
FolkOrg lyser no ut ein ny runde av mentor- og talentprogrammet Introfolk. Seks unge utøvarar får plass i utviklingsløpet, der mentorering, samlingar og konsertar skal løfte fram neste generasjon folkemusikarar og folkedansarar, med finale under Folkelarm. Vinnaren blir "Årets unge folkemusikar 2026".

Introfolk blir arrangert annakvart år. Førre gong det vart arrangert vann Martin Steinum Brun etter ein flott finalekonsert på Folkelarm saman med Amalie Kinsarvik Tvilde og Åsmund Farstad. Foto: Anders Lillebo.
Tekst: Pressemelding/Redaksjonen
FolkOrg er klare med ei ny runde av Introfolk, mentor- og talentprogrammet for unge, lovande folkemusikarar og folkedansarar. Seks artistar blir valde ut til eit utviklingsopplegg der målet er å styrkje dei både som utøvarar og formidlarar.
Programmet omfattar to fysiske samlingar og fleire digitale møte mellom deltakarane og mentorane, før ei større samling på Voss i oktober. Der får alle deltakarane presentere seg for publikum under Introfolk-konserten på Osafestivalen. Tre av artistane går vidare til finalen under Folkelarm i november, der ein jury kårar Årets unge folkemusikar 2026.
– Vi er særs glade for at Introfolk blir satsa på ved at både Sparebankstiftinga og Talent Norge gjev støtte til det. Dette gjer at vi kan lage eit sterkt og innhaldsrikt program for dei unge artistane. Denne gongen har vi betre tid og meir rom for å lage eit gjennomarbeidd og særskilt tilrettelagt opplegg for kvar enkelt. Dette kjem til å bli heilt fantastisk, seier dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi.
Introfolk skal vere ein arena for kunstnarleg utvikling på høgt nivå, og samstundes synleggjere breidda i norsk og samisk folkemusikk og folkedans. Programmet er ope for folkemusikarar og dansarar fødde i 2000 eller seinare.
I 2026-runden blir det særleg fokus på solo- og duoformat, og også dansepar med musikar kan søkje. Arrangørane ønskjer dessutan fleire søkjarar frå det samiske folkemusikkmiljøet.
– Det er fleire og fleire folkedansarar som satsar på dette som yrkesveg, og derfor ynskjer vi å gje dansen plass på Introfolk. Så vi oppfordrar sterkt til at unge, aktive dansarar – som ynskjer folkedansen som leveveg – søkjer om å bli med, seier Brimi.
Deltakarane blir valde ut av ein fagjury på grunnlag av motivasjonsbrev og innsendt materiale. Juryen vurderer mellom anna kor viktig programmet kan vere for utviklinga av den profesjonelle karrieren til søkjaren.
Alle kandidatane må halde eit profesjonelt nivå og ha tydeleg potensial for vidare kunstnarleg utvikling. Det er òg ein føresetnad at dei ønskjer å satse på ei profesjonell karriere innan musikk eller dans.
Den som blir kåra til Årets unge folkemusikar 2026 får ei eiga mentorpakke på nyåret, i tillegg til festivaljobbar og turnéoppdrag hos fleire folkemusikkarrangørar.
– Det er ei stor glede å lyse ut ein ny runde med IntroFolk. Det gror godt i folkemusikken og danse for tida, så vi gler oss til å motta søknadene, seier Ann Helen Erichsen, prosjektleiar for Folkelarm og Introfolk
Sist oppdatert
