Folkemusikk logo
Logo

Fredagspraten med Hillborg Romtveit

Hillborg Romtveit har nyleg gitt ut plate. Patina er innspelingar ho og mannen hennar Trygve K. Vågen gjorde i 2008. Trygve gjekk bort i 2024, og Hillborg er takksam for at dei gjennom denne plata har fått gjere eit siste prosjekt saman.

Hillborg Romtveit, Tone Haugen Romtveit og Øyunn Romtveit. Foto: Kasin foto

Hillborg Romtveit (i midten) med slektningane Tone Haugen Romtveit og Øyunn Romtveit. Foto: Kasin foto

Tekst: Johanne Flottorp

– Eg visste då eg song dette inn at plata skulle heite Patina, fortel Hillborg og forklarer:

– Alt eg og Trygve har drive med, har handla om noko som er gammalt. Ikkje for det, eg har også laga nye tonar og litt nye tekster, men me har alltid sett opp til det som eldre folk har gjort. Me har hatt mykje av dette i slekta, begge to. Det er mykje å hente der, seier ho.

Innspelinga, som blei gjort i Gudbrandsdalen i 2008, hugser ho som ei triveleg helg. Dei var hos kusina til Hillborg, Øyunn Romtveit. Dottera hennar, Tone Haugen Romtveit var både den gongen og no ein viktig pådrivar for dette prosjektet. I Gudbrandsdalen i 2008 laga Øyunn kjøtkakemiddag og dei spelte inn, Hillborg og Trygve.

– Eg hadde jobba mykje med tekstene og tonane på voksrullopptaka med Svein Tveiten og hadde streva litt med å lære meg dei. Dei var annleis enn visene eg hadde høyrd i oppveksten. Det var ein annan patina i det Svien Tveiten song inn. Så eg hugser at det var ei lette å få spele dette inn og leggje av meg det eg hadde drilla så på, fortel Hillborg.

Men på grunn av manglande økonomisk støtte, stranda prosjektet. Innspelingane blei liggande, heilt fram til i fjor haust. Då tok Tone kontakt og sendte Hillborg mange lydfiler frå den gongen.

Hillborg og Trygve i "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" frå 2015. Foto: Skjermdump

Her kan du sjå ein episode med Hillborg og Trygve i "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" frå 2015. Foto: Skjermdump

 – Eg kvidde meg for å høyre på det, for eg syntest det var så vondt å høyre Trygves musikk. Så sårt. Men eg og han gjorde så mange kulturting i hop. Me var saman om veldig mykje, gav ut CD-ar og hadde mange ulike konsertar heime på Møsstrond. På denne måten fekk me sjans til å gjere noko saman igjen. Han var ein litt tilbakehalden, privat person, men eg visste at han ville kome ut med musikken sin, fortel Hillborg.

Ho tok kontakt med Niels Røine i Ta:lik, som har gitt ut plata. Niels hadde vore på Møsstrond og spelt inn med Trygve tidlegare, på det som blei til plata På Møsstrond som kom ut i 2017.

– Eg visste at dette var noko Trygve hadde kome til å bifalle. Så høyrde me gjennom, og valte ut tagningar. Eg er veldig glad for at me fekk landa dette prosjektet. Det trur eg Trygve hadde blitt veldig glad for.

Hillborg Romtveit, Tone Haugen Romtveit og Øyunn Romtveit. Foto: Kjellbjørn Karsrud

Hillborg Romtveit, Tone Haugen Romtveit og Øyunn Romtveit på platesleppet på Rauland tidlegare i februar. Foto: Kjellbjørn Karsrud

Namn: Hillborg Romtveit

Fødd: 1954

Kjem frå: Vinje

Bur på: Rauland

Yrke: Tidlegare lærar i kulturskulen, sydame

 Kvifor syng du?

Ånei, det er ingen moglegheit til å late vere. Slik har det alltid vore, og i alle samanhengar. Song er liksom noko ein kan ha med seg jamt, i alle anledningar, for å berge seg.

Kva var den siste konserten du var på som publikummar?

Det var her oppe på Rauland med Øyvind Brabant og Helga Myhr, det tykte eg var kjempeflott.

Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?

På Møsstrond med Trygve.

 Nemn ei av dei største folkemusikkopplevingane du har hatt.

Det var då eg høyrde Agnes Buen Garnås for første gong. Eg var 16 år, og det var på Ytre Vinje samfunnshus. Det var ei openberring for meg. Eg hadde høyrd kvdarar før, men det var ikkje noko som hadde råka, ikkje før eg høyrde Agnes. At det kunne vere så fint å kvede! Agnes blomstra det endå meir til. Det blei eg veldig imponert over.

Kva ønsker du deg for folkemusikken og folkedansen i 2026?

At det skal halde fram som no, for no er det så veldig bra.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024