
Med Dålågjel utforskar Hans P. Kjorstad og eit sterkt lag medmusikarar korleis arkivopptak kan få nytt liv. Resultatet er eit konseptuelt album bygd på kjelder frå ulike delar av landet – gitt ut på kassett!

Hans P. Kjorstad løftar fram arkivgull i ny produksjon. Foto: Johannes Selvaag.
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
På Dålågjel er det ikkje berre éin utøvar som fører ordet. Saman med Rasmus Kjorstad, Helga Myhr, Kenneth Lien og Astrid Garmo har Hans Kjorstad utvikla eit prosjekt der kvar stemme er bygd opp i tett dialog med arkivmaterialet.
Metoden har vore like enkel som krevjande: éin og éin musikar har vorte spela inn medan dei lytta til arkivopptak.
– Eg tok opptak av éin og éin utøvar, og kvar utøvar spelt inn med arkivopptaket på øyra. Det er klin umogleg å få det heilt likt, og då måtte eg av og til flytte på litt rytmikk.
I etterarbeidet vart dei historiske opptaka brukte som referansepunkt, og små justeringar gjorde for å kome tettare på kjeldene. Samstundes låg det eit tydeleg kunstnarleg premiss bak:
– Poenget var å prøve noko nytt. Det var spennande å sjå kva det vart til. I staden for at éin skulle bestemme korleis ein skulle tolke arkivopptaket.
Resultatet er eit kollektivt uttrykk med individuelle tolkingar og ofte med vekslande roller, som når ulike musikarar fører an i slåttar som «Spakroleiken» (Astrid Garmo), «Dansar-Eli» (Rasmus Kjorstad) og «Leiken hass Jakup» (Hans Kjorstad).
Kjeldene i sentrum
Plata hentar materiale frå ei rekkje kjelder: frå Jørgen Tamnes og Magne Eggen Haugom i «Litj-Brekkingen», via slåttetradisjonar etter Knut Vågen formidla gjennom Trygve og Kjetil K. Vågen, til hallingtonar etter Sevat Sataøen og Tor Grimsgard. Her er også ottadalsstoff etter Emil Bruheim (via Alfred Bismo), og ikkje minst «Faremoslått» etter Andres K. Rysstad og Knut Heddi frå Setedal. Også Valdres med Barbro Myhre sin versjon av «Rødalsuksin» er representert.
Kjorstad fortel at utvalet i stor grad har vore styrt av lytting og intuisjon.
– Dei opptaka eg har plukka ut har intuitivt vore fine å høyre på. Det er visse ting smaken leiar mot.
Eit døme er den pietistiske folketonen etter Gro Såvesdotter Berg, som kjem att i to versjonar på plata.
– Det er ein melodi du ikkje gløymer så lett. Det let nesten orientalsk!
Kjorstad trekker også fram Trygve K. Vågen si plate Gibøspel, som han tilfeldigvis fekk kjøpt på Finn.no for 10 kr.
– Det er noko av det beste eg veit på hardingfele. Det er flott spel utan store fakter og er ein stor inspirasjon.
Samtidig ønskjer han å utfordre ei for rigid forståing av geografiske skilje i folkemusikken. Utøvarar alltid har lånt og valt på tvers av slike grenser, peikar han på. Materialet på plata spenner over Østerdalen, Gudbrandsdalen, Hallingdal, Valdres, Setesdal og Telemark, og sjølv om Kjorstad har stor respekt for regionale stilartar, innrømmer han at det er spennande å gå litt utanfor sitt eige tradisjonsområde.
– Det var eit poeng at det skulle vera i litt ulike geografiske område. Sjølv om vi er overvekt med gudbrandsdølar, har Helga ein tydeleg hallingtradisjon. I tillegg hadde Astrid frå Lom og Kenneth frå Lillehammer hardingfele som hovudinstrument på NMH og spelte mykje forskjellig der.
Sjølv om kjeldene er gamle, er klangverda utvida. Hardingfele, fele og langeleik blir kombinerte med munnharpe, lyre og instrument som swarmandal, tanpura og harmonium.
Kjorstad har henta inspirasjon frå indisk musikk, og opplevde tidleg at desse instrumenta kunne spegle og forsterke eigenskapar som allereie ligg i slåttane.
– Arrangementa vart heilt forskjellige frå lått til lått. Det handla om å finne ut kva som er mest intuitivt spennande i dette opptaket. For eksempel har «Halling etter Emil Bruheim» litt haltande takt, det blir til at ein dreg litt ekstra på eit slag, og då blir det nesten litt Balkan-takt. Visse slåttar har tema som går att, og då kan du laga riff og ostinat ut frå dette.
Ofte fekk Kenneth Lien og Rasmus Kjorstad i oppgåve å spele dette på lyre og langeleik, medan nokon andre spelte melodien.
Dålågjel-gjengen under Motvind-festivalen i 2022.
Samtidig har studioarbeidet gitt nye moglegheiter samanlikna med konsertversjonen frå 2022 då dei spelte live.
– Plata er gjennomprodusert, seier han, og trekkjer fram samarbeidet med miksar Joar Renolen som avgjerande for å realisere ideane.
Arbeidet i studio gjorde det mogleg å gå heilt ned i detaljane – noko som også kunne vere ei utfordring live:
– Eg var kjempestressa då vi under liveframføringa for eksempel spelte «Faremoslåtten» etter Andres K. Rysstad. På plata spelar vi akkurat forma han spelte, som han sikkert improviserte. Om ein skal hugse på alt dette live, så blir det mykje å tenkje på.
At Dålågjel kjem ut på kassett, er eit bevisst val som heng tett saman med både estetikk og materiale.
– Denne musikken passar veldig godt på kassett! Eg vaks opp med kassett delvis, og den har ein eigen lyd.
Sjølv om noko av frekvensane forsvinn, meiner han formatet tilfører ein eigen karakter. Kassetten representerer også ei historisk linje tilbake til kjeldene:
– Dei arkivopptaka vi har brukt er stort sett spelt inn på band.
Eit viktig mål har også vore å peike tilbake mot sjølve arkiva, og i tekstmaterialet finn ein referansar til kor ein kan høyre originalane.
– Poenget er at vi skal inspirere til å høyre på arkivopptak. På Spotify kan du finne mykje fint, men det meste er jo ikkje der.
Sist oppdatert
