
Terje Foshaug frå Målselv har i ei årrekke profilert nordnorsk folkemusikk. I samband med at han under Folkelarm hausten 2024 vart kåra til årets bransjeaktør laga Folkemusikk dette portrettintervjuet som stod på trykk i Folkemusikk 2025/1. Denne veka vart det gjort kjend at Foshaug har fått "Prisen for folkemusikk og folkedans 2026" som blir delt ut på representantskapsmøtet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Me deler difor denne teksten med nye lesarar.

Terje Foshaug vart årets bransjeaktør under Folkelarm 2024. No er han aktuell med ein ny gjæv pris. Foto: Anders Lillebo / FolkOrg.
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Foshaug er den einaste tilsette Folkemusikk Nord, der han forvaltar ein pott pengar direkte til folkemusikken. I Målselv har dei også folkemusikk-trioen Fotefar som er landsdelsmusikarar i Nord-Noreg. Desse har ein produsent i ei halv stilling, Jo Einar Jansen, som Foshaug samarbeider mykje med
Foshaug jobbar til dagleg i eit fel-lesskap på Høgtun Kulturklynge. Der sit han og Jansen i tillegg til Nina Fjeldet og Tone Ingvaldsen i Kalottspel. Landsdelsmusikarane og kulturskulen øvingsrom der.
- Kva går jobben din ut på for tida?
Dei siste detaljane på vårens turnear skal på plass i desse dagar – klokkeslett, kontraktar og liknande. Scene Nord har nettopp sleppt ein katalog for haustens produksjonar. Den er sendt ut på digitale plattformar og delt ut til arrangørar i Nord-Noreg som får fristar på nokre veker til å ønske seg produksjonar for hausten, fortel Foshaug.
Scene Nord er ein kulturinstitusjon for Troms og Finnmark. Her er det fire/fem produsentar i tillegg til 25 musikarstillingar i ulike stillingspro-sentar og innanfor ulike sjangrar. Dei brukar også mange frilansarar. Det er få dedikerte folkemusikkarrangørar i Nord-Noreg, men Scene Nord bruker mange små lokale arrangørar rundt om kring.
I tillegg har Nordnorsk jazzsenter eit nettverk av jazzarrangørar der mange også er interesserte i å ta i mot folkemusikk. Til hausten har dei to folkemusikkproduksjon i katalogen, og det er Ômvesla med Nina Fjeldet og Bygdefest med Kartellet og Ragnhild Furebotns orkester.

Sigurd Heide og Kartellet står bak mange banebrytande førestillingar i samarbeid med Folkemusikk Nord. Foto Runhild Heggem
Foshaug sin inngang til folkemusik-ken kom gjennom bestefaren som spelte fele, og han fekk sjølv fele tid-leg. Det vart starta opp musikkskule i Målselv då han var 11.
Då trefte han på det som skulle bli ein god ven, Olav Lilleeggen frå Alv-dal. Han og familien budde på denne tida nordpå fordi faren hadde arbeid der. Knut Lilleeggen spelte trekkspel, medan gutane spelte fele.
Den svenske spelemannen og fele-makaren Hans Lisper budde då også der ein periode, og dei lærte mykje av han før han flytta sørover. Sjølv etter han hadde flytta, hadde dei undervisning over telefonen. Om dei lurte på noko, så ringte far Lilleeggen nedover til Lisper og fekk instruksar så han kunne vise gutane.
- Då fekk eg nokon å spele i lag med på same alder. Vi begynte å spele til dans og var med på mykje artige ting frå og med 14-15-årsalderen. Den tida var det masse dansefestar å spele på, det var gamaldans det gjekk i på dei fleste av dei.
I tillegg til Kalottspel reiste dei til Sverige på spelmannstemne i Luleå. Ein busstur på 10–12 timar i 60 mil, ungdomane i lag med folk i alle aldrar, dansarar og spelmenn.
- Eit veldig artig miljø å vere ein del av, fortel Foshaug. – Dette er ein tradisjon som vi held på, og spelemannslaget tar turen ditt att no i Utvekslinga aust-vest med Sverige har vore veldig spennande. Vi gjer prosjekt i lag, har turnar og har samarbeid med finske og svenske musikarar. Det er ein viktig del av arbeidet mitt.
I Målselv har dei eit spelemannslag som er bra i drift. Totalt er dei oppe i 15 stykk når alle er på øving, og dei øver kvar fjortande dag. På repertoa-ret har spelemannslaget mykje runddans. Det er elles springar og pols om kvarandre. Johan Nymo, den store eldsjela i miljøet, samla inn mykje på 1950- og 1960-talet.

Dette er Målselv Spelemannslag fotografert ein gong på 70-tallet. Sentral i spelemannslaget var Johan Nymo som står ytst til høgre i trappa. Foto: Folkebladet.
Det er i hovudsak dansespel på fele det går i i Målselv. I spelemannslaget er det også med trekkspel og trøorgel, eit par fløyter, gitar og bass.
Dei har ikkje noko bevart dans spesielt for Målselv. Men det er ein nord-norsk springar, ein standardvariant, som skil seg frå nordlandspolsen. Den siste er raskare og jamnare i takta. Springaren er ein noko meir sidare dølavariant.
Det har ikkje vore så mykje dans lokalt dei siste åra. Då Foshaug vaks opp, var det tre leikarringar i kommunen, men dette miljøet har vorte meir eller mindre borte i takt med at aktiviteten i ungdomslaga har dabba av.
– På Kalottspel er det ungdomssamling på musikk og dans. I Bodø og Harstad-området er det mest trøkk for tida, men akkurat i Målselv er det ikkje så mykje rekruttering nå.
Foshaug var i mange år fast spele-mann for ein leikarring, medan ein kompis var instruktør. Då kompisen flytta, innsåg Foshaug at det vart for mykje å drifte leikarring i tillegg til spelemannslaget.
For nokre år sidan var det ei sterk toradarbølge i Bardu. Vokal folkemusikk er det mindre av, men Anne Nymo Trulsen, barnebarnet til Johan Nymo, har noko stoff i tradisjon etter bestefaren, som dreiv spelemannslaget i 40 år.
Generelt er Foshaug positiv til rekrutteringa i Nord-Noreg, sjølv om det er litt lite i Målselv for tida. Han er sikker på at det vil kome ei ny bølge. I Tromsø har det vore nede lenge, men der er det ting på gang. Der driv Einar Fosse og Hans Petter Skog, som har tatt opp tråden igjen etter å hatt ein pause. Blant ungdommen der er det stor interesse for å lære å spele fele, og ein har kursing attåt kulturskulen. Foshaug er sikker på at fenomen som Tuvas Blodklubb kan ha ein smitteeffekt til andre landsdelar.
- Vi har eit nytt omgrep her, og det er Folkemølje. Det er den nordnorske blodklubben med tilhald i Tromsø. Ein spelar heilt trad, men har også DJ. Eg trur det er eit nasjonalt fenomen at det som føregår visest mykje meir.

FolkBand ARN 2019 – FolkBand gjekk gradene på kurs på Kalottspel, og blei etter kvart ei bra gruppe som var med på veldig mange artige prosjekt og spelingar. Her frå sykkelrittet Arctic Race of Norway i 2019. (Foto: Odd-Inge Larsen)
Målselv er fyrst og fremst eit jordbrukssamfunn. Sist på 1700-talet hen-ta styresmaktene folk blant anna frå Oppdal, Nord-Østerdal og Lesja for å drifte tømmer og drive med nyrydding. Ein hadde bruk for materiale til byane som skulle byggast ut der nord, og i Målselv var det mykje god tømmerskog. Bønder som kunne drive gardsbruk og skogdrift i litt karrige forhold var ettertrakta. I tillegg var det både samisk og kvensk busetnad der tidlegare.
- Det vart som eit vesle-Amerika på ein måte, fortel Foshaug.
Målselv har såleis vore ei lita gullgruve for dialektforskarar, men ein finn dei same parallellane innanfor både musikken og byggeskikken.
Dei har ikkje folkemusikkarkiv lokalt, men Nordnorsk Folkemusikk-samling er på Universitetet i Tromsø. Lokalt i Målselv sirkulerer det opptak som har vore samla der, til eige bruk. Johan Nymo drog tradisjonen attende til ein som heitte Sevat Bersvendsen, som kom til Målselv frå Rendalen på 1850-talet, og kjelder etter han. Barnebarnet til Bersvendsen, Vilhelm Taraldsen var kjelde for Nymo, i tillegg til ein som heitte Peder Andreas Stensland. Ein annan heitte Alfred Åsheim og hadde kopling til Nord-Troms og ein del finske og kvenske spelemenn. I tillegg til dei eldre kjeldene så tek spelemannslaget inn ein del nytt, nykomposisjonar av lokale folk til dømes.
Målselvhallingen er ein av låttan Johan Nymo teikna ned etter Vilhelm Taraldsen:
- Det har vore ei lita øy her som skil seg ut frå musikken i Nordland og kysten av Troms også. Det er ein litt annan tradisjon rett og
Folkemusikktradisjonane til samane er såpass forskjellig frå den Foshaug har vakse opp med, at dei driv i ulike leirar, men på Kalottspel har dei støtt hatt samiske innslag. I seinare år har også dei kvenske tradisjonane fått større plass.
- Den musikken som kjem frå grensedraginga mellom Sverige og Finland oppover Tornedalen har fått ein veldig oppsving i Noreg dei siste åra etter at det kvenske kom meir til sin rett. Der gjer vi også ein del prosjekt i Folkemusikk Nord-regi.
Det har vore eit sterkt religiøst miljø blant kvenane, der læstadianismen har stått veldig sterkt. Dermed har det vore lite dans og dansemusikk på den norske sida. No er dette likevel i gang både med prosjekt innanfor musikk og teater. Ein tek gjerne då fram det som er i den kvenske tradisjonen nord i Sverige og Finland og ser på kva for koplingar det er mellom desse.
I fjor var Foshaug og fleire nord-norske musikarar ein tur til Pajala
i Norbotten. Der møttest sju–åtte spelemenn frå kvart av landa, ikkje med tanke på å lage ein produksjon, men for å spele ting til kvarandre for å høyre på musikk, samanlikne låttar og for å skape eit nettverk.
- Lokalt i tradisjonen her så har vi ein del finske anleggsarbeidarar og handverkarar som har bidratt til utveksling av låttar. Ein av superhit-tane her er «Russisk schottis», ein allspellått, heilt klart ein russisk melodi som har vorte ein reinlender i Noreg.
Terje Foshaug i samspel med kona Mariann Torset.
Foshaug gjekk i Rauland i 1990/1991 som eitt av dei fyrste kulla som i det heile hadde høve til å ta ei folkemusikk-utdanning. Han meiner at dette har vore avgjerande for statusløftet for folkemusikken.
- Når du først skal begynne å tilsette folk i ordningar og stillingar, så kjem du ikkje unna utdanning. Det er berre nokre få av oss som klarar å klage og grine oss til stillingar utan utdanning, flirer
Kona til Foshaug, Mariann Torset, opphavleg nordmøring, er også mu-sikar. Ho har laga musikken til eit par Kartellet-framsyningar, og er ein særs dyktig orgelmusikar som gjerne spelar saman med mannen.
- Ho gjekk på musikklinje på læ-rarhøgskolen på Hamar. Eg sa at det var folkemusikkstillingar på gang i Målselv, så vi måtte reise nordover. Det var greitt, ho var med på det. Men det tok jævleg mange år før det vart noko ut av det, skrattar
Foshaug jobba som lærar i kultur-skulen og spelemannslag, men etter kvart vart det meir og meir arbeid med Kalottspel. Eigentleg er han snekkar i botn.
- Når det ikkje har vore pengar til kulturprosjekt, så var eg snek-kar, og når det var pengar til kultur, dreiv eg med det. Slik heldt eg på til 2008/2009 då vi begynte å greie ut moglegheitene for å få på plass eitfolkemusikksenter.
- Det var sikkert ein kamp for å kome inn på faste budsjett?
- Vi fór rundt på alle møte, seminar og konferansar som hadde med musikk og kultur å gjere, der folkemusikken ikkje hadde vore med i det heile. Der retta vi opp handa og sa: «Kalottspel» og «folkemusikk». Dei ville ikkje høyre om det eller snakke om det, men vi heldt på såpass lenge at vi vart ein del av systemet etter kvart.
Etter kvart vart det fleire eigenpro-duksjonene og bestillingsverka til Kalottspel lagt merke til. Etter å ha fått gjennomslag for støtte til Kalottspel, begynte arbeidet for å få på plass eit folkemusikksenter. Allereie i 1994 søkte dei om å ha eit folkemusikksenter i Målselv for heile Nord-Noreg, og etter 16 år med iherdig masing så lukkast dei.
Foshaug begynte i stillinga i Folkemusikk Nord i 2011 etter å ha fått pro-sjektmidlar. Då hadde han dei to åra før jobba med å få til denne stillinga. Folkemusikk Nord har eit nært samarbeid med Kalottspel om finansiering og administrering av bestillingsverk og turnear.
- Eg har spelt mykje oppgjennom, hatt skulekonsertar og turnear, men etter kvart har eg hatt ei stor glede av å administrere og organisere andre. Det er artig å få vere med på, sjølv om eg ikkje spelar så mykje sjølv lenger. Det har vore mi drivkraft dei siste åra, slår Foshaug fast.

Målselv Spelmannslag anno 2014. (Foto lånt av Terje Foshaug)
Kunnskapen om nord-norsk folkemusikk kan vere litt så som så i resten av landet, men Foshaug fortel at tradisjonane akkurat i Målselv og Bardu har fått ein del oppmerksemd. Det har ikkje minst samanheng med at når folkemusikkinnsamlarar som O. M. Sandvik fór nordover for å finne nordnorsk musikk, reiste han dit dølane frå sør hadde etablert seg – og fann meir av det same han hadde frå før.
- Vi har hatt ein del faneberarar som Susanne Lundeng, og ein del samiske artistar. Etter det har det også kome ein veldig sterk ny I Målselv er det både organisatorar som han sjølv, men det er også tett med frilansarar. Felespelarane Jo Einar Jansen, Nina Fjeldet, Ragnhild Furebotten, Johanne-Adele Jussi har flytta dit, dansarane Sigurd Heide og Tone Ingvaldsen er også aktive i miljøet som har vorte skapt der rundt Kalottspel.
- Dei er frilansarar på aller øvste nivå, meiner Foshaug.
Etter at Foshaug vart Årets bransjeaktør på Folkelarm i fjor merka han også stor interesse og oppmerksemd lokalt.
- Eg trur mange har eit bilde av frå gamalt av då det var ein litt annan stil over folkemusikken. Då eg tok over spelemannslaget tidleg på 1990-talet var det stort sett gamlingar som heldt på. Etter det er det kome til mange Heile folkemusikkmiljøet i Noreg er jækelsk ungdommeleg! Folk blir gjerne positivt overraska over dette.
Foshaug har ikkje deltatt på kappleik, sjølv om han har vore på kappleikar rundt omkring.
- Då eg kom til Rauland og begynte å diskutere folkemusikk og kappleik, så opplevde eg at vi kom frå heilt for-skjellige verder. Eg var veldig overraska, eg kjente jo ikkje til dette sterke skiljet mellom folkemusikk og runddansmusikk. Det var heilt framand for meg. Det var spelemenn der som ikkje vil snakke om vals og reinlender, det var ikkje som musikk å rekne.
Sjølv om det kunne bli artige diskusjonar i blant, synest han at ofte at kappleiksdiskusjonane kan ta av, særleg når det er blir negativt søkelys på profesjonelle utøvarar med utdanning.
- Eg klarer ikkje å vere redd for at dei som er best i feltet vårt kjem til å øydelegge for Det er klart det er vanskeleg å stille opp og konkurrere med folk som har seks år på NMH. Der er litt av bresten i kappleikssystemet, tenkjer eg. Men vi kan ikkje å begynne å bli uvenar av den grunn. Fordelen med Kalottspel er at vi sit og høyrer på dei på konsert og synest dei er jævleg bra, og så spelar vi i lag med dei etterpå.

Allspel Ethno – Vi hadde Ethno Artic i Målselv eit par år, og her er frå felles allspel med spelmenn på Kalottspel og Ethno-deltakerne. Over 70 musikarar på og rundt scenen, fortel Foshaug. (Foto: Odd-Inge Larsen)
I staden for kappleik i Nord-Noreg har Foshaug meir tru på at FolkOrg kan gjere noko for Nord-Noreg på deira eigne premiss med eit arrangement som passar betre for folk i Nord-Noreg.
- Eg var med i styre og stell i FolkOrg då vi laga til Folkelarm. Dette var ei viktig sak for meg. Det vart ei nasjonal satsing som er viktig for å kome vidare for å løfte folkemusikken ut der musikk og dans føregår. Vi skal ikkje berre halde på med det som vi har internt i miljøet, men også få folkemusikken og dansen til å bli ein del av den Kul-turelle skolesekken, eller at Arktisk filharmoni kan jobbe med noko fol-kemusikalsk. Då må musikken ofte omarbeidast noko.
Dette skjedde mellom anna då filharmonien fekk 10–12 nordnorske slåttar som dei arrangerte i eit sam-arbeidsprosjekt med Kartellet. Det-te karakteriserer Foshaug som ein vinn-vinn-situasjon. For no har dei mange arrangement som dei også kan bruke elles.
Dette er ein Folkelarm-bieffekt, der ein jobbar opp nivået og lar folk sjå kor høgt profesjonelt nivå det I løpet av dei siste 10–15 åra har det skjedd mykje når det gjeld respekten for folkemusikken, ikkje berre i nord, men elles også, konkluderer Mr. Folkemusikk Nord.
Sist oppdatert
