
Ein feiande flott ungdomskonsert opna årets Buskerudkappleik i Prestfoss, der både nye talent og etablerte utøvarar sette sitt preg på ei vellukka kappleikshelg.
Fire kappleiksentusiastar som har kome i opprop: Syver Rolandsgard Hauge, Kjetil Meberg Myhren, Mattias Thedens og Jon Kjøntvedt. Foto: Åshild Wetterhus.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Buskerudkappleiken i Prestfoss i Sigdal fekk ein inspirerande start då ungdommen sjølv tok scena fredag kveld. Ein feiande flott konsert samla unge utøvarar på hardingfele, song og munnharpe frå Sigdal, Numedal og Kongsberg – eit tydeleg prov på at det gror godt i regionen.
Steinar Strøm med deltakarane i ungdomsprosjektet. Foto: Åshild Wetterhus.
Bak satsinga står initiativtakar Steinar Strøm, som saman med Synne Frogner og Erling Halling har bygd opp eit samarbeid på tvers av kommunegrensene. Prosjektet, som starta hausten før, omfattar no 15 ungdomar og har alt vorte eit viktig møtepunkt for unge folkemusikarar.
To ivrige dansarar under Sjokoladekappleiken. Felespelar er Synne Frogner. Foto: Åshild Wetterhus.
Laurdag heldt kappleiken fram på Prestfoss samfunnshus, der Sigdal Spellemannslag for første gong på 40 år stod som arrangør for eit solid gjennomført stemne. Om lag førti innslag utgjorde årets tevling, med deltakarar i fleire klassar og eit breitt uttrykk av både tradisjon og personleg stil.
Dømminga vart teken hand om av eit kyndig domarpanel med Sverre Heimdal, Gunleik Bondal, Elisabeth Ellingsen, Ole Arnfinn Hagen, Lajla Storli og Bjørn Laupsa Borge.
Eit av høgdepunkta under kappleiken var utdelinga av Buskerud folkemusikklag sin Positivpris for 2026, som gjekk til Steinar Strøm.
Steinar Strøm fekk Positivprisen. Foto: Åshild Wetterhus.
I grunngjevinga vart det løfta fram korleis han står støtt i sin eigen sigdalstradisjon, samstundes som han evnar å formidle ho vidare med både presisjon og stoltheit.
Som utøvar, pedagog og organisator har han gjennom mange år vore ein berebjelke i miljøet, ikkje minst gjennom arbeidet som musikalsk leiar i Sigdal spellemannslag og som drivkraft for opplæring av nye generasjonar.
Særleg vart ungdomsprosjektet trekt fram som eit døme på hans evne til å sjå og utvikle kvar enkelt elev.
Erling Halling, Synne Frogner og Steinar Strøm har dratt i gang eit stort rekrutteringsprosjekt som gjorde seg sterkt gjeldande under Buskerudkappleiken. Foto: Åshild Wetterhus.
Blant klassevinnarane i årets kappleik fann ein fleire sterke prestasjonar, der både etablerte namn og nye talent markerte seg. Med ein vellukka kappleik i ryggen går stafettpinnen vidare til Gol, som står som arrangør for Buskerudkappleiken neste år.
Buskerudkappleiken 2026 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
