Folkemusikk logo
Logo

Fleire studievegar i folkemusikk og folkedans enn nokon gong

I desse dagar skal tusenvis av unge ta eit av dei viktigaste vala dei gjer: kvar dei vil studere neste år. For dei som er interesserte i folkemusikk og folkedans, har tilbodet aldri vore breiare, og det finst fleire inngangar, både i høgare utdanning og på folkehøgskule.

Folkedans kan studerast på ulike nivå både i Rauland og Stavanger i haust. Foto: Flora Wiederkehr/USN.

Tekst: Redaksjonen

Sjølv om søknadsfristen til NMH og Ole Bull Akademiet allereie har gått ut, er det framleis moglegheiter for dei som vil inn i fagfeltet frå hausten.

For dei som vurderer høgare utdanning til hausten, er det særleg eitt tidspunkt å merke seg: 15. april. Noregs musikkhøgskole Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og Ole Bull Akademiet Lenke til et annet nettsted., har neste søknadsrunde først til hausten, med søknadsfrist 15. desember.

Rikt tilbod i Rauland

Ved Universitetet i Søraust-Noreg, campus Rauland, er søknadsfristen 15. april for studium i folkemusikk Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og folkedans Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Her kan studentar velje mellom bachelor i folkedans og bachelor i folkemusikk, og begge studia kombinerer praktisk utøving med teoretisk kunnskap.

Bachelorstudiet i folkedans legg vekt på både tradisjon og nyskaping. Studentane arbeider med danseteknikk, kjeldemateriale og scenisk formidling, og får erfaring med koreografi og produksjon. Samstundes blir det lagt vekt på kropp, helse og førebygging av skadar. Eit tett samarbeid med folkemusikkmiljøet er ein viktig del av studiet, og studentane får møte både utøvarar, pedagogar og forskarar gjennom studieløpet.

På folkemusikkstudiet står hovudinstrumentet sentralt, med individuell undervisning gjennom alle tre åra. Studiet omfattar både utøving, tradisjonskunnskap og formidling, og gir ei brei innføring i folkemusikken sin kulturelle og samfunnsmessige kontekst. Studentane arbeider også med analyse, etnomusikologi og eigne prosjekt, fram mot ei bacheloroppgåve i tredje studieår.

Felles for studia er eit aktivt miljø med konsertar, framsyningar, festivaldeltaking og studieturar, der studentane får prøve seg i møte med publikum og bransje.

Folkehøgskule som inngang

I tillegg finst det fleire folkehøgskular som har folkemusikk eller folkedans som tilbod.

På Sund folkehøgskole på Inderøy Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. ligg tyngda på samspel og gehørbasert læring. Elevane arbeider med norsk og nordisk folkemusikk, men får også møte samiske og andre tradisjonar. Undervisninga skjer i stor grad i spelemannslag og mindre grupper, med noko individuell oppfølging.

Skulen legg vekt på å utvikle eit eige uttrykk, og gir også innblikk i handverket bak musikken, som instrumentbygging. Gjennom året deltek elevane på festivalar og arrangement, som Hilmarfestivalen og Rørosmartnan, og kan arbeide mot deltaking på kappleikar. Samarbeid med mellom anna Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans gir nær kontakt med fagmiljøet.

Ved Stavanger Urban folkehøgskole Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er inngangen lågterskel og sosial. Linja i folkedans krev ingen forkunnskapar, og tek utgangspunkt i dans som møteplass. Elevane arbeider med eit breitt repertoar – frå runddansar som vals og polka til bygdedansar som springar og gangar – og utforskar samanhengen mellom dans, rytme og musikk. Målet er ikkje perfeksjon, men meistring og flyt. Samstundes blir elevane del av eit aktivt dansemiljø i byen, med arrangement og samarbeid med lokale aktørar.

 På Toneheim folkehøgskole Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er tilbodet meir retta mot fordjuping på instrument. Elevane får individuell undervisning på hovudinstrument som hardingfele, fele, trekkspel eller folkesong, kombinert med samspel i ensemble og spelemannslag. Gehørtrening og musikkteori inngår, og det er høve til å utforske folkemusikken i møte med andre sjangrar. Skulen legg også stor vekt på det sosiale miljøet og nettverksbygging, både gjennom undervisning og livet på internatet.

Fleire vegar vidare

Felles for tilboda er eit år med mykje praktisk arbeid der ein spelar, dansar og utviklar seg i tett samspel med andre. For somme blir det eit springbrett vidare til studium, for andre eit sjølvstendig år med fordjuping i tradisjonsmusikken.

Utdanning innan folkemusikk og folkedans kan opne for ulike karrierevegar som utøvar, pedagog, kulturarbeidar eller forskar. Samstundes er studia også relevante for dei som ønskjer å kombinere tradisjonskunst med andre uttrykk og fagfelt.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024