
Konsertrekka Hilme året rundt inviterer til eit variert vårprogram i 2026, med både konsertar, dansekonsertar og familieforestilling.

Sudan Dudan, her frå jubileumskonserten i Bergen, er ein av mange programpostar hjå Hilme året rundt i vår. Foto: Thor Brødreskift/FolkOrg
Tekst: Pressemelding/redaksjonen.
Publikum kan møte både lokale folkemusikkutøvarar og artistar frå andre delar av landet. Som tidlegare er det gratis inngang for barn og unge opp til 18 år.
Programmet startar 8. mars med Kvinnedagsfest og konsert med Ingeborg Onstad og Elias Wallumrød. Vidare følgjer Påskefesten 28. mars, der duoen Sudan Dudan spelar saman med vinnarar av Drømmestipendet.
3. mai blir det familieforestillinga Tvillinglyrene med Martin Steinum Brun og Silje Onstad Hålien. Vårsesongen blir avslutta 5. juni med konserten 50-7-52 – runddansmusikk frå Hallingdal, der Arne Anderdal og Jo Asgeir Lie står på scena.
Alle arrangementa går føre seg i Festsalen på Valdres folkemuseum i samarbeid med Valdresmusea, med unntak av Påskefesten som blir arrangert på Tingvang i samarbeid med Øystre Slidre spel- og dansarlag og Øystre Slidre kommune. Kvinnedagsfesten blir arrangert i samarbeid med Internasjonalt kvinneforum.
Som ei nyheit denne sesongen tilbyr arrangøren sesongkort for våren 2026. Kortet vil løne seg for dei som planlegg å gå på tre eller fleire arrangement.
Konsertrekka Hilme året rundt er støtta av Norsk kulturråd og Regionalt kulturfond Innlandet.
Meir informasjon om programmet finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
