
Sytten år etter at dei vart spelte inn, er opptaka med Trygve K. Vågen og Hillborg Romtveit endeleg samla på LP. Under Vinterfestivalen i Rauland vart plata sleppt av Ta:lik i går, med fleire frå familien til stades.

Plata med dei 18 år gamle opptaka med Hillborg og Trygve Vågen vart sleppt under Vinterfestivalen i Rauland i går. Foto: Gunn Gravdal Elton.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Plata byggjer på studioopptak gjorde i 2008 hjå lydmann og musikar Geir Åge Johnsen i Fron i Gudbrandsdalen. Initiativet kom frå Tone Haugen Romtveit, som tipsa paret om å gå i studio. Planen den gongen var å gje ut to plater, éi med vokalstoff og éi med slåttar. Prosjektet vart ikkje realisert, og opptaka vart liggjande.
Etter at Trygve K. Vågen gjekk bort sommaren 2024, fekk Hillborg Romtveit tilsendt lydfilene. Dermed opna det seg eit nytt høve til å fullføre det dei hadde byrja på saman. Resultatet er ei plate der Vågens felespel og Romtveits song står side om side, som eit dokument frå eit langt liv i tradisjonen.
På opptaka spelar Vågen både kjende og mindre kjende slåttar i tre ulike felestille, frå fleire telemarkstradisjonar. Han var tippoldebarn av den namngjetne stilskaparen Håvard Gibøen og voks opp på Austli på Møsstrond i eit miljø der slåttane levde i kvardagen. Johannes K. Dahle var ein jamn gjest i heimen, og Vågen tok tidleg til seg både Dahles spel og komposisjonar. Spelet hans var kjenneteikna av eit tett og utfylt grep og eit markant driv.
Hillborg Romtveit bidreg med eit breitt vokaltilfang, frå bånsullar og hyrdeviser til slåttestev, brurevers og heilagviser. Ho har samla stoff lokalt og arbeidd med arkivmateriale etter Rikard Berge, samstundes som ho stundom har dikta nye tekstar til gamle melodiar når ho har vilja aktualisere stoffet.

Hillborg Romtveit (tv.) hadde fått med seg slektningane Tone Haugen Romtveit og Øyunn Romtveit på platesleppet i går. Foto: Kjellbjørn Karsrud.
Under platesleppet på Vinterkappleiken i går deltok, i tillegg til Hillborg Romtveit, både Tone Haugen Romtveit og Øyunn Romtveit. Slik vart lanseringa òg ei markering av eit felles familiearbeid kring musikken og minnet om Trygve K. Vågen.
Sist oppdatert
