Folkemusikk logo
Logo

Første artistslepp frå Telemarkfestivalen 2026

Telemarkfestivalen har sleppt dei første namna til festivalen i 2026, som går føre seg i Midt-Telemark 6.–9. august. Programmet omfattar både markante norske folkemusikarar, internasjonale artistar og konsertar på fleire av festivalen sine faste arenaer.

Magnhild Garnås Haugen går i fotspora til bestemora Agnes Buen Garnås når ho med fullt band framfører Rosensfole under Telemarkfestivalen i sumar. Fotokollasj: Telemarkfestivalen.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Blant dei første artistane som er klare finn ein fleire sentrale namn frå norsk folkemusikk. På Kroa i Bø blir det konsert med prosjektet «Arven etter Agnes», der Magnhild Garnås Haugen framfører musikk frå albumet Rosensfole, opphavleg gjeve ut av Agnes Buen Garnås og Jan Garbarek i 1989.

I Konsertlåven i Bø blir det laurdag konsert med fleire meritterte utøvarar frå Agder: Kirsten Bråten Berg, Leiv Solberg, Åsmund Solberg og Johanne Flottorp.
– Det er ei heilt eigen atmosfære i Konsertlåven, der publikum og artistar kjem usedvanleg tett på kvarandre, fortel festivalsjef Kristoffer Mosfjeld.

Johanne Flottorp skal mellom anna ha konsert saman med far og son Solberg, og Kirsten Bråten Berg. Foto: Telemarkfestivalen.

Internasjonalt besøk og Vest-Telemark-profil

Den amerikanske folkemusikaren Sam Amidon kjem til festivalen fredag 7. august med konsert i Bakgården i Bø, ei ny konsertscene festivalen skal drive i samarbeid med Bø Jazzklubb.
– Me ser eit stort potensiale i Bakgården, og under sjølve festivalen vil dette vere festivalen sitt hjarte, seier Mosfjeld.

På Kroa i Bø same kveld står også AySay og Reolô på programmet.

Reolô med Anders Røine, Hans Hulbækmo og Kjorstad-brørne skal spela på festivalkveld på Kroa i Bø. Foto: Eirik Havnes.

 I Sandvinparken legg festivalen opp til ein eigen Vest-Telemark-kveld med Odd Nordstoga, Marie Tveiten og E-76.
– Ein kan seie at denne kvelden vil vere ein hyllest til Vest-Telemark og all den flotte musikken som kjem frå denne delen av fylket vårt – ein skikkeleg Vest-Telemark-fest rett og slett, seier Mosfjeld.

 Festivalen blir avslutta sundag 9. august med konsert av Jonas Alaska, som har med seg Johanne Flottorp på scena. Fleire artistar til årets festival vil bli kunngjorde seinare.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024