
Dei siste vekene har fleire folkemusikkartistar lansert nye singlar, med utgangspunkt i både munnleg tradisjon, samarbeid på tvers av sjangrar og bestillingsverk til fjernsyn.

Tekst: Redaksjonen
«Gard og grind» er skriven av Sudan Dudan og har tekstleg utgangspunkt i materiale frå Valdres. Fragment av gåter og slåttestev er omarbeidde og sette saman til ei ny vise med trekk frå aukeviseforma.
Musikken oppstod i ein improvisasjon mellom Marit Karlberg (vokal, lyre) og Anders Erik Røine (vokal, gitar, fele), og er seinare arrangert for eit ensemble med Magnus Skavhaug Nergaard (bass) og Hans Hulbækmo (perkusjon, orgel, munnspel).
Singelcoveret er fotografert av Røine ved Tåbakktjednet i Beito i Valdres.
Bandet Gangar har gitt ut fleire singlar i forkant av albumet Dreng. «Bom Bom», som kom i februar, tek utgangspunkt i ein slått knytt til tralling og munnleg tradisjon. Låta er inspirert av ein versjon framført av Synnøve Brøndbo Plassen, som også medverkar på innspelinga saman med Martin Steinum Brun (vokal) og Karl Seglem (bukkehorn).
Arrangementet er utvikla av Mattias Thedens og Jonas Thrana Jensen, med bidrag frå Richard Max, medan Håkon Iversen er produsent.
«Eg er liten», som kom i mars, er den fjerde singelen frå albumet og er eit samarbeid med Bare Egil. Tekstmaterialet byggjer på slåttestev frå Telemark (etter Hillborg Romtveit) og Vest-Agder (etter Magnus Øyslebø), kombinert med ein halling etter Olav Berge.
Bandet har sett saman desse kjeldene til eit nytt arrangement der hardingfele og bandinstrument inngår.
Folksomt er eit prosjekt der element frå norsk folkemusikk blir kombinerte med elektronisk produksjon. «Sumar til vetter» er basert på ei vise frå Eksingedalen, formidla vidare av songaren Berit Opheim.
Prosjektet består av Jonas Særsten (synt/trommemaskin), Lovise Espeland (vokal), Johanna Seim (hardingfele), Gaute Ullestad Moen (perkusjon/munnharpe) og Jonathan Krabbe (gitar).
Låta var blant dei første dei arbeidde med i prosjektet.
Odd Nordstoga gav ut singelen «Heime her» 13. mars. Låta er skriven som eit bestillingsverk til TV-serien «Jon blir bonde», der Jon Almaas medverkar.
Songen er knytt til serien sitt miljø på Braarud gard, og teksten tematiserer arbeid og kvardag i landbruket. Ifølgje pressemeldinga har Almaas vore involvert i prosessen frå demo-stadiet.
Folkesongar og låtskrivar Malin Alander sleppte singelen «Minne meg» 6. mars, som del av eit komande album planlagt våren 2026.
Prosjektet er utvikla i samarbeid med eit band beståande av Kalle Moberg (trekkspel), Ester Thunander (fele) og Øystein Aarnes Vik (trommer).
Teksten tek opp tema knytt til minne og tradisjon, og viser til korleis folkesongmateriale og stiltrekk kan førast vidare inn i nytt repertoar.
Sist oppdatert
