
Etter kappleikar i Rauland, Sigdal og Kongsberg samla miljøet i Sogn og Fjordane seg på Skei i mars. Fleire kappleikar står att før sommaren.

Eit teikn i tida: Lokalkappleikane har særleg god deltaking i C- og rekruttklassane. Foto: Arve Ullebø.
Tekst: Pressemelding/Redaksjonen
14.–15. mars vart Sogn og Fjordane-kappleiken arrangert på Grand Hotel Skei, med Sogn spel- og dansarlag og Jostedal spel- og dansarlag som arrangørar. Arrangementet fekk mykje ros for god gjennomføring og eit velfungerande samarbeid med hotellet, som dei siste åra har etablert seg som ein solid kappleiksarena.
Rundt 30–35 frivillige stod for alt frå tevlingslogistikk til rigging, kioskvakter og dømming. Med nær fullt hotell, gode fasilitetar og eit aktivt publikum, vart det ei helg prega av både tevling og sosialt samvær.
Vandrepremiane gjekk til fleire markante utøvarar. Mari Andrea Ness og Atle Hoff frå Gaular spelemannslag fekk høgaste poengsum i dans med sin parhalling.

99 poeng: Kari Malmanger vann vokalklassen. Foto: Arve Ullebø.
I songklassa utmerkte Kari Malmanger seg med heile 99 av 100 poeng – same toppnivå som året før. Frida Helene Haltli frå Aurland spelemannslag markerte seg òg sterkt ved å vinne vandrepremie i sitt første møte med kappleiken.
Laurdag kveld vart Folkemusikkprisen delt ut til Håkon Høgemo frå Øvre Årdal – ein sentral utøvar og formidlar med bakgrunn som distriktsmusikar og no førsteamanuensis ved Norges musikkhøgskole, som abonnentar kan lese meir om i Folkemusikk 4/2025 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Gjæv pris: Håkon Høgemo vart heidra under kappleiken på Skei. Foto: Arve Ullebø.
Totalt samla kappleiken 222 deltakarar fordelt på 78 startnummer. Eit særleg høgdepunkt var Smørbukkappleiken, der heile 81 born og unge deltok.

Smørbukkapleik: Etter at nye forskrifter gjorde at ein måtte skrote det innarbeidde sjokoladekappleikomgrepet har kappleiksarrangørane vridd hovudet denne våren for å finne ein erstattar. Kanskje Smørbukkappleik blir den nye nemninga? Foto: Arve Ullebø.
Her fekk publikum oppleve både spel, song og dans frå den oppveksande generasjonen, og arenaen var fylt til randa. I tillegg til tevlinga vart det arrangert leik og dans for dei yngste, leia av Mari Andrea Ness og Kari Malmanger, med musikk frå Ingebjørn Lotsberg og Rasmus Henden.
Sogn og Fjordane-kappleiken er ein av fleire kappleikar som har prega vinteren og våren. Tidlegare har me omtala Vinterkappleiken i Rauland Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., Buskerudkappleiken i Sigdal og Markenskappleiken på Kongsberg Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Seinare i april går Distriktskappleiken for vanleg fele-områda Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. av stabelen på Riksscenen, som for andre år på rad samlar utøvarar innan vanleg fele-tradisjonane. Det blir også arrangert fylkeskappleik for Telemark på Sjodar Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. i juni.
Sist oppdatert
