ho har samarbeidd med Elisabeth Kværne (1953-2024) frå Aurdal. Saman har dei to løfta fram og sett tradisjonen med dokkedans i ein større samanheng.
Tilbake til Ingrid og Birgitte. Dei to turnerer rundt ikring i Norge. Dei passerte forestilling nummer 70 i Tønsberg. Dei har spelt i Sverige med. Ikkje alle har det. Ingrid vart kåra til Årets folkemusikar i fjor.

Danse mi dokke: Musikanten Ingrid Lingaas Fossum klimprar og dansedokka Birgitte Blomlie dansar. Det fenger. Foto: Olav Norheim.
Trehest trampar
Ein annan øystreslidring, Mari Ormberg ved Valdres Folkemuseum, sette fleirfaldige ungar i gang med å laga dokkefigurar mens ho spelte langeleik. Ho spikkar og pyntar figurar sjølv også, trefigurar som dansar til spelet hennar.
Ein liten trehest trampar og galopperer når Mari spelar. Trehesten og tre andre trefigurar var fint utstilt i eit figur-galleri i Tønsberg under figurfestspela. Det var ei gyllen dame i perleskjørt og ikkje noko meir, ein bunadskledd kar med kaskett og ein raudluvemann som gjer så godt han kan.
Eksotisk og spektakulært, både dokkene og spelet, såpass at Mari no er invitert til Brasil neste år, til dei internasjonale figurfestspela som skal vera der. Det var ein nyheit.
Så no kan arven etter Berit på Pynte koma vidare ut i verda. Då kan det stemme då, som gamle Pynta sa for 150 år sidan, at ho var «beste harpespillerske, verdensberømt».
Sist oppdatert
