Folkemusikk logo
Logo

Først ute til Landskappleiken: – Eg var gira på kappleik!

18 år gamle Vegard Kvestad frå Alver var raskast av alle då påmeldinga til årets landskappleik på Hovden i Setesdal opna i går. No ser toradarspelemannen fram mot sin kanskje mest tradisjonsbevisste kappleik så langt.

Vegard Kvestad spelte på Meisterkonserten i Eidfjord etter å ha vunne Durspel jr. I år er han klar for seniorklassen. Foto: Anders Medhus / Hallingcast AS.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Då påmeldinga til Landskappleiken på Hovden i Setesdal opna, var det ein ung toradarspelemann frå Vestlandet som sat klar. Vegard Kvestad frå Åsgård i Alver kommune hadde førebudd seg.

Her finn du informasjon om korleis ein melder seg på Landskappleiken på Hovden. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

– Eg var gira på kappleik! Eg såg det var sjans til å vinne nokre gratis billettar på opningskonserten, så eg hadde på alarm for å få det med meg, fortel han.

No gler han seg til å ta turen til Hovden, der han skal tevle i durspel senior.

– Eg er spent! Det ser ut til å vera sterke tradisjonar der i Setesdal, så eg trur det blir ein kjekk festival, seier Kvestad.

Hentar fram tradisjonane frå eige distrikt

Årets kappleik blir spesiell for Kvestad. For første gong stiller han med repertoar tydeleg forankra i eige nærområde.

Han har bakgrunn frå miljøet i nabokommunen Osterøy, der han har fått undervisning, mellom anna av spelelærar Kristoffer Kleiveland. Sjølv bur han på fastlandssida av fjorden, noko han presiserer med eit smil er på «riktig side».

– Det er første gong eg kjem på kappleik med repertoar frå mitt distrikt – altså Nordhordland og Osterøy. Det går mykje i springarar og rudlar, fortel han.

Kvestad byrja å spela toradar som sjuåring, først med privattimar i heimbygda, før han etter kvart fekk tilbod om undervisning i Osterøy kommune – eit tilbod han set stor pris på.

Han peikar på at miljøet der har hatt mykje å seie:

– Det er eit veldig bra miljø på Osterøy, men rekrutteringa har vore litt opp og ned. Eg begynte i botnen av ein bylgjedal, men no er det på topp att. Mykje takk vera Kristoffer og Maria Skjeldrum Toppe.

Maria Skjeldrum Toppe og Kristoffer Kleiveland er to sentrale ressursar i miljøet på Osterøy som satsar både på hardingfele og toradar. Foto: Thor Hauknes.

 Dei har med gode hjelparar bygd eit miljø med stor rekruttering innan hardingfele, toradar og dans. Spelelæraren Kristoffer Kleiveland er òg eit naturleg førebilete, men Kvestad hentar inspirasjon frå fleire hald.

– I gamaldansverda er Pål Bratås dritkul med hamborgarane sine, og eg er veldig fan av Inge Gjevre.

Sjølv er han særleg glad i bygdespeltradisjonar når han spelar solo, og ønskjer å løfte dette uttrykket fram på toradar.

– Prøver å ta i toradaren når eg går forbi

Førebuingane til Landskappleiken er av det jordnære slaget.

– Eg prøver å ta i toradaren når eg går forbi han, seier han og ler.

I år har han valt seg ut eit knippe låttar som han kjenner seg trygg på.

– Eg har plukka ut fire–fem låttar som eg har øvd godt inn, og så blir det dei eg føler meg tryggast på.

Like viktig som sjølve tevlinga er miljøet rundt.

– Eg synest det er kjekkast med buskspellivet og campinglivet på ettermiddagen. Dessutan alle inntrykka og motivasjonen ein får av å vera på kappleik.

Han reknar med å få selskap frå heimtraktene:

– Hardingfelegjengen kjem i alle fall, og så blir det kanskje eit par toradarar òg.

Kongepokalfinale gjorde inntrykk

Eit av dei sterkaste minna hans frå kappleiksscena er då toradar fekk konkurrere om kongepokalen.

– Eg hugsar veldig godt då Ole Nilssen vann på Rjukan. Den finalen med Ole, Tom Willy Rustad og Kristoffer gjorde veldig inntrykk!

Kongepokalfinalen på Rjukan gjorde stort inntrykk på den unge toradarspelemannen frå Alver. Vinnaren Ole Nilssen blir her gratulert av dei to andre finalistane Kristoffer Kleiveland og Tom Willy Rustad. Foto: Knut Utler / FolkOrg.

Han meiner terskelen ikkje treng å vere høg for å stille. Han meiner dei fleste vil både få utbytte og kjenne meistring ved å spela to slåttar ein både likar godt og er godt innøvd. Til andre unge som vurderer å melde seg på, er bodskapen tydeleg:

– Meld dykk på! Du får eit heilt anna fokus, og den meistringsfølelsen du får etterpå er veldig kjekk. Og så treng me unge utøvarar på scena!

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024