
Bendik Smedåsgjelten Qvam og Synnøve Brøndbo Plassen stakk i kveld av med Spellemannprisen i klassa for tradisjonsmusikk. Frå scena takka dei mange hundreår med kjelder.

Qvam/Plassen på Folkelarm i 2025. Foto: Flora Wiederkehr
Tekst: Redaksjonen
Etter fleire år borte frå TV-skjermen, er Spellemann i år tilbake på NRK, med direktesending frå Operaen i Oslo.
Det var Fred Buljo og Klemet Buljo som delte ut prisen for tradisjonsmusikk.
– Tradisjonsmusikk handlar ikkje bare om fortida, men om det som lever vidare, å ta med seg røtene og gje dei nytt liv, sa dei to frå scena.
Etter vignetten som viste dei nominerte, kunne dei utrope Qvam/Plassen med plata Stråk til vinnarar, og det var to glade musikarar som reiste seg og gjekk opp på operascena.
– Nei, så dæven, dette var svert, sa Qvam etter at dei hadde fått bronseharpa overrekt.
Han takka vidare plateselskapet Melovitten og Øra Studio med Jo Ranheim og Karl Klaseide som har fått plata til å låte bra. Han takka også juryen og alle som har høyrd på plata.
– Me må også nemne at det er ei stor takknemlighet i det å få vere med på å fortvalte den her musikken. Tusen takk til alle dei som opp gjennom mange århundre som har valgt å gje denne musikke vidare, og som kan gjer at me får lov til å bade i den her nydelege tradisjonsmusikken, følgte Plassen opp med.
Dei andre nominerte i klassa tradisjonsmusikk, var Hekate (der også Synnøve Brøndbo Plassen er med), Kenneth Lien & Center of the Universe og Malmin med Åshild Vetrhus.
Prisutdelinga varer langt utover søndageskvelden, og folkemusikken er godt representert i fleire andre kategoriar.
Sist oppdatert
