Folkemusikk logo
Logo

John André Eira ny landsdelsmusikar i joik

Denne veka hadde John André Eira sitt første oppdrag som fylkesjoikar då han opna fylkestinget i Troms på onsdag. Dei neste to åra skal han reise rundt og joike for store og små i landsdelen.

John André Eira på sitt første oppdrag som fylkesjoikar Foto: Victor Omma, Troms fylkeskommune

John André Eira på sitt første oppdrag som fylkesjoikar, under opninga av fylkestinget i Troms denne veka. Foto: Victor Omma, Troms fylkeskommune

Tekst: Johanne Flottorp

– Heilt sidan 1999, då Inga Juuso blei tilsett som landsdelsmusikar i joik, har fylkeskommunen hatt stillinga som er kjent som «fylkesjoikar». Denne stillinga har vore eit viktig bidrag til å synleggjere og utvikle samisk musikk og joik i landsdelen. Tilsettinga av John André Eira viser at fylkeskommunen vidarefører dette viktige arbeidet på ein svært god måte i tida som kjem, seier fylkesordførar Kristina Torbergsen i ei pressemelding.

Det er Scene Nord og Troms fylkeskommune som står bak stillinga, som er på 50 prosent. Tilsettinga er for to år.

John André Eira frå Máze er mellom anna kjent som frontfigur i bandet Gabba, som dei siste åra har vist seg som eit sjangerblandande band å rekne med. For debutalbumet deira fekk dei Spellemann, og i fjor kom oppfølgjaren til denne plata. No skal Eira inn i ein ny jobb han gler seg til å ta fatt på.

Joike på bestilling og ved behov

I tillegg til nemnde Inga Juuso, har joikarar som Niko Valkeapää og Marja Mortensson også hatt jobben som fylkesjoikarar før John André Eira.

– Det er ei stor ære å føye seg inn i den rekka, og fantastisk å få ta den stafettpinnen vidare, seier han.

Jobben inneber at John André Eira skal reise rundt i regi av Scene Nord og fylkeskommunen.

– Eg skal reise rundt i heile vår langstrakte landsdel og joike på bestilling og ved behov. Anten for meg sjølv eller saman med andre landsdelsmusikarar, fortel Eira.

Fylkestinget i Troms likte det dei høyrde då John André Eira opna møtet  Foto: Victor Omma

Fylkestinget i Troms likte det dei høyrde då John André Eira opna møtet deira på onsdag. Foto: Victor Omma, Troms fylkeskommune

 Det var i november i fjor at Eira sendte inn søknad til stillinga som landsdelsjoikar. Han har søkt ein gong tidlegare også, men då fekk han ikkje jobben.

– No fekk eg tips om at stillinga var utlyst igjen, så då sende eg inn søknad på nytt, fortel han.

Dei neste to åra skal han joike for folk i alle aldrar rundt om, med publikum i alt frå barnehagar til eldresenter.

Vise dei minste at joik finst

Eira meiner ei stilling som landsdelsmusikar i joik er viktig for å bidra til endå større synlegheit for den samiske musikken. Han ser fram til å joike for alle moglege publikumsgrupper, og meiner det er spesielt hos dei minste, og dei eldste, at det er viktig å vise fram joiken.

– Hos dei små er det viktig å kanskje engasjere dei til å byrje å joike sjølv, og å få bevisstgjort frå ein ung alder at joik er noko som finst. Å reise rundt til dei gamle, som kanskje ikkje får oppleve joiken i det daglege, er også fint.

Eira bur i dag i Oslo, så han er førebudd på at det blir ein del reising i samband med den nye jobben. Førebels er ikkje turneane hans lagt, for arbeidet i stillinga er heilt ferskt, med oppstart på fylkestinget denne veka.

– Det blir nok mykje pendling til tider, men det gjer meg ingenting. Eg er glad i å reise, seier han.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024