Folkemusikk logo
Logo

Ei musikalsk rundreise omkring Noregs nest største innsjø

Gjennom tiår med dokumentasjon av lokale melodiar i området rundt Røsvatnet i Nordland, vart ein viktig del av kulturarven teken vare på. No blir materialet løfta fram att i ei scenisk framsyning.

Dr. Larsen Trio består av (fv.) Ove Larsen, Holger Chr. Sjaavik og Tor-Petter Aanes. Foto: Rune Furuhatt.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Det skjer mykje innanfor folkemusikksjangeren på Helgeland for tida. For Ove Larsen, tidlegare professor i musikkvitskap ved Nord universitet på Nesna, har pensjonisttilværet i aukande grad vorte fylt av konsertverksemd. Her har han lenge arbeidd med formidling av musikktradisjonar frå nordområda, både gjennom forsking og utøvande verksemd.

I 2023 var han med på å opne Hemnesjazz med ein kyrkjekonsert med seksmannsorkester og slåttar og folketonar frå nærområdet. No er eit nytt prosjekt klart: framsyninga «Slåttekar rundt Røsvatnet», som blir presentert under Bakeribyggfestivalen i Mo i Rana 20. mars.

Framsyninga tek utgangspunkt i melodiar samla inn av den mangeårige musikkpedagogen Ole Rabliås (1927–2013) frå Bleikvasslia. Gjennom eit par tiår dokumenterte han over 600 melodiar frå lokalmiljøet, særleg frå områda rundt Røsvatnet. Arbeidet hans har vore eit viktig bidrag til å bevare den lokale musikkarven på Helgeland.

 No går Dr. Larsen Trio i fotspora hans. Med utgangspunkt i Rabliås sitt innsamlingsarbeid kombinerer dei musikk og forteljing i ei musikalsk rundreise rundt Noregs nest største innsjø.

Trioen består av Ove Larsen på fele og forteljing, opphavleg frå Korgen, som òg har skrive doktoravhandling om folkemusikkmiljøet i Drevja ved Universitetet i Oslo (2001). Med seg har han Tor-Petter Aanes på tangentar og song, kantor, dirigent og ein sentral aktør i musikklivet i regionen, og Holger Chr. Sjåvik, ein allsidig musikar med base på Hemnesberget.

Larsen har tidlegare gitt ut tre album: Min vemods fryd Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., Blå resept Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og Til Okstindan Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Gjennom desse produksjonane har han samarbeidd tett med Bodvar D. Moe og Rune Mathisen, begge seinare professorar i musikk ved Nord universitet. Ei rekkje andre musikarar har òg medverka, mellom dei Ola Bremnes, Bjørn Alterhaug, Thor Hauknes, Ida Maria, Frode Fjellheim, Mattis Kleppen og Børge Petersen-Øverleir.

Med «Slåttekar rundt Røsvatnet» blir Rabliås sitt innsamlingsarbeid løfta fram på nytt, gjennom levande framføring og formidling av ei rik, men for mange lite kjend, lokal musikkhistorie.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024