Folkemusikk logo
Logo

Folkemusikk 1/2026

Neste nummer av Folkemusikk er like om hjørnet, så det er ikkje lenge før abonnentar kan ta seg ein målretta tur bort i postkassa. Les meir om innhaldet i Folkemusikk 1/2026 her. Her finn du også informasjon om korleis du kan få kjøpt dette nummeret i laussal og/eller bli fast abonnent av magasinet.

I årets fyrste nummer av Folkemusikk kan du mellom anna møte Tom Willy Rustad.

Ikkje abonnent? Ting abonnement her

Du kan tinge abonnement av Folkemusikk her. Lenke til et annet nettsted. Du vil få ettersendt dette nummeret om du tingar abonnement no.

Tidlegare utgåver av Folkemusikk kan kjøpast på Tekstallmenningen. Lenke til et annet nettsted.

Innhald Folkemusikk 1/2026

Tom Willy Rustad vart i fjor heidersmedlem i FolkOrg etter fleire tiår i folkemusikkens teneste. Me møtte multiinstrumentalisten heime på Hundorp. Du kan elles få møte primus motor for Dans Dans Dans, Rannveig Øygardslia, blåsemakar Karstein Grønnesby og ikkje minst folkemusikkstudieleiar på NMH, Unni Løvlid.

I sumar møtest Folkemusikk-Noreg i Setesdal, og me har tatt ein prat med arrangørane som lovar «compact games». Setesdal er elles i vinden for tida med eigen TV-serie, og utøvarar på fleire instrumentgrupper fattar interesse for den suggererande tradisjonsmusikken – som no også kan høyrast på synth! Les elles om folkemusikk-app-utviklar Hans Martin Austestad og Sigrid Moldestad som har starta nytt plateselskap.

I midten av januar gjekk det ein buss frå Oslo til København fylt med folkemusikkentusiastar som ville få med seg storhendinga då Tuvas Blodklubb emigrerte til den danske hovudstaden for ei helg. I januar gjekk Dans Dans Dans av stabelen med særs godt besøk, og Sunniva Langås-Røiland har gjort ein reportasjetur på det svært omfattande programmet.

Me fekk også ta del i ei storhending då nokre av Telemarks fremste folkemusikarar fekk høve til å bli dokumenterte på voksrull! Me har elles vore innom Folkemusikktreffen i Vågå, 30-årsjubileet for folkemusikkstudiet på NMH og Vinterkappleiken i Rauland mellom anna.

I fagpratdelen av bladet kan du denne gongen lesa Per Anders Buen Garnås sin biografiske artikkel om fjorårets 200-årsjubilant, Leiv Sandsdalen. Ein annan jubilant i fjor, Per Bolstad, har vorte minna med både bok og arkivplate. Signe Gjessing har skrive ein artikkel basert på forskingsarbeidet hennar om folkemusikk frå Oslo. I tillegg kan me få lesa om eit Amerikabrev som dukka opp i Ålen på midten av førre hundreår med slåttemusikk frå Sunndalen!

Også denne gongen er det store mengder grundige og fagleg funderte meldingar av produksjonar frå folkemusikkverda, og me får også møte ei plateaktuell fele som er minst 250 år gamal! Dei som fylgde godt med i folkemusikkåret 2025 kan elles bryne seg på ein quiz i dette nummeret.

NB! Tre saker frå førre nummer sneik seg med i innhaldslista i dette nummeret (i den trykte utgåva). Om du ikkje finn dei att i bladet, kan du då lesa dei i Folkemusikk 4/2025. Me seier oss leie for dette slurvet!

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024