
I helga er det Buskerudkappleiken i Sigdal, og kappleiken startar i kveld med ein ungdomskonsert, der eit nytt rekrutteringsarbeid på tvers av kommunegrenser viser at det gror godt i distriktet. Steinar Strøm er ei av lærekreftene bak dette prosjektet, og han er vekas gjest i Fredagspraten.
%20Bilde%2023.09.2025,%2014%2056%2059.jpg)
Steinar Strøm er klar for Buskerudkappleiken i helga. Foto: Tonje Kaugerud
Tekst: Johanne Flottorp
Steinar Strøm er kappleiksgeneral i helga, og når han ikkje jobbar som bygningsteknikar eller jobbar med diverse prosjekt om slåttar og spelemenn frå Sigdal, er han kulturskulærar og leiar i spelemannslaget der.
Høyr Steinar Strøm spela "Springar etter Helje Reistad" på plata Blåmåndagen, som han gav ut på Ta:lik i 2015.
I haust tok han initiativ til eit nytt rekrutteringsprosjekt med elevar frå Sigdal, Numedal og Kongsberg. Steinar fortel at Sigdal ofte «mistar» ungdommane sine når dei reiser ut for å gå på vidaregåande og tek vidare utdanning, og at dette var noko han byrja å prate med Synne Frogner i Numedal og Erling Halling på Kongsberg om.
Det viste seg at dei også ofte opplevde det samme. Dei byrja å gruble litt saman, og fann fort ut at dei ville lage eit supplement til Barne- og ungdomssamlinga, som er eit årleg arrangement i Prestfoss. Det nye rekrutteringsarbeidet skulle ha fleire samlingar, og rullere mellom ulike stader.
– Det er mange som byrjer å føle seg for gamle for barne- og ungdomssamlinga når dei kjem på ungdomsskulen, så då blir det kanskje det siste året deira. Så det er dei me ville lage eit tilbod for, dei eldste på barneskulen og heile ungdomsskulen. Me ville også fylle eit rom mellom dei som er på barne- og ungdomssamlinga og Talentskulen, fortel Steinar.
Talentskulen i Buskerud er drifta av Buskerud folkemusikksenter og rettar seg mot dei som er litt eldre og som ynskjer å fordjupe seg i hardingfele og vokal.
I det nye rekrutteringsprosjektet har Sigdal spelemannslag, Numedal spel- og dansarlag og Kongsberg spel- og dansarlag gått saman. Det har vore om lag 15 ungdommar med på prosjektet, og for å gjere slik at alle føler seg vel på samlingane, har Steinar og dei andre instruktørane kome fram til ein lur måte å organisere det på.
– Me var klar over at elevane var på veldig ulike nivå, og ungdommar kan vere sårbare. Så me bestemte oss for at samlingane ikkje skulle handle om slåttelæring, men rett og slett om samspel og det sosiale. Slåttane var me einige om, så dei lærte kulturskulelærarane ut på førehand, fortel han.
Dermed har det blitt god tid til å øve på samspel når dei har møttest.
Då dei hadde evaluering på den siste samlinga, var dette noko ungdommane sjølv trakk fram som veldig positivt. Det var ufarleg å komme på samling, og det var ingen som hadde kjensla av at dei ikkje fekk ting til eller lærte seinare enn andre.
– På den måten hadde alle sin eigne suksess. Det var litt ålreit, seier Steinar.
Prosjektavslutninga blir i samband med Buskerudkappleiken i helga, og i kveld står deltakarane i prosjektet, pluss nokre andre ungdommar frå laga, klare for å halde konsert.
Før kappleiken er kappleikssjef Steinar Strøm håpefull, men spent.
– Det er lenge sidan me har hatt kappleik i Sigdal. Me erfarer at Buskerudkappleiken svingar veldig, litt avhengig av kvar den er. Men eg håper det blir bra. Erfaringsvis melder dei fleste seg på mot slutten, eller samme dag, seier han.
Kappleiken blir i år arrangert på Prestfoss ungdomsskule, rett ved Folkemusikksenteret.

Steinar Strøm. Foto: Tonje Kaugerud
Namn: Steinar Strøm
Fødd: 1968
Kjem frå: Sigdal
Bur i: Lyngdal i Numedal
Yrke: Byggteknikar og kulturskulelærar
Kvifor spelar du?
Eg er oppvaksen med mykje musikk i familien, og bestefar min laga fele for å kunne spele på denne sjølv. Men han knuste handa si i ein valse, og då fela kom til oss greidde eg ikkje halde meg unna den. Eg måtte berre stryke på den, sjølv om eg ikkje fekk lov. Så då blei eg sendt på kurs. Eg var vel 9-10 år den gongen, og eg var den einaste gutungen i Sigdal som spelte på den tida. Men eg syntest det var ålreit, og hadde aldri den krisa i ungdommen der eg ikkje hadde lyst til å fortsette.
Det var nok spesielt to ting som gjorde at eg heldt fram; det var morosamt å spele, og så blei eg betatt av det å sitje og høyre historiar om spelemenn og feler. Eg har alltid vore glad i å høyre folk fortelje. Så eg gledde meg alltid til å komme på øving. Og så klaffa eg veldig godt ilag med Nils Stubberud som blei læremeisteren min.
Høyr Nils Stubberud spela Raumyrlåtten her:
Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Det var her i kommunen, med Gladgjengen, som er eit vaksenkor. Sigdal har alltid vore ein bra kulturkommune, både innan musikk, idrett og kunst.
Kva er den siste folkemusikklitteraturen du las?
I det siste har eg bladd litt i boka om Myllaren og Gibøen, og før det var det eit hefte om Svein Løndal. Elles blir det mykje lesing i samband at eg skriv, men då er det helst tråling av bygdebøker, avisutklipp og så vidare. Men det blir meir leiting enn avslappa lesing.
Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Eg har ein gammal kassett med Bjarne Herrefoss der han speler Ligangaren og Hellosen utrulig bra. Det er sjelefred. Men så er eg oppvaksen med Pink Floyd, så då må eg også svare Dark Side of the Moon.
Nemn ei av dei største folkemusikkopplevingane du har hatt.
Det var ein gong på Ål-dagane, som i dag er Folkemusikkveka. Me var fleire ungdommar saman og hadde det moro. Eg hugser Leif Rygg kom forbi og sa at «no må de bli med, for no skal Hans Brimi spele konsert i gamlestugo». Han sa det på ein slik måte at her var det ikkje noko val. Men det var ei positiv oppfordring. Harald Knutsen, Egil Syversbråten og eg låg oppå hemsen i stugo der. Hans hadde ein ro i spelet, og eg duppa av, vakna, og hugser bare ei veldig god kjensle. Eg er veldig glad i konsertar med lite volum, og her kom me tett på mannen Hans Brimi. Så den kjensla kan eg kjenne godt endå.
Kva ønsker du deg for folkemusikken og folkedansen i 2026?
Det er jo eigentleg god aktivitet nå. Sjølv ønsker eg å få høve til å spele meir til dans her lokalt. Elles håper eg at folkemusikken held fram med å vere i den fine stimen me er i no. Her i fylket er det opna for å søke meir prosjektmidlar knytt til folkemusikk og folkedans, og det er veldig bra.
Sist oppdatert
